Operatør
Lid Jarnindustri AS
- Frist Snarest
- Ansettelsesform Fast
Operatør til sveiserobot
Me har fem ABB sveiserobotar og søkjer operatør til ein av desse. Det er ynskjeleg at du har erfaring med sveising og programmering, men det er ingen føresetnad. Du vil få grundig opplæring.
Me ser gjerne at du har personleg initiativ, er strukturert og at du kan vise ei positiv haldning i ein hektisk arbeidssituasjon. Du må beherske norsk skriftleg og munnleg.
Har du spørsmål gjeldande jobben, kontakt dagleg leiar Svein Ove Lid (mobil 952 65 869) på tlf. eller send skriftleg søknad med attestar og vitnemål til oss snarast i brev/ e-post.
Om arbeidsgiveren
Lid Jarnindustri AS er ei mekanisk produksjonsbedrift med ein moderne maskinpark. Hovudvekta er serieproduksjon av maskiner og utstyr for landbruk, skogbruk og anlegg. Bedrifta har kring 70 tilsette, og opplever for tida god respons i marknaden. Me har hatt svært bra sal gjennom ein del år, og i 2024 var omsetninga på 180 millionar kroner.
Dei tilsette har fri både i jule- og påskehelga, inneklemde dagar, og 4 veker fellesferie. Me har også opplegg for timekonto, og det er AFP - ordning.
- Nettverk: Facebook
- Sektor: Privat
- Sted: Steine 35, 5600 Norheimsund
- Bransje: Annet, Industri og produksjon, Verksindustri
- Stillingsfunksjon: Annet, Mekanikk og installasjon, Sveiser
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
operatør, sveising, sveiserobot, industri, produksjon
(1/3)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 389849801
- Sist endret