Energimontør
Lysna AS
- Frist 16.2.2025
- Ansettelsesform Fast
Bli med på laget! Lysna AS søkjer Energimontør
Lysna, med base i Eikelandsosen, søkjer energimontør/elektrikar som skal vere ein del av vårt team som driftar og vedlikeheld straumnettet i vårt område. Lysna er ein del av konsernet Fusa Kraftlag SA. Driftsområde er i gamle Fusa kommune, frå Holmefjord i nord til Lukksund i sør. Me oppfordrar både elektrikarar og energimontørar til å søkja.
Arbeidsoppgåver:
I denne stillinga vil du jobbe med montering, bygging og dokumentering av nettanlegg, og du blir ein viktig del av arbeidet med å drifte og vedlikehalde eksisterande anlegg. Du vil delta i både store og små prosjekt og utvikle kompetansen din i takt med nye behov og teknologi. Etter opplæring blir du ein del av vår vaktordning for å sikra straumforsyninga til våre kundar.
Ønska kvalifikasjonar
- Fagbrev som energimontør eller elektrikar
- Bilsertifikat klasse B er eit krav
- Bilsertifikat BE/C1E/CE er ein fordel
Hos oss i Lysna:
For oss er det viktig å gje tilsette fleksibilitet og tillit, slik at arbeidet passar til din kvardag. Som tilsett i ei lita bedrift, kan du vere med å forme vegen vidare, både for selskapet og deg sjølv. Tilsette får gode forsikringsordningar som behandlingsforsikring, gruppelivsforsikring og 6 % innskuddspensjon. Me har ferieleilighet, sosiale tilstellinger og felles trening på vinterhalvåret etter ønske.
Om arbeidsgiveren
Lysna AS eig straumnettet i gamle Fusa kommune, og er ansvarleg for drift og vedlikehald. Lysna AS er ein del av konsernet Fusa Kraftlag SA, saman med systerselskapet Strøyma AS. Me er stolt av å vera ein lokal leverandør, med stort fokus på god service. Konsernet har 23 tilsette og held til i Eikelandsosen i Bjørnafjorden kommune.
- Nettverk: LinkedIn
- Sektor: Privat
- Sted: Stallabrotvegen 119, 5640 Eikelandsosen
- Bransje: Drift og vedlikeholdstjenester, Kraft og energi
- Stillingsfunksjon: Elektriker, Elektronikkmontør
Nøkkelord
energimontør, elektrikar, elsikkerhet, nettanlegg
(1/2)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 390018041
- Sist endret