Rådgjevar/Seniorrådgjevar
Helse Bergen
- Frist 07.02.2025
- Ansettelsesform Fast
Rådgjevar/seniorrådgjevar
Har du lyst på ei viktig deltidsstilling, som kan kombinerast med anna klinisk arbeid eller forsking?
Fagsenter for pasientrapporterte data søkjer etter ein dyktig rådgjevar, som ønskjer å bidra til utvikling og forbetring av helsetenestene gjennom arbeid med pasientrapporterte data. Stillinga er retta inn mot både lokale, regionale og nasjonale oppgåver.
Vi er eit fagsenter som gjev råd og støtte knytt til pasienterfaringsundersøkingar, val og bruk av PRO- og PRE-skjema i klinisk praksis og i ulike forskings- og utviklingsprosjekt. Vi har også ein nasjonal funksjon knytt til å støtte dei nasjonale medisinske kvalitetsregistra når det gjeld pasientrapporterte data.
Arbeidsoppgåver
Gje opplæring, støtte og råd, eller vere ansvarleg for utvikling av leveransar knytt til:
- val og bruk av ulike PRO- og PRE-skjema til ulike formål
- omsetjing og validering av PRO- og PRE-skjema
- utvikling av PRO- og PRE spørsmål/skjema
- analyse og formidling av pasientrapporterte data
- avklaring av juridiske rettar for ulike instrument/spørjeskjema
- utvikling av og gjennomføring av ulike typar spørjeundersøkingar
Kvalifikasjonar
Du bør ha:
- doktorgradsutdanning (ph.d) eventuelt mastergrad/hovudfag som inkluderer bruk av pasientrapporterte data
- god kunnskap om og erfaring med innhenting og analyse av pasientrapporterte data
- erfaring med bruk av generelle IKT verktøy og statistiske analyseverktøy
- gode kommunikasjonsevner, skriftleg og munnleg
- erfaring frå helsesektoren, eventuelt andre store og komplekse organisasjonar
Personlege eigenskapar
Du bør vere/ha:
- gode samarbeidsevner
- sjølvstendig og ansvarsbevisst
- systematisk, nøyaktig og målretta
- serviceinnstilt og omgjengeleg
- positiv haldning til å tileigne seg og dele kunnskap
Vi tilbyr
- Utfordrande oppgåver
- Stimulerande arbeidsmiljø i eit aktivt miljø med høg tverrfagleg fagkompetanse
- Høve til å arbeide i ein nasjonal samanheng
- Fleksibel arbeidstid
- Løn etter avtale og ei god pensjonsordning
Arbeidsstad:
- Helse Bergen HF, Haukeland universitetssjukehus
- Noko reiseverksemd må påreknast
Andre opplysningar:
- Stillingsbrøk: 20-50%
- Tiltreding så snart som mogleg
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
- Bransje: Forskning, utdanning og vitenskap, Helse og omsorg, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Rådgivning
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Rådgjevar, Seniorrådgjevar, Pasientrapporterte data, Kvalitetsregister
Annonseinformasjon
- FINN-kode 389276443
- Sist endret