Driftsleiar
Lysna AS
- Frist Snarest
- Ansettelsesform Fast
Lysna AS søkjer dyktig og engasjert driftsleiar
Med elektrifiseringa samfunnet står ovanfor i åra som kjem, er det avgjerande å sikra eit driftssikkert straumnett. Lysna AS, lokalisert i Eikelandsosen, søkjer ein driftsleiar som ønskjer å bidra til sikker og påliteleg drift av straumnettet vårt.
Hos oss blir du ein del av eit arbeidsmiljø som vektlegg samarbeid og utvikling. Du får store moglegheiter til å påverke eigen arbeidskvardag, og me legg til rette for at du kan bruke kompetansen din på best mogleg måte.
Arbeidsoppgåvene dine
Du vil få teknisk og administrativt ansvar for utvikling, drift og vedlikehald av straumnettet.
Ein viktig del av arbeidet vil vere å sikre god beredskapsplanlegging.
Som driftsleiar i Lysna AS vil du leia arbeidet med nettdrifta og vere med å planleggje og drifte distribusjonsnettet vårt på ein framtidsretta måte. Nettet vårt består av ein kombinasjon av kablar, sjøkablar og luftlinjer, som sikrar god forsyningssikkerheit og fleksibilitet ved feilsituasjonar. Me har omlag 3500 nettkundar, desse er fordelt på næringskundar, store industriaktørar, ladeanlegg til ferje og private bustader og hytter.
Lysna AS har nyleg innført fleire nye IT-system, og du vil ha moglegheit til å påverka vidare utvikling og bruk av desse systema. Me skal følgje med på og ta i bruk alternative arbeidsmetodar og nye teknologiar for løyse framtidige oppgåver på ein god måte. Du vil ha ei sentral rolle i dette arbeidet og vil dermed kunne vere med å påverke vidare utvikling.
Til dagleg vil du ha personalansvar for teknisk personell i Lysna, der du har økonomi og støttefunksjonar frå konsernselskapet Fusa Kraftlag.
Etter opplæring vil du inngå i vår beredskapsvakt.
Kvalifikasjonar
• Bachelorgrad eller master innan elkraft, elektrofag. Eventuelt teknisk fagskule i kombinasjon med fagbrev
• Elektroinstallatør, eller kompetanse til å ta denne utdanninga
• God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
Hos oss i Lysna:
For oss er det viktig å gje tilsette fleksibilitet og tillit, slik at arbeidet passar til din kvardag. Som tilsett i ei lita bedrift, kan du vere med å forme vegen vidare, både for selskapet og deg sjølv. Tilsette får gode forsikringsordningar som behandlingsforsikring, gruppelivsforsikring og 6 % innskotspensjon. Me har ferieleilegheit, sosiale tilstellingar og felles trening på vinterhalvåret etter ønske.
Ønskjer du å vere med på å forma framtidas energiløysingar og sikre stabil straumforsyning? Då er Lysna AS staden for deg!
Om arbeidsgiveren
Lysna AS eig straumnettet i gamle Fusa kommune, og er ansvarleg for drift og vedlikehald. Lysna AS er ein del av konsernet Fusa Kraftlag SA, saman med systerselskapet Strøyma AS. Me er stolte av å vera ein lokal leverandør, med stort fokus på god service. Konsernet har 23 tilsette og held til i Eikelandsosen i Bjørnafjorden kommune.
- Nettverk: LinkedIn
- Sektor: Privat
- Sted: Stallabrotvegen 119, 5640 Eikelandsosen
- Bransje: Kraft og energi
- Stillingsfunksjon: Elektroingeniør, Elektronikkmontør, Ledelse
Nøkkelord
driftsleder, forsyningssikkerhet, elkraft, elektrofag, teknisk ansvar
Annonseinformasjon
- FINN-kode 390049785
- Sist endret