Rådgiver/seniorrådgiver i seksjon for sirkulær avfallshandtering
Miljødirektoratet
- Frist 23.02.2025
- Ansettelsesform Fast
Er du klar for å ta ei leiande rolle i utviklinga av den sirkulære avfallshandteringa i framtida?
Om stillinga
Det nasjonale regelverket innan avfall er under omfattande utvikling for å støtte opp om ein sirkulær økonomi og for å sikre forsvarleg handtering av avfall. Vi søkjer no etter ein medarbeidar med erfaring innan avfall! Hos oss får du høve til å arbeide med eit samfunnsområde i rask utvikling i samarbeid med dyktige kollegaer.
Seksjon for sirkulær avfallshandtering ligg i avfall-, kjemikalie- og tilsynsavdelinga, og har ansvar for regelverk og verkemiddel innan avfallsførebygging, førebuing til ombruk og materialgjenvinning av avfall, farleg avfall og eksport/import av avfall. I tillegg har seksjonen oppgåver knytt til avfallsstatistikk og biologisk behandling av avfall.
Seksjonen samarbeider tett med andre einingar i Miljødirektoratet, og har i tillegg omfattande kontakt med andre statlege etatar, ulike interesseorganisasjonar, statsforvaltaren, kommunar og næringsliv. Seksjonen blir beståande av 14 engasjerte medarbeidarar, og har arbeidsstad sentralt plassert på Helsfyr i Oslo.
Stillinga sine hovudansvarsområde
- leie og bidra inn i arbeid med tiltaks- og verkemiddelvurderingar innan avfallshandtering
- gjennomføre EU-regelverk og forvalte nasjonalt regelverk
- svare ut oppdrag og førespurnader frå Klima- og miljødepartementet og gi fagleg støtte til politikkutvikling
- rettleie statsforvaltaren, kommunen og næringsaktørar
- behandle klagesaker
- bidra i anna relevant arbeid innan arbeidsområda til seksjonen
Kompetansekrav
Kvalifikasjonar
- Du har høgare utdanning på masternivå, til dømes innan naturvitskap, samfunnsvitskap, ingeniørfag eller andre relevante fagområde. Relevant utdanning på bachelornivå med lang og relevant erfaring kan kompensere for kravet om utdanning på masternivå.
- Du har minimum to års relevant arbeidserfaring, fortrinnsvis innan avfall og/eller frå forvaltninga.
- Du har svært god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
- Ddu er trygg på å snakke engelsk i møte og kan kommunisere godt skriftleg på engelsk
Det er ønskjeleg med:
- erfaring frå å leie eller koordinere arbeid i prosjekt
- kunnskap om relevant regelverk
- god digital kompetanse og interesse og forståing for å ta i bruk ny teknologi
Eigenskapar
- du er strukturert, ein effektiv gjennomfører og leverer gode resultat til rett tid i ein hektisk kvardag
- du har god evne til å sjå dei viktigaste problemstillingane og prioritere innsatsen der det er viktigast
- du har ei positiv innstilling og er god til å samarbeide og oppnå resultat saman med andre
- du er komfortabel med å halde foredrag og ta ordet i større forsamlingar
- du må ha god rolleforståing og trivast med myndigheitsutøving
Vi tilbyr
- Fast stilling med lønn som rådgivar/seniorrådgivar frå kr 580 000 til kr. 850 000 etter erfaring og kvalifikasjonar. Særskilt kvalifisert søkjar kan vurderast noko høgare.
- moglegheit til å vere med på å drive arbeidd vidare på eit viktig og prioritert samfunnsområde
- gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
- attraktive lokale ved kollektivknutepunktet Helsfyr og kantine med høg kvalitet
- godt arbeidsmiljø med eit breitt tilbod av sosiale, kulturelle og sportslege aktivitetar - inkludert trening i arbeidstida
- fleksibel arbeidstid og pensjons- og bustadlånsordningar i Statens pensjonskasse
Har du spørsmål?
Kontaktperson for stillinga er seksjonsleiar Jone Rivrud Rygg på telefon 47 64 62 89.
Oppgi referansenummer 12-2025 ASA når du tek kontakt.
Generelle opplysningar
Du må søkje på stillinga via Jobbnorge.no. Skriv søknaden på norsk, og legg ved relevante attestar og utdannelse tatt i utlandet. Vitnemål for utdannelse tatt i Norge må du laste opp i Vitnemålsportalen.
Søkjarlistene blir offentlege når søknadsfristen har gått ut. Om du ikkje ønskjer å stå på den offentlege søkjarlista, må du grunngi kvifor. Vi tek kontakt med deg dersom vi ikkje tek ønsket ditt til følgje, og du får høve til å trekkje søknaden din.
Vi oppfordrar deg til å krysse av i jobbportalen dersom du har funksjonsnedsetjingar, hòl i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Vi kallar inn minst éin kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Du kan lese meir om dette på Statens arbeidsgivarportal (https://arbeidsgiver.dfo.no/strategisk-hr/inkluderingsdugnaden/bli-bedre-pa-rekruttering/hvordan-skrive-stillingsannonser-som-0). Avkryssinga blir også brukt i ein anonymisert statistikk som alle statlege verksemder har med i årsrapportane sine.
Meir informasjon om korleis vi handterer opplysningar om deg som søkjar, kan du finne i personvernerklæringa (https://www.miljodirektoratet.no/personvernerklaring/) vår.
Om arbeidsgiveren
Det er stor variasjon i arbeidsoppgåvene i Miljødirektoratet. Vi utviklar og følgjer opp regelverk, gir råd til Klima- og miljødepartementet, gjennomfører samfunnsøkonomiske analysar, overvaker og kartlegg artar, fører oppsyn og tilsyn, regulerer nasjonalparkar og naturreservat. Nokre oppgåver krev at tilsette med ulik fagkompetanse jobbar saman på tvers. På den måten sikrar vi størst mogleg fagleg tyngd i leveransane våre. Vi lærer av kvarandre og utviklar oss internt. Andre arbeidsoppgåver krev sjølvstendig jobbing.For å løyse samfunnsoppdraget vårt på best mogleg vis, treng vi medarbeidarar i alle aldrar med ulike fagkombinasjonar, kompetanse, livserfaringar og perspektiv. Er du kvalifisert til ei ledig stilling, oppfordrar vi deg til å søkje.
Vi er eit statleg forvaltningsorgan underlagt Klima- og miljødepartementet, og har om lag 730 fast tilsette ved kontora våre i Trondheim og Oslo, og i Statens naturoppsyn (SNO) som er lokalisert 56 stader i landet.
Se alle ledige stillingar i Miljødirektoratet.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Grensesvingen 7, 0661 Oslo
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Analyse, Rådgivning, Saksbehandler
Annonseinformasjon
- FINN-kode 390009822
- Sist endret