Teknisk byggeleiar veg
Statens vegvesen
- Frist 2.2.2025
- Ansettelsesform Fast
Statens vegvesen har ledig stilling som Teknisk byggeleiar i det største vegbyggeprosjektet i landet!
Statens vegvesen har ledig stilling som Teknisk byggeleiar veg på den største kontrakten nokon sinne i vegvesenet, Rv. 555 Sotrasambandet.
Prosjektet vert gjennomført som Offentleg-Privat Samarbeid (OPS). Sotra Link AS skal byggje på vegne av vegvesenet og har per i dag ca. 800 personar i arbeid. Byggjetida er rekna til fem år, med trafikkopning 1. juni 2027, og ferdigstilling i 2028. Prosjektet byr på spanande utfordringar og høgt tempo.
Vegvesenet har etablert eit kompetent og variert prosjektteam med om lag førti medarbeidarar som skal følgje opp prosjekteringa og bygginga av heile prosjektet. Teamet møter dagleg fagleg kompliserte oppgåver og utfordringar som vert løyste tverrfagleg.
Stillinga vil vere ein del av ei tverrfagleg gruppe på vel 8 personar som skal ha ansvar for å følgje opp vegbygging i prosjektet.
Som tilsett hos oss får du vere med på å løyse samfunnsoppdraget vårt og i tillegg vere med å forme eit prosjekt som etterlet seg eit etterlengta veganlegg med landemerke som vil vere synleg i over 100 år.
Arbeidsoppgåver
- teknisk oppfølging i byggjefasen knytt til veg med spesialområde vegbygging og utforming
- teknisk oppfølging av leverandøren si prosjektering for gjennomføring
- oppfølging av leverandørens gjennomføring og dokumentasjon
- følge opp OPS leverandøren si etterleving av krav i kontrakten, forskrifter, handbøker og normalar innan fagområdet
- saman med leiar innan fagområdet skal du leie arbeidet med utarbeiding og oppfølging av teknisk kvalitet av fagområdet i felt
- koordinere grensesnitt på tvers av fagområde, spesielt mot VA
Kompetansekrav
Vi ser etter deg som har:
- 3-årig teknisk utdanning frå høgskule eller universitet
- god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk
For kandidatar med sterk og allsidig erfaring frå fagområdet, kan kravet til utdanning fråvikast.
Vi legg vekt på at du:
- finn god balanse mellom operativt og strategisk oppfølging
- er ein positiv lagspelar som tek initiativ og er løysingsorientert
- bidreg aktivt i oppfølging av OPS leverandøren, kommunar og andre interessentar i prosjektet
- samarbeider godt og trivest med å jobbe med fleire oppgåver samtidig
Det er en fordel om du har erfaring med noka av dette:
- bygging av veg
- bruk av BIM
- arbeid i fleirfaglege prosjekt med høg kompleksitet
- oppfølging av leverandørar og utstyr knytt til fagområdet
- å følgje opp aktivitetar til å leie komplekse oppgåver
- prosjektering av veg
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Dersom du har teke heile eller deler av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av papira dine og godkjenning frå HKDIR (https:hkdir.no/utdanning-fra-utlandet).
Kvifor skal du velja oss?
Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Du påverkar samfunnsutviklinga og får bidra til framtidsretta løysingar på ditt fagfelt. Vi gir deg ansvarsfulle oppgåver og du vil få utvikle deg, både fagleg og personleg, i takt med nye utfordringar i samfunnet. Vi tek godt i mot deg, og du blir ein del av eit fellesskap med godt arbeidsmiljø i heile landet.
Vi tilbyr deg også desse goda:
- fleksitid og gode ordningar for å avspasere
- god pensjonsordning og moglegheiter for lån i Statens pensjonskasse
- moglegheit for trening i arbeidstida eller støtte til treningsaktivitet
- gode moglegheiter for fagleg påfyll
Lønn blir avtalt i samsvar med lønnspolitikken vår.
Krav til søknaden
Fyll ut felta "Utdanning" og "Arbeidserfaring" og last opp relevante vitnemål og eventuelle attestar.
Positiv særbehandling
Statens vegvesen verdset mangfald og ønskjer ein inkluderande arbeidsplass. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkja. Kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn vil få moglegheit for positiv særbehandling. Les meir om positiv særbehandling på arbeidsgivarportalen.
Søkjarlista er offentleg
Dersom du ynskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må dette grunngjevast. Viss vi ikkje kan ta ynsket ditt til følgje, tek vi kontakt med deg.
Har du spørsmål om stillinga?
Kontakt prosjektleiar Håkon Matre tlf. 411 22 137
Om arbeidsgiveren
Statens vegvesen vil leie an i utviklinga av eit effektivt, sikkert og heilskapleg transportsystem tilpassa morgondagen sine behov og teknologi. Vi bygger, driftar og vedlikeheld riksvegane, og vi tek vare på heilskapen gjennom vårt nasjonale ansvar for beredskap på veg og ved utvikling av tydeleg regelverk og standardar for alle. Gjennom arbeid og tilsyn med trafikantar og køyretøy, ny teknologi og utviklinga av digitale tenester sikrar vi trafikantane smarte, trygge og miljøriktige transportval.
Verksemda våre er organisert gjennom Vegdirektoratet og seks nyetablerte divisjonar.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Straume anlegg, Skjenet 2, 5354 Straume
- Bransje: Bygg og anlegg, Konsulent og rådgivning, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: HMS, Innkjøp/forhandling, Teknisk personell
Nøkkelord
teknisk byggeleiar, vegbygging, kontraktsoppfølging, offentlig, bim
(1/4)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 389853695
- Sist endret