Avdelingsleiar
Stryn Kommune
- Frist 9.2.2025
- Ansettelsesform Fast
Avdelingsleiar i Eining for miljø- og velferdstenester
I ei verd av endring og utvikling, søkjer vi ei unik sjel som ønskjer å vere med på å forme framtida av våre miljø- og velferdstenester. Hos oss er kvar dag ei moglegheit til å inspirere, skape og gjere ein reell skilnad i samfunnet.
Om oss:
Miljø- og velferdstenester er ei eining som omfattar dagtilbod for utviklingshemma, tenester for psykisk helse og rus, avlastningsbustad og heimeteneste for utviklingshemma. Det er ledig avdelingsleiarstilling i avdeling heimeteneste for heimebuande personar med utviklingshemma.
Som avdelingsleiar i miljø og velferd vil du bli del av eit team på 4 avdelingsleiarar som kontinuerleg har kvarandre i ryggen og delar av kompetanse. I etaten for miljø og velferd er vi midt i ein spennande omstillingsprosess der ein ser på måtar å forbetre tenestene på ein meir berekraftig måte. Drivkrafta er ønsket om å styrke vår kompetanse og utvide vårt tenestetilbod til det beste for både tilsette og brukarane av tenestene våre. Som ein del av vårt team får du moglegheita til å vere med på å forme og vidareutvikle våre leiaroppgåver og arbeidsmiljø.
Er det deg vi leitar etter?
Vi søkjer ein leiar som er lidenskapleg oppteken av å vidareutvikle, drive endringar og skape ein kultur som inspirera til vekst, innovasjon og god kultur. Vi ønskjer ein leiar som ser nye moglegheiter, følgjer med på utviklinga nasjonalt og er klar til å møte morgondagens helseutfordringar med kreativitet og engasjement.
Du vil oppleve varierte og dynamiske arbeidsdagar med kontinuerlege endringar og utfordringar. Som ein del av teamet vårt, vil du ha moglegheit til å påverke korleis du jobbar og samarbeider. Du vil være ein synleg leiar og reise ut for å møte personalet, nokre gonger utanom vanleg arbeidstid. Her er fleksibilitet nøkkelen, både i arbeidstida di og korleis du strukturerer arbeidet for å møte utfordringane. Du får såleis fleksibilitet til å organisere din eigen arbeidskvardag.
Som avdelingsleiar for miljø- og velferd får du være med på å ta samfunnsansvar ved å bidra til å skape ein bedre kvardag for våre brukarar. Vi jobbar for dei, og det er viktig at dei har eit godt liv der dei trivest og har det bra! Din innsats vil bidra til å tilby gode tjenester som er kritiske for samfunnet.
I jobben vil du få moglegheita til personleg og fagleg utvikling som leiar. Stryn Kommune vil oppfordre og tilby dei som manglar kompetanse moglegheita til å ta utdanning eller kurs slik at ein vert fagleg trygg i sin arbeidskvardag, men óg slik at ein står med riktig kompetanse retta mot framtida.
Blir du motivert?
Bli med oss og bli ein del av eit spennande reisefølgje mot ein lysare framtid i miljø- og velferdstenester. Er du villig til å lære og villig til å leie? Søk i dag!
Arbeidsoppgåver
- Dagleg leiing og organisering av personalet i avdelinga.
- Fagleg ansvar for tenestetilbodet i avdelinga.
- Medverknad til utvikling av avdelinga og tenestene.
- Skape eit godt arbeidsmiljø og involvere personalet i endringsprosessar.
Kvalifikasjonar
- Leiarutdanning og/eller erfaring som leiar er ønskjeleg, men ikkje eit krav.
- Erfaring frå arbeid innanfor fagområdet.
- Gode faglege og digitale ferdigheiter som møter dagens standard.
- Gode kommunikasjonsevner, samarbeidsevner og evne til leiing og fleksibilitet.
- Vi ser etter nokon som er utviklingsorientert, nysgjerrig og motivert for å skape positive endringar.
- Du brenn for å vere ein leiar, gjerne med eit sterkt ønske om å bidra til ein betre kvardag for tilsette og brukarar av miljø og helse tenetsetne våre.
- Evne til å ta personleg ansvar, leie eit team og byggje sterke relasjonar.
- Du er modig i dine avgjersler og klar til å ta på deg utfordringane som kjem din veg.
- Gode organisatoriske ferdigheiter og evne til å prioritere.
- Varierande arbeid i positivt miljø
- Tjenester i utvikling
- God mulighet til leiarutvilking
- God penskjonsordning
Om arbeidsgiveren
Høge fjell, fjord, isbrear, elvar og vatn i djupe grøne dalar innbyr til aktivitetar og attraksjonar i verdsklasse.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Tonningsgata 4, 6783 Stryn
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Ledelse
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
helse, heimeteneste, psykisk helse, leder
Annonseinformasjon
- FINN-kode 389895628
- Sist endret