Rådgivar/seniorrådgivar utviklingsstab Vareførselsdivisjonen
Tolletaten
- Frist 02.02.2025
- Ansettelsesform Fast
Rådgivar/seniorrådgivar i eit prosjektmiljø, Tolletaten
Ønskjer du å vere med på å utvikle framtidsretta digitale løysingar i ein offentleg etat med viktig samfunnsoppgåve
Tolletaten søkjer etter forretningsutviklar - rådgivar/seniorrådgivarar til vareførselsdivisjonen - utviklingsstaben
Tolletaten har ei viktig rolle som samfunnsbeskyttar, og samfunnsoppdraget vårt er å sikre etterleving av lover og reglar for grensekryssande vareførsel. I tråd med verksemdsstrategien til etaten skal digital dialog og tidleg informasjonsinnhenting gi rask, effektiv og korrekt handtering av varestraumane. Brei og målretta verkemiddelbruk skal bidra til auka etterleving før, under og etter grensepassering.
Vareførselsdivisjonen (VD), som er etablert med hovudkontor i Bergen, skal leggje til rette for korrekt og effektiv inn- og utførsel av varer for både næringslivet og privatpersonar. Divisjonen står framfor mange utviklingsoppdrag, og vi er i gang med fleire endrings- og utviklingsprosjekt.
Vi er ein tverrfagleg etat som samarbeider om vårt felles samfunnsoppdrag. Utviklingsstaben (VDU) skal støtte divisjonsdirektøren i rolla som prosess- og prosjekteigar og skal dessutan vere eit kompetansemiljø for prosjektleiing og utviklingsstøtte i divisjonen. VDU har ei sentral rolle i etaten sin kontinuerlege og omfattande innsats for å vidareutvikle digitale løysingar for grensepassering, informasjonsutveksling, deklarasjon o.a. Divisjonen har for tida fokus på å bidra til å utvikle og ta imot driftsansvaret for diverse løysingar/tiltak knytta til «Digitoll».
Sentrale arbeidsoppgåver
Vi tilbyr spennande arbeidsoppgåver i ein organisasjon i endring. Du må rekne med å bli involvert i alle arbeidsoppgåver som ligg til stabsfunksjonen. Du skal:
- bidra med prosjektleiing og/eller prosjektstøtte
- ha tilretteleggings- og pådrivaransvar for diverse utgreiingsarbeid og utviklingstiltak
- leggje til rette for eit godt tverrfagleg samarbeid med både interne og eksterne aktørar
- bidra med relevant leiarstøtte i samband med planlegging og gjennomføring av utviklings- og innføringsprosjekt, endringsprosessar og gevinstrealisering
Kvalifikasjonar
- fullført relevant mastergrad, eller dokumentert relevant realkompetanse, herunder f.eks. tollfaglig utdanning supplert med relevant arbeidserfaring fra prosjekt/utviklingsarbeid kan erstatte kravet om mastergrad
- svært gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- svært god skriftleg og munnleg framstillingsevne
- Seniorrådgivarar må kunne dokumentere erfaring frå prosess-/prosjektleiing.
Det er krav at du har erfaring frå eitt eller fleire av desse kompetanseområda
- utviklingsarbeid
- utgreiingsarbeid
- innføring av digitale løysingar
- kontinuerleg forbetringsarbeid
Eigenskapane dine
- Du er nytenkjande og initiativrik og blir motivert av å bidra til å etablere framtidig «beste praksis» innanfor offentleg forvalting.
- Du er analytisk og har evne til å setje deg raskt inn i nye problemstillingar og til å tenkje heilskapleg.
- Du leverer med jamt høg kvalitet innanfor gitte tidsfristar og rammer.
- Du er sjølvstendig, men fungerer òg godt i team.
- Du har svært god rolleforståing og veit kva det inneber å fungere i ein stabsfunksjon.
- Du er fleksibel og viser vilje til å ta på deg nye utfordringar og komplekse oppgåver.
- Du evnar å identifisere nødvendige steg i ulike utgreiings- og utviklingsprosessar og ikkje minst ta ansvar for å strukturere dei og drive dei framover
Vi tilbyr
- gode høve til utvikling
- eit godt arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer
- ein sjanse til å bidra til å optimalisere utføringa av tollbehandlinga i Noreg
- gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse
- fleksibel arbeidstidsordning, med høve til å bruke ein time i veka til aktivitet og rørsle i arbeidstida (BIA)
- arbeidsstad i Bergen; i særskilde høve kan andre av VD sine lokasjonar vurderast
- lønn som rådgivar/seniorrådgjevar etter statens lønnsregulativ, 650 000 - 800 000 kr avhengig av bakgrunn og kvalifikasjonar (for særleg godt kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderast). For stilling seniorrådgivar må erfaring frå prosess-/prosjektleiing kunne dokumenterast.
Har du spørsmål til stillinga? Du er velkommen til å ta kontakt med avdelingsdirektør Kim Sperstad.
Om arbeidsgiveren
Tolletatens samfunnsoppdrag er å sikre etterlevelse av lover og regler for grensekryssende vareførsel. Vi bidrar til at det skal være lett å gjøre rett, og ved hjelp av etterretning og ny teknologi kontrollerer vi målrettet. Vi tilbyr spennende arbeidsoppgaver i en organisasjon i endring. Etaten har i 2024 en samlet budsjettramme på 1,996 milliarder kroner og ca. 1550 ansatte.
- Sektor: Offentlig
- Sted: 5037 Bergen
- Bransje: Annet, Konsulent og rådgivning, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Forretningsutvikling og strategi, Prosjektledelse, Rådgivning
Nøkkelord
utvikling, digitalisering, prosjektorganisering, beslutningsstøtte, utredning
Annonseinformasjon
- FINN-kode 389387937
- Sist endret