Konsulent 50% engasjement
Hordaland friomsorgskontor
- Frist 13.02.2025
- Ansettelsesform Engasjement
Konsulent 50% engasjement
Om stillinga
Engasjement i 50% stilling som konsulent hos Hordaland friomsorgskontor i eit år med oppstart snarast.
KRIMINALOMSORGEN REGION VEST HORDALAND FRIOMSORGSKONTOR
Hordaland friomsorgskontor har hovudkontor i Bergen og lokalkontor i Odda og på Stord, med til saman 38 tilsette. Arbeidet i kriminalomsorga er utfordrande, og me legg vekt på å ha eit godt fagleg og stimulerande arbeidsmiljø.
Kriminalomsorgen region vest er eit etatsnivå lagd under Kriminalomsorgsdirektoratet med overordna ansvar for straffegjennomføring i fylka Vestland og Møre og Romsdal. Region vest med ca 500 tilsette har sin regionadministrasjon i Bergen. Region vest administrerar fem fengsel og tre friomsorgskontor, Lyderhorn overgangsbustad og ND-senteret i Bergen.
Konsulent: Hovudoppgåvene for denne stillinga er sakshandsaming og administrative oppgåver. Stillingsinnehavaren har eit sjølvstendig ansvar for den daglege utføringa av oppgåvene, og må ofte utøve skjønn for å kunne treffe ein del av dei nødvendige avgjerdene.
Arbeidsoppgåver
- handtering av sentralbord og resepsjon
- arkiv- og dokumenthandtering
- handtering av post
- personaladministrasjon
- bestilling og innkjøp
- øvrige administrative oppgåver
- den som blir tilsett, må rekne med endringar i ansvars- og arbeidsområde
Utdanning og erfaring
Konsulent
Du må ha
- fullført vidaregåande utdanning, 2 års relevant erfaring.
- god munnleg og skriftleg framstillingsevne
- god kunnskap og erfaring i bruk av IKT - system eller verktøy
- må beherske norsk skriftleg og muntleg
Det er ønskjeleg at du har relevant erfaring frå fagfeltet.
--------------------------------------------------------------------------
Personlege eigenskapar
- gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- evne til å arbeida sjølvstendig og systematisk
- god relasjonell kompetanse
- resultatorientering
- personlege eigenskapar i tråd med kriminalomsorga sine verdiar
- personleg egnethet vil vektleggas
Vi tilbyr
- meiningsfulle oppgåver i ein etat med eit viktig samfunnsoppdrag
- gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse
- trening i arbeidstid
- kantineordning
- sykkelparkering
- trivelege lokal i sentrum
- fleksitidsordning
- lønnsspenn konsulent: 428 100 - 540 500
- det blir trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse
Generell informasjon
Kriminalomsorga meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer oss medarbeidarar med ulik kompetanse, livserfaring og perspektiv for å kunne bidra til ei enda betre oppgåveløysing.
Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.
Kjenner du deg igjen i ein av desse kategoriane, kan du krysse av i jobbsøkjarportalen vår. Du kan lese meir om krava for å bli vurdert som søkjar i desse gruppene her. (https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling)
Det må ikkje vere noko å utsetje på vandelen til den som blir tilsett. Dette må dokumenterast med ein uttømmande politiattest før tilsetjing.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjar har bede om å vere unnateke søkjarlista. Søkjar vil i så fall bli varsla om dette og gjeve høve til å trekkje søknaden.
Den som blir tilsett, må rette seg etter organisasjonsmessige eller andre endringar som blir bestemte om arbeidsområdet.
Nærare opplysningar om stillinga får du ved å vende deg til Morten Cornell Jacobsen, leiar for friomsorga i Hordaland, tlf 47314378 eller Hilde Stensvoll Neset, assisterende leiar for friomsorga i Hordaland, tlf. 93874949.
For spørsmål om elektronisk utfylling av CV kan Jobbnorge kontaktast på 75 54 22 20.
Om arbeidsgiveren
Kriminalomsorga sitt samfunnsoppdrag er å gjennomføre varetektsfengsling og straffereaksjonar på ein måte som er tillitvekkjande for samfunnet og som motverkar strafflagde handlingar. Målet vårt er at den domfelte etter soning skal velje å leve eit kriminalitetsfritt liv. Visjonen vår er «Straff som endrar» og verdiane våre er: tryggleik, openheit og nytenking som er førande for åtferda vår og som organisasjon.Les meir om verksemdsstrategien vår her. Kriminalomsorga består av Kriminalomsorgsdirektoratet (KDI), Høgskolen og utdanningssenteret for kriminalomsorga KRUS og fem regionar med cirka 60 lokale fengsel og friomsorgskontor.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Allehelgens gate 2, 5016 Bergen
- Bransje: Helse og omsorg, Offentlig administrasjon, Politi og sikkerhet
- Stillingsfunksjon: Kontor og administrasjon, Kontorarbeid, Sentralbord
Annonseinformasjon
- FINN-kode 389885926
- Sist endret