Elektrikar
Helse Møre og Romsdal HF
- Frist 31.01.2025
- Ansettelsesform Fast
Elektrikar
Bli en del av vårt dynamiske team!
Seksjon for Eigedomsdrift ved Ålesund sjukehus tilbyr varierte og spennande arbeidsoppgåver. Hos oss får du moglegheita til å jobbe både på sjukehuset og andre lokasjonar vi driftar, samt delta i ulike prosjekt. Dette er ei unik sjanse til å bygge kompetanse og utvikle ditt eige potensial i eit støttande og inkluderande miljø.
Vi er ein seksjon med 26 dyktige medarbeidarar som dekker ei rekke fagområde, inkludert elektro, svakstraum, tømrar, gartnar, røyrleggjar, VVS, byggautomasjon, mekanisk verkstad m.m. Vi verdset mangfald og jobbar målretta for å sikre inkludering for alle tilsette.
Vi søkjer ein engasjert elektrikar eller annan kvalifisert person til ei fast 100% stilling. Du vil ha ansvar for drift og vedlikehald av sjukehuset sine telefoni- og alarmsystem.
Hos oss får du moglegheita til å gjere ein forskjell kvar dag!
Søk no! Hugs å laste opp vitnemål, fagbrev, attestar, tenestebevis o.l. som vedlegg til søknad/CV.
Kandidatar vil bli vurdert løpande.
Arbeidsoppgåver
- Drifte og vedlikehalde sjukehuset sine telefoni- og alarmsystem.
- Utføre 1. linjeoppdrag og handtere oppdrag med korte responstider.
- Planlegge og utføre førebyggande vedlikehaldsoppgåver i samsvar med årsplan og gjeldande forskrifter og lovverk.
Aktuelle system:
- Best Pasientsignal
- Ascom alarmsystem for personsøk og overfall.
- Avaya telefonisystemer
- Tetra stansalarmer
Kvalifikasjonar
- Relevant fagbrev som elektrikar, svakstraumelektrikar, E-kom eller telekommunikasjonsmontør.
- Kompetanse og interesse for telefoni, nettverk og generelle ekom-anlegg.
- Du er trygg og dyktig i faget ditt og ønskjer å jobbe med framtidsretta prosjekt som kan vidareutvikle deg.
- Evne til å tenkje løysingsorientert og heilskapleg, ha ei strukturert arbeidsform og ta initiativ til forbetringsarbeid.
- Gode samarbeidsevner og kommunikasjonsevner er viktig.
- Du bidrar til å skape eit godt arbeidsmiljø der trygt og sikkert arbeid er i fokus.
- Fem års relevant erfaring etter fullført utdanning eller avlagt fagprøve er ønskjeleg.
- Norsk som skriftleg og munnleg arbeidsspråk.
- Tilstrekkeleg kunnskap i engelsk, skriftleg og munnleg.
Personlege eigenskapar
- Må ha god systemforståing for tekniske anlegg.
- Vere løysingsorientert og kunne arbeide sjølvstendig, samt i samarbeid med andre.
- Gode samarbeids- og kommunikasjonseigenskapar.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Om arbeidsgiveren
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal
- Sektor: Offentlig
- Sted: Åsehaugen 5, 6017 Ålesund
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Elektriker
- Arbeidsspråk: Norsk
Annonseinformasjon
- FINN-kode 389341506
- Sist endret