Helgestillingar/ferievikarar
Bjørnafjorden kommune Legevakt og legetenester
- Frist 02.02.2025
- Ansettelsesform Fast
Bjørnafjorden og Samnanger legevaktsentral har ledige helgestillingar/ ferievikarstillingar
Bjørnafjorden og Samnanger legevaktsentral har ledig fleire helgestillingar med arbeid 3. kvar helg for sjukepleiar/legevaktsoperatør. Vi treng og ferievikarar for sommaren 2025. Er du utdanna sjukepleiar og heime med barn, held på med videreutdanning eller jobber innen andre deler av helsetenesta er dette unik mulighet til å jobbe ekstra og til å oppretthalda fagkompetanse. Som nyutdanna sjukepleiar er du og velkommen som søkjar. Du vil få god opplæring i et godt arbeidsmiljømiljø med høg fagleg kompetanse. Vaktene på helg varierer fra nattevakter, seinvakter, dagvakter eller langvakter.
Vi ønskjer at du som blir tilsett i helgestilling og kan ta vakter som ferievikar i sommar.
Vil du kun vere ferievikar i sommar, er du og velkommen til å søkje.
Arbeidsstad
Vi held til i breredskapsbygget på Moberg, i same bygg som ambulansetenesta og Brann og redning.
Legevaktsentral for kommunane Bjørnafjorden, Samnanger og Austevoll.
Arbeidsoppgåver
Legevaktsentralen er ei akutt-teneste på dagtid og utanfor legekontora si arbeidstid. Med akutt hjelp meinast: "den helsehjelp som helsetenesta eller ein helsearbeidar er pliktig til å yte utan opphald ellersnarast når hjelpa er påtrengande nødvendig for å avverge fare for akutt dødsfall, akutt betydeleg helsetap eller avhjelpe alvorlege smertetilstander».
Oppgåvene på legevakta er å svara på henvendelsar til legevaktsentralen. Jobbe i team med lege- og ambulansepersonell og handtera pasientar både pålegevakta og ute i kommunane
Kvalifikasjonar
- Du må ha autorisasjon som sjukepleiar, om du er medisinerstudent m/lisens kan du og verta vurdert
- Du har gjerne relevant arbeidserfaring
- Du må ha sertifikat klasse B
- Du må kunne jobba sjølvstendig
- Du må ha generelle datakunnskapar
- Du må ha gode skriftlege og munnlege kommunikasjonsevner
- Du må kunne beherska munnleg og skriftleg engelsk
- Det vert lagt særleg vekt på dine personlege eigenskapar
Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.
Vi tilbyr
- God opplæring i et trygt miljø
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Lønn etter gjeldende avtaler
- Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen
Etter utløp søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Om arbeidsgiveren
Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår Det gode liv for alle. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!
Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 5
- Sted: Torggata, 5209 Os
- Bransje: Annet, Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Anestesi, Helsepersonell, Sykepleier
Nøkkelord
helgestilling, sykepleier, ferievikar, sjukepleier, legevakt
Annonseinformasjon
- FINN-kode 389364824
- Sist endret