Landskapsarkitekt
Statens vegvesen
- Frist 31.1.2025
- Ansettelsesform Fast
Landskapsarkitekt med blikk for heilskapen? Vi vil ha deg med på laget!
I utbyggingsdivisjonen i Statens vegvesen har vi no ei ledig stilling som landskapsarkitekt! Stillinga tilhøyrar kontorområde Landskapsarkitektur utbygging, som er ei landsdekkjande eining med medarbeidarar fordelt over store delar av landet.
Hos oss blir du ein del av eit sterkt fagmiljø som jobbar tverrfagleg for å utvikle berekraftige og heilskaplege løysingar for samfunnet. Vårt fokus er stadstilpassa, brukarvennlege og vakre løysingar for alle brukarar. Heilskapsblikket vårt bidreg til prosjekt med konkrete tiltak for å nå nasjonale klima- og miljømål, minske CO2-utslepp frå arealinngrep, avgrense naturinngrep, samt sikre og utvikle grøne areal, berekraftig materialbruk, og gjenbruk av massar og løysingar som inviterer til grøn mobilitet.
Arbeidsoppgåver
Som landskapsarkitekt hos oss vil hovudoppgåvene dine vere å sikre at fagområdet blir vareteke i alle delar av prosjekta. Dette omfattar dei styrande dokumenta for prosjekta i ulike planfasar, frå KVU, forprosjekt, kommunedelplan, reguleringsplan og konkurransegrunnlag. Du vil også sørgje for at nødvendige faglege utgreiingar og leveransar blir utførte.
Tverrfagleg samarbeid er ein viktig del av arbeidet du skal gjere som landskapsarkitekt, og sentralt for dette er mellom anna:
- BIM/3D med ansvar for teikningar/fagmodellar.
- Ytre Miljø-plan.
- Rigg- og marksikringsplan.
- Rettleier/premissdokument for formgiving og KU; bidrag i konsekvensutgreiing etter handbok V712.
Du vil delta i prosjektgrupper for vegprosjekt, og bidra frå start av planarbeidet til veganlegget er ferdig bygd.
Ein må rekne med ein del reising i denne stillinga.
Kvalifikasjonskrav
Du må ha:
- Master i landskapsarkitektur. Relevant og omfattande erfaring kan kompensere for manglande formell utdanning.
- Førarkort klasse B.
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk.
Det er i tillegg ønskjeleg at du har:
- Erfaring og kompetanse innan planlegging og prosjektering av ulike veganlegg i ulike skalaer, frå gater og byrom til motorveganlegg, med behandling av større og mindre landskapsinngrep.
- Erfaring og kompetanse innan bruk av BIM/3D for faget og digital samhandling i vegmodell.
- Erfaring og kompetanse frå detaljprosjektering og oppfølging i byggjefasen.
Personlege eigenskapar som vil bli vektlagt:
- At du er sjølvstendig i utføringa av eigne oppgåver.
- At du er serviceinnstilt og har gode kommunikasjonsevner.
- Evne til å ta initiativ.
- Gode samarbeidsevner.
- At du er analytisk og strukturert.
Dersom du har teke heile eller deler av utdanninga di i utlandet, tilrår vi ei autorisert omsetjing av papira og godkjenninga dine frå NOKUT (www.nokut.no).
Kvifor skal du velja oss?
Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Du påverkar samfunnsutviklinga og får bidra til framtidsretta løysingar på ditt fagfelt. Vi gir deg ansvarsfulle oppgåver og du vil få utvikle deg, både fagleg og personleg, i takt med nye utfordringar i samfunnet. Vi tek godt i mot deg, og du blir ein del av eit fellesskap med godt arbeidsmiljø i heile landet.
Vi tilbyr deg også desse goda:
- fleksitid og gode ordningar for å avspasere
- god pensjonsordning og moglegheiter for lån i Statens pensjonskasse
- moglegheit for trening i arbeidstida eller støtte til treningsaktivitet
- gode moglegheiter for fagleg påfyll
Lønn blir avtalt i samsvar med lønnspolitikken vår.
Om søknadsprosessen
Krav til søknaden
Fyll ut felta "Utdanning" og "Arbeidserfaring" og last opp relevante vitnemål og eventuelle attestar.
Positiv særbehandling
Statens vegvesen verdset mangfald og ønskjer ein inkluderande arbeidsplass. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkja. Kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn vil få moglegheit for positiv særbehandling. Les meir om positiv særbehandling på DFØ Arbeidsgivarportalen.
Søkjarlista er offentleg
Dersom du ynskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må dette grunngjevast. Viss vi ikkje kan ta ynsket ditt til følgje, tek vi kontakt med deg.
Har du spørsmål om stillinga?
Kontakt kontorsjef Ulf-Håkon Stoltz på tlf. 46 81 45 04 for ein triveleg og uforpliktande samtale.
Om arbeidsgiveren
Statens vegvesen vil leie an i utviklinga av eit effektivt, sikkert og heilskapleg transportsystem tilpassa morgondagen sine behov og teknologi. Vi bygger, driftar og vedlikeheld riksvegane, og vi tek vare på heilskapen gjennom vårt nasjonale ansvar for beredskap på veg og ved utvikling av tydeleg regelverk og standardar for alle. Gjennom arbeid og tilsyn med trafikantar og køyretøy, ny teknologi og utviklinga av digitale tenester sikrar vi trafikantane smarte, trygge og miljøriktige transportval.
Verksemda våre er organisert gjennom Vegdirektoratet og seks nyetablerte divisjonar.
Nysgjerrig på korleis det er å jobbe i Statens vegvesen? Les kva medarbeidarane våre fortel (https://www.vegvesen.no/om-oss/jobb/medarbeiderne-vare-forteller/).
- Sektor: Offentlig
- Sted: Nygårdsgaten 112, 5008 Bergen
- Flere arbeidssteder: Stakkevollvegen 35-37, 9010 Tromsø, Innspurten 11C, 0663 Oslo, Dreyfushammarn 31, 8012 Bodø, Doktor Hansteins gate 13, 3044 Drammen
- Bransje: Arkitektur, areal og interiør, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Arkitekt og planlegging, Landskapsarkitekt
Nøkkelord
landskapsarkitektur, veganlegg, vegbygging, landskapsarkitekt, bærekraft
(1/4)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 389429738
- Sist endret