Sommarvikar Heimeteneste og rehabilitering
Time kommune
- Frist 03.03.2025
- Ansettelsesform Sommer/Sesong
Sommarvikar Heimeteneste og rehabilitering
Me søker deg som ønsker å vera sommervikar i verksemda Heimetenester og rehabilitering.
Alle avdelingane i verksemda samarbeider tett, men spesifiser i søknadsteksten kva for ei avdeling du ønsker å arbeida i. Skriv også kva for nokre veker du vil arbeida i sommar. Sommarferien er frå 23. juni-17. august.
Verksemda har fire avdelingar med mellom anna heimesjukepleie, bufellesskap, dagsenter og korttids- og rehabiliteringsavdeling.
Avdeling nord: Avdelinga held til på Kvernaland omsorgssenter og har bufellesskap for eldre, dagsenter og heimetenester ute i brukaren sin heim.
Avdeling aust: Avdelinga held til på Sivdamsenteret på Bryne og gjev heimetenester i brukaren sin heim. Nattpatrulja dekker heile kommunen.
Avdeling vest: Avdelinga held til på Sivdamsenteret på Bryne og har bufellesskap for eldre i tillegg til heimetenester ute i brukaren sin heim.
Korttid- og rehabiliteringsavdelinga: Avdelinga held til på Sivdamheimen og har 24 plassar for pasientar som treng korttidsopphald og rehabilitering.
Verksemda har også tilbod om tenesta heimehjelp, og me treng også ferievikarar til reingjering i brukaren sin heim.
Arbeidsoppgåver
Alle nye vikarer får tilbod om ferievikarkurs. Nødvendig opplæring vil verta gjeve i kvar avdeling og du vil få ein eigen kontaktperson som følger deg opp.Eksempel på oppgåver:
Pleie- og omsorgsoppgåver i brukaren sin heim eller på korttids- og rehabiliteringsavdelinga.
Utdeling av legemiddel.
Stell og pleie.
Klargjering av måltid.
Dokumentasjon.
Samarbeid med brukar og pårørande.
Kvalifikasjonar
Me treng fleire gode vikarer med ulik bakgrunn, for eksempel-offentleg godkjenning som sjukepleiar, vernepleiar eller helsefagarbeidar/hjelpepleiar.
-sjuke-/vernepleiestudentar vert oppmoda til å søka.
-elevar med helsefagleg bakgrunn.
-assistentar.
Erfaring frå heimetenester og/eller korttid- og rehabilitering er ein fordel, men opplæring vert gjeve viss du ikkje har erfaring.
Du må vera over 18 år.
Du må kunna gjera deg godt forstått på norsk, både munnleg og skriftleg (minimum B2).
Du må ha sertifikat for personbil for å jobba ute i heimetenesta.
Det er krav om politiattest.
Personlege eigenskapar
Du må kunna arbeida sjølvstendig i ein hektisk arbeidskvardag og vera fleksibel då arbeidet stadig er i endring.
Du må vera god på kommunikasjon og vera ansvarsbevisst.
Du må ha evne og vilje til å tileigna deg ny kunnskap som er nødvendig for arbeidet.
Du bidreg til eit positivt og godt arbeidsmiljø.
Personlege eigenskapar vert vektlagde.
Vi tilbyr
Stilling etter avtale.
Kandidatar vert vurderte fortløpande.
Tykkjer du dette høyres spennande ut? Sjå filmen frå avdelingane våre.
https://play.mediaflowpro.com/ovp/16/15GE737L02
Om arbeidsgiveren
"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune. Me er opptatt av å utvikla og forbetra tenestene i lag med innbyggarane, besøkande og næringslivet slik at Time skal vera ein trygg og framtidsretta kommune. Kommunen har ca. 20 000 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og kollektivknutepunkt for buss og jernbane. Time er ein stor jordbrukskommune og har i tillegg eit variert næringsliv, med flest sysselsette innan industri, varehandel, hotell og restaurant. Det er 1340 årsverk i Time kommune, fordelt på om lag 1800 personar.
Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 3
- Sted: Røyrvika 10, 4340 Bryne
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Helsefagarbeider/hjelpepleier, Helsepersonell, Sykepleier
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Sykepleier, Helsefagarbeider, Sykepleierstudent, Vernepleierstudent, Hjelpepleier
Annonseinformasjon
- FINN-kode 389852822
- Sist endret