Avdelingsleiar
Ål Kommune
- Frist 16.2.2025
- Ansettelsesform Fast
Avdelingsleiar korttidsavdeling (Gjestetunet) – med blikk for framtidig utvikling og samarbeid
Avdeling Gjestetunet er ei aktiv korttidsavdeling som tilbyr tilrettelagt og individuell oppfølging av pasientar innan behandling, rehabilitering, palliasjon, demens, geriatri og psykisk helse.
Avdelinga har 16 sengeplassar, 12,6 årsverk og god fagleg kompetanse. Avdelingsleiar leiar også kommunen si natteneste med 9 årsverk. Avdelinga har eigen sjukeheimslege på heiltid og fokus på tverrfagleg samarbeid.
Stillinga passar for deg som ser moglegheiter, brenn for innovasjon, nytenking og ønskjer å utvikle tenester i samsvar med behova. Du sikrar god tverrfagleg samhandling og har ansvar for at kvalitet og fag er i fokus.
Som leiar hjå oss får du tillit og støtte -, samtidig som du har dagleg kontakt med dei tilsette, pasientar, pårørande og andre samarbeidspartar.
For å stå rusta til å møte nye utfordringar og krav ønskjer me å styrke samhandling mellom kort-, langtidsavdelinga og heimetenesta. Me ser etter ein avdelingsleiar som er klar til å ta del i dette spennande utviklingsarbeidet.
Som avdelingsleiar vil du ha personal-, administrativt og økonomisk ansvar i lag med assisterande avdelingsleiar.
Dine viktigaste arbeidsoppgåver:
- personal-, fag- og økonomiansvar for korttidsavdelinga, å legge til rette for samt motivere for utvikling av kvalitet, effektiv drift og eit godt fag- og arbeidsmiljø.
- aktivt bidra i strategisk utviklingsarbeid med tanke på framtidige behov
- implementere nye tiltak og løysingar for å styrke pasientforløp, pårørandearbeid og sikre heilskaplege tenester
- styrke samarbeidet på tvers av avdelingar og andre aktørar i helsetenestene
- følgje opp bruken av verktøy og system for å oppretthalde god struktur og effektivitet i arbeidsdagen
Avdelingsleiar inngår i leiargruppa til kommunalsjefen. Institusjonstenesta er i stadig utvikling, det kan bli endring i organisering og endringar i arbeidsoppgåver.
Vi ser etter deg som:
- har relevant høgskole- eller universitetsutdanning, innan leiing, økonomi og/eller helsefag. Andre med relevant utdanning og arbeidserfaring kan bli vurdert
- har strategisk blikk, er innovativ og evne til å utvikle framtidsretta løysingar.
- er ein tydeleg og inkluderande leiar med evne til å motivere og engasjere tilsette
- har god økonomisk forståing og evne til å sikre effektiv ressursbruk.
- har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner og evner å skape gode relasjonar og tillit
- har erfaring frå liknande leiarroller
- har kjennskap til relevant lovverk og saksbehandlarkompetanse
- er raus, påliteleg, lojal og som kan skape humør og arbeidsglede
- er god på planlegging og har gjennomføringsevne på kort og langsiktige utfordringar/mål
- har evne å arbeide strukturert, sjølvstendig og løysningsorientert, også under press
- har evne til omstilling/fleksibilitet
- har god norsk skriftleg og munnleg framstillingsevne
Personlege eigenskapar blir tillagt stor vekt.
Me tilbyr:
- ei framtidsretta leiarstilling som gir rom for nytenking og innovasjon
- eit solid og sterkt fagmiljø med gode utviklingsmoglegheiter
- hyggelege kollegaer og eit arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige medarbeidarar
- stor tillit, ansvar og nødvendig mynde
- leiar- og resultatavtale som følger stillinga med tydelege forventningar til deg
- kompetanse og leiarutvikling
- du vil få vere ein del av ei engasjert leiargruppe der du kan vere med på å forme eigen arbeidsplass
- tilrettelagte og moderne lokalar
Lønsvilkår
- Lønn etter gjeldande tariffavtale. Arbeidsforholdet er regulert av Hovudtariffavtala.
- Pensjonsordning i KLP.
Søknad og politiattest
- Vitnemål og attester legg du inn saman med søknaden. Den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månader.
- Intervju og tilsetting kan bli gjennomført fortløpande i søknadsperioden.
- Kommunen følger offentleglova § 25ved eventuell offentleggjering av søkjarlista.
Ta gjerne kontakt med oss.
Velkommen som søkjar!
Om arbeidsgiveren
- Nettverk: Facebook
- Sektor: Offentlig
- Sted: Torget 1, 3570 Ål
- Bransje: Helse og omsorg, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Helsepersonell, Ledelse
Nøkkelord
avdelingsledelse, ledelse, økonomi, personalansvar, strategisk tenkning
Ål helsetun. Foto: Reidun Aaker
Annonseinformasjon
- FINN-kode 389377932
- Sist endret