Senior Systemutvikler
EndUser AS
- Frist 2.3.2025
- Ansettelsesform Fast
Kreativ, systematisk og framtidsretta?
Bli med oss i EndUser og ta del i ei spennande reise!
EndUser er eit innovativt softwarehus lokalisert mellom fjord og fjell, med eit arbeidsmiljø der kreativitet, fleksibilitet og utvikling står i sentrum. Her finn du eit rikt aktivitetstilbod, anten du er glad i ski, toppturar, musikk, kultur eller andre fritidssyslar. Vi er no på jakt etter deg som er svolten på utfordringar og klar for å lyfte satsinga vår til neste steg!
Om oss
EndUser er ein del av Årdal Energi, noko som gir oss solide eigarar og eit sterkt fundament. Det gjev oss også tilgang konsernet sine verksemder, for å teste ut løysingar før vi kommersialiserer. Vi sit under samme tak og nyt godt av kompetansen til 34 tilsette i tele- og energibransjen. Vi jobbar tett mot tele- og energibransjen – ein sektor som er i rask utvikling og har eit stort behov for digitale løysingar. Med høg domenekunnskap og nyskapande løysingar bidreg vi til å forme framtida for denne bransjen, med fokus på berekraft, innovasjon og kvalitet.
Vi er eit team av teknologar og utviklarar som legg stor vekt på å skape løysingar som er skalerbare, pålitelege og berekraftige. Hos oss finn du eit inkluderande og kompetent miljø der du vil bli oppmuntra til å utvikle deg vidare.
Kva vi kan tilby
- Eit inkluderande og kompetent arbeidsmiljø med teknologar som brenn for faget sitt.
- Varierte og givande arbeidsdagar med utfordrande oppdrag.
- Moderne arbeidsplassar, fleksible arbeidstidsordningar og konkurransedyktige vilkår.
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar.
- Moglegheiter for vidareutdanning, oppdatering på ny teknologi og fagleg utvikling.
- Fokus på trivsel og sosiale aktivitetar, der vi skapar gode møteplassar for alle tilsette.
Kven vi ser etter
Vi ser etter deg som har følgjande kompetanse:
- Erfaring med systemutvikling innan:
Språk: Go, PHP, TypeScript/JavaScript, HTML/CSS.
Teknologi: SQL, Docker, Linux/UNIX.
- Relevant høgare utdanning (eller tilsvarande erfaring med dokumenterte resultat).
- Oppdatert på ny teknologi og med ei brennande interesse for utvikling.
- Minimum B2-nivå i norsk, skriftleg og munnleg.
- Erfaring frå telekommunikasjons- og/eller energibransjen er ønskjeleg.
I tillegg ser vi etter nokon som er strukturert, kreativ og har eit ynskje om å bidra til fellesskapet med engasjement og nye idear.
Kvifor velje EndUser?
Hos EndUser er mennesket i sentrum. Vi har stor tillit til våre tilsette og gir dei rom til å utfordre seg sjølve, utvikle seg fagleg og forme eigen arbeidsplass. Med eit sterkt fokus på innovasjon og verdiskaping for kundane, har vi skapt eit arbeidsmiljø som er attraktivt, dynamisk og framtidsretta.
Her blir du ein del av eit team som legg stor vekt på kvalitet, samarbeid og berekraft. Vi er ikkje ferdig støypte, og du vil få moglegheita til å vere med på å forme framtida saman med oss.
Er du interessert?
For oss er den første samtalen viktigare enn ein formell søknad. Har vi klart å vekkje interessa di?
Ta kontakt med dagleg leiar, Thomas Moen Klingenberg, på telefon 909 74 539 eller e-post thomas@enduser.no.
Søknadsfrist: 02. mars 2025
Vi ser fram til å høyre frå deg!
- Sektor: Privat
- Sted: Utladalsvegen 1, 6884 Øvre Årdal
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
- Bransje: Internettbaserte tjenester, IT - programvare, Kraft og energi
- Stillingsfunksjon: Full stack utvikler, Systemarkitekt, Utvikler (generell)
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
systemutvikling, go, php, systemutvikler, javascript
Annonseinformasjon
- FINN-kode 389846890
- Sist endret