Spesialkonsulent/rådgjevar innan kulturproduksjon (arbeidsstad Bergen)
Vestland fylkeskommune
- Frist 31.01.2025
- Ansettelsesform Vikariat
Spesialkonsulent/rådgjevar innan kulturproduksjon (årsvikariat)
Vestland fylkeskommune har ledig 100% vikariat som spesialkonsulent/rådgjevar med fagansvar musikk i fageining kulturproduksjon, som er ein del av seksjon for kulturformidling i avdeling for kultur og folkehelse.
Til stillinga ligg planlegging og turnélegging i Den kulturelle skulesekken (DKS) og andre oppgåver innan fagfeltet eininga har ansvar for.
Avdelinga har lokasjon i Bergen, Førde og Leikanger. Den som vert tilsett får arbeidsstad Bergen. Tilsetjing så snart som råd.
Vestland fylkeskommune nyttar nynorsk som administrasjonsspråk.
Arbeidsoppgåver
- løpande oppfølging av utøvarar og skular i samband med gjennomføring av DKS-programmet for våren 2025 og skuleåret 2025/26
- planlegge musikk-tilbodet i DKS-programmet for skuleåret 2026/27 i samarbeid med ekstern faggruppe og kollegaer i fageining kulturproduksjon
- medverke i gjennomføringa av UKM 2025 og planlegging/gjennomføring av UKM 2026
- andre oppgåver i fageininga som det er naturleg å leggje til stillinga
Stillinga ligg under fageining kulturproduksjon. Sjå meir om eininga her.
Kvalifikasjonar
- relevant høgare utdanning og fagleg relevant realkompetanse
- det er ein fordel med utøvande og pedagogisk kompetanse innan musikk
- kjennskap til turnering og konsertproduksjon er ein fordel
- god kjennskap til bruk av digitale verktøy
Personlege eigenskapar
Bakgrunn frå kulturformidling til barn og unge og logistikkarbeid er ynskjeleg.
Det er ein føremon med relevant erfaring med programmering og turnélegging i DKS, kjennskap til skuleverket og geografien i Vestland.
Vi søkjer deg som
- har evne til å arbeide under høgt tempo, med strenge tidsfristar og mange oppgåver samstundes
- har gode samarbeidsevner
- har evne til å arbeida sjølvstendig, nøyaktig og strukturert
- kommuniserer tydeleg skriftleg og munnleg
- er fleksibel og serviceinnstilt
- har interesse og forståing for kulturformidling til barn og unge
Vi tilbyr
- løn etter kvalifikasjonar og avtale
- gode forsikrings- og pensjonsordningar
- fleksibel arbeidstid
Om arbeidsgiveren
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
- Sektor: Offentlig
- Sted: 6863 Leikanger
- Bransje: Kunst og kultur, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Rådgivning, Saksbehandler
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Saksbehandler, Administrasjon, DKS, UKM
Annonseinformasjon
- FINN-kode 389412429
- Sist endret