Teamleiar rekneskap og lønn
Engebø Rutile and Garnet AS
- Frist 12.2.2025
- Ansettelsesform Fast
- Årslønn 850 000 krLønna kan diskuterast med hensyn til erfaringar og kvalifikasjonar.
Mineraleventyret på Engebø treng ein Teamleiar for rekneskap og lønn! Er det deg?
Engebø Rutile and Garnet AS, eit dotterselskap av Nordic Mining, er i vekst og i Q4 2024 starta vi mineralproduksjon. Vi søker no etter ein fagleiar for vårt team knytt opp mot rekneskap og lønn. Dette er ei stilling som gir deg moglegheit for karriereutvikling, samt kort veg til alt Sunnfjord har å by på.
Prosessen består i å utvinne eklogittmalm frå førekomsten og prosessere denne til mineralkonsentrat av rutil og granat. Prosjektet består hovudsaklig av dagbrot, prosessanlegg og utskipings-anlegg.
Som teamleiar for rekneskap og lønn får du ein unik moglegheit til å vere med å bygge opp økonomifunksjonen i eit nytt og spennande selskap. Rekneskapsfunksjonen er for tida satt ut til eit rekneskapsbyrå, så det vi ser etter er ein person internt som har fagansvar for rekneskap og lønn. Dette er ei brei stilling der du vil rettleie andre og bygge opp rutinar og prosessar, men også ha ansvar for at korrekt lønn vert utbetalt. I tillegg vil du jobbe tett med leiinga og andre avdelingar for å sikre at rekneskapen og rapportering er i tråd med lovar, reglar og krav få finansieringsgivarane våre. Og sist, men ikkje minst får du lov til å bli ein del av avdeling for forretningsstøtte, ei avdeling som er har godt miljø, og består av andre som er opptatt av at vi skal ha det kjekt og trivast saman. Vi har ansvar for det meste av støttefunksjonar som finans, økonomi, rekneskap, lønn, innkjøp, kunde- og logistikkoppfølging, HR og service overfor alle tilsette.
Dine arbeidsoppgåver og ansvarsområde vil i hovudsak vere:
- Fagansvar og koordinere teamet knytt til økonomi og rekneskap
- Forberede, berekne og gjennomføre lønnskøyring
- Bidra til etablering og kontinuerleg vidareutvikling og effektivisering av selskapets system, prosessar og rutinar innanfor økonomi, rekneskap og lønn
- Sikre god internkontroll og overholdelse av offentlige lover, forskrifter og god regnskapsskikk
- Kommunikasjon med revisor, rekneskapsbyrå, CFO-funksjonen i konsernet og leiinga i selskapet
Det ønskeleg at du har følgande utdanning, erfaring og kvalifikasjonar:
- Høgare økonomisk utdanning
- Minimum 3 års relevant erfaring frå liknande rolle, rekneskapsbyrå, revisjon eller liknande
- God rekneskapsforståing og erfaring med lønn
- Erfaring med leiing er ein fordel
- God systemforståing og -interesse. Erfaring med Xledger er ein fordel, men ikkje eit krav
- Gode kommunikasjonsferdigheiter på norsk og engelsk, både skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
For å lukkast i stillinga må du vere strukturert, nøyaktig, løysingsorientert og kunne kommunisere faget på ein forståeleg måte til andre. Vidare må du vere initiativrik og ha høg gjennomføringsevne, og du må motiverast av faglege diskusjonar og samarbeid med kollegaer. Du er fokusert på samarbeid, det å spille kvarandre gode og har evna til å skape tillit gjennom gode relasjonar med dei rundt deg. Selskapet er i oppstartsfase og er opptatt av å få på plass gode prosessar, utnytte system mest mogleg effektivt og kompetanseheving hos våre tilsette. Difor er det viktig at du klarer å løyse oppgåver utan at alle rutinar og prosedyrer er på plass og at du ikkje ser problem, men utfordringar som kan løysast.
Arbeidstida er dagtid, og arbeidsstad er på Engebø i flotte nye kontor!
Vi er oppteken av å bygge eit trygt og solid arbeidsmiljø beståande av mangfald og god kultur. Vi skal ha eit godt arbeidsmiljø, og fokus på balansen mellom jobb og fritid. Vi tilbyr ein unik moglegheit med rom for personleg og fagleg kompetanseutvikling.
Du vil ta del i eit rykande ferskt team, beståande av 80 tilsette frå fire forskjellige kontinent med eit bredt spekter av bakgrunnar og erfaring. Det er ei jamn fordeling mellom kvinner og menn i organisasjonen, noko vi tør påstå er unikt i vår bransje. Ettersom dette er den første gruva i Norge på over 40 år, står vi alle på same "fjell", der dei færraste har direkte erfaring frå oppstart av gruvedrift. Fellesnemnaren er at vi alle er motiverte til å skape unike verdiar!
Vi er ei hjørnesteinsbedrift i Sunnfjord. Når det kjem til berekraft er vi allereie veldig gode, men vi gir oss ikkje før vi er aller best i klassen. Vi skal og vere heilt på toppen innan moderne systemløysingar for å skape ein oversiktleg og effektiv kvardag.
Noko for deg? Ja då er det berre å sende inn ein enkel søknad! Vi ser fram til å høyre frå deg!
Vurdering av aktuelle kandidatar, og innkalling til intervju vert gjort fortløpande. Og dersom du har spørsmål så er det berre å ta kontakt!
Om arbeidsgiveren
Engebø Rutile and Garnet er eit dotterselskap under Nordic Mining ASA. Vi er ei hjørnesteinsbedrift med lokal forankring som driv ei berekraftig, innovativ og viktig mineralutvinning på Engebø i ei av verdas største forekomster av titanråstoffet rutil. I Engebø Rutile and Garnet er vi oppteken av at verdiskapinga skal skje der ressursane er, både når det gjeld å skape lokale arbeidsplassar, utvikle innovative løysingar og bidra i lokalsamfunnet. Folka i organisasjonen er sjølve nøkkelen til å få dette til.
- Nettverk: Facebook, LinkedIn
- Sektor: Privat
- Sted: Fjordavegen 2044, 6817 Naustdal
- Bransje: Industri og produksjon, Metaller og mineraler
- Stillingsfunksjon: Ledelse, Økonomi og regnskap
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Nordic Mining, teamleiar, økonomi, lønn, regnskap
(1/8)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 390009270
- Sist endret