Statsautorisert/erfaren rekneskapsførar
Økoråd Fjord AS
- Frist 10.2.2025
- Ansettelsesform Fast
Økoråd Fjord AS søker statsautorisert/erfaren rekneskapsførar ved vår avdeling i Valldal
Vi søker etter statsautorisert/erfaren reknskapsførar som kan bidra til vidare vekst og utvikling av selskapet, med arbeidsstad Valldal.
Vi ser etter deg som ønskjer å sjå framover og bort frå den tradisjonelle bilagsføringa, og over til meir moderne rekneskapsrådgiving. Som rekneskapsførar spelar du ein viktig rolle som støtte og samarbeidspartnar for eit vidt spekter av kundar. Ved å vere tett på kundane og gje rettleiing, bidreg du og til vekst og utvikling i det lokale næringslivet.
Sjølv om tal er viktig, er økonomi mykje meir enn berre tal. Rekneskap- og økonomifaget er praktisk og krev at du løftar blikket, er nysgjerrig og tør å stille spørsmål
Arbeidsoppgåver:
Rekneskapsføring A-Å
Oppdragsansvar
Økonomisk rådgjeving
Utarbeiding av årsoppgjer/skattemelding
Rapportering
Skape og bidra til gode kundeopplevingar
Kvalifikasjonar vi ønskjer er:
Statsautorisert rekneskapsførar/erfaren rekneskapsførar
Relevant rekneskapserfaring, inkludert årsoppgjer
Kjennskap til landbruksrekneskap er ein fordel, men ikkje eit krav
Engasjement for faget, og stoltheit over å vere rekneskapsførar
Gode munnlege og skriftlege kommunikasjonsevner
Sjølvstendig og løysingsorientert, men trivst òg godt med å jobbe i team
Økoråd Fjord AS tilbyr:
Konkurransedyktige løns- og pensjonsvilkår
Fleksibel arbeidstid med gode muligheiter til å styre eigen arbeidsdag
Uformelt og inkluderande arbeidsmiljø
Spennande og utfordrande arbeidsoppgåver
Gode muligheter for faglig utvikling og nettverksbygging
Om arbeidsgiveren
Om Økoråd Fjord AS:
Vi er eit rekneskapskontor i ØkoRåd-kjeda med avdelingar på Nordfjordeid, Sandane, Valldal, Ulsteinvik, Hornindal og Stryn. Vi er totalt 30 tilsette (24 årsverk), av dei er 15 statsautoriserte rekneskaps-førarar, med ein god miks i alder og erfaring.
Målet vårt er å vere den føretrekte samarbeidspartnaren innanfor rekneskapsføring, økonomisk bistand og rådgjeving, og strategisk sparringpartnar.
- Sektor: Privat
- Sted: Grandegata 48, 6210 Valldal
- Bransje: Økonomi og regnskap
- Stillingsfunksjon: Økonomi og regnskap, Regnskap
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
rekneskapsfører, statsautorisert regnskapsfører, erfaren regnskapsfører, regnskapsføring, rekneskapsrådgivning
Annonseinformasjon
- FINN-kode 389895119
- Sist endret