Lærling som industrimekanikar
Forsvaret
- Frist 16.02.2025
- Ansettelsesform Lærling
Er du vår nye lærling som industrimekaniker?
Er du nysgjerrig og får kriblingar i magen ved tanken på å få være ein del av Noregs største lærebedrift? Kanskje det er du som vil være vår neste lærling som industrimekanikar? Vi søkjer deg som er gira, motivert og klar for ein stor og viktig del av di framtid, nemleg ein unik sjanse til ei fin læretid og fagbrev i Forsvaret.
Som lærling hjå oss deltar du i produksjon og vedlikehald av Forsvarets materiell, både individuelt eller i lag ut ifrå oppgåva som skal løysast.
Forsvarets verkstad Bergen (FVBE) består av verkstader innan dei fleste fagområda, lokalisert på Haakonsvern og i UVB-Bunkeren på Laksevåg. Vi er ca. 400 tilsette fordelt på over 20 forskjellige verkstader, og vi vedlikeheld det meste på fartøy, system og materiell i Sjøforsvaret. Våre verkstad har god og lang erfaring som læringsbedrift, og våre lærlingar blir fulgt opp av ein fagleg leiar og instruktør med læreplanar i henhold til faget. Ved vårt verkstad på Haakonsvern har vi ledig ein læreplass som industrimekanikar..
I 2021 ble Forsvaret kåra til statens beste lærebedrift, og vi vil fortsette vårt fokus på gode læringsforhold der våre lærlingar blir involvert i den daglege drifta, både fagleg og sosialt.
Arbeidsoppgaver
- Opplæring og utføring av vedlikehaldsoppdrag internt på Haakonsvern knytta til fagområdet. Til dømes vedlikehald og utbetring av skrog og komponentar tilhøyrande Marinens fartøy.
Kvalifikasjoner
- Bestått VG2 innanfor fagområdet
- Karakter god i orden og åtferd
- Lågt fråvær
- God vandel og må kunne klarerast Hemmeleg (H) før tiltredelse
Personlige egenskaper
- Samarbeidsvilleg
- Nysgjerrig
- Motivert
- Tar ansvar for eiga læring
Vi tilbyr
- Ein krevande og stimulerande arbeidskvardag i eit spanande fagmiljø
- Mogleghet for trening i arbeidstid
- Bedriftshelsetjeneste
- Lønn etter Verkstedsoverenstkomsten for Forsvaret med oppjusteringar kvar 6. månad.
Om arbeidsgiveren
Ein jobb i Forsvaret er noko meir enn ein jobb. Forsvarets viktigaste oppgåve er å skape sikkerheit for Noreg og tryggleik for befolkninga. Uansett kva stilling du har, er du med på å ivareta landets og fellesskapets interesser. For å verne om alt vi har og alt vi er, må vi sjølve leve ut dei verdiane vi er satt til å forsvare. Vi ynskjer difor tilsette som bidrar til ein god kultur ved å vise respekt og ta ansvar for kvarandre, og ha mot til å handle riktig og våge å sei frå.
Som ein del av Forsvarets logistikkorganisasjon (FLO) sørger du for at Forsvaret kan utføre sine oppgåver og forsvare landet på best mogleg måte. FLO fornyar, forenklar og forbetrar Forsvarets logistikk. Det gir styrka kampkraft og bærekraft. I FLO jobbar sivile og militære med høg kompetanse og lang erfaring med militær logistikk og materiell. Forsyning og vedlikehald av materiell, som er unikt for Forsvaret, er kjernekompetansen til FLO sine tilsette. FLO ivaretar innkjøp og driftsanskaffelsar for forsvarssektoren.
Ved Forsvarets verkstadar utførast vedlikehald av alt frå Sjøforsvarets fartøy til Hærens og Heimevernets stridsvogner, kjøretøy og våpen – i tillegg til komplekse sambandssystem.
I Forsvaret er det ynskjeleg at arbeidsstyrken i størst mogleg grad skal speile mangfaldet i befolkninga. Vi oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, kulturell bakgrunn, hull i CV eller funksjonsevne. Vi vil sørge for tilrettelegging på arbeidsplassen om det er behov for det. Nokon av Forsvarets stillingar kan ha eigne helsekrav og krav til fysisk skikkaheit.
I henhald til offentlegheitslova § 25 andre ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om søkjaren kan anmode om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Det er eigne reglar for militære stillingar.
Forsvaret nyttar elektronisk søknadssakshandling. Attestar og vitnemål/fagbrev må leggast ved søknaden. Høgare utdanning gjennomført utanfor Noreg må være godkjend av NOKUT eller Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse. Godkjenninga må dokumenterast.
Det blir gjort bakgrunnsjekk når sikkerheitsklareringa gjennomførast.
Les meir om jobb i forsvaret.
- Sektor: Offentlig
- Sted: 5173 Loddefjord
- Bransje: Bil, kjøretøy og verksted, Drift og vedlikeholdstjenester, Forsvar og militær
- Stillingsfunksjon: Mekanikk og installasjon
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Ubåt, Forsvaret, Mekanisk, Industri, Haakonsvern
Annonseinformasjon
- FINN-kode 389861272
- Sist endret