Reinhaldsleiar
Vestland fylkeskommune
- Frist 08.02.2025
- Ansettelsesform Fast
Reinhaldsleiar
Vi er på jakt etter ein dyktige reinhaldsleiar! Vi søkjer etter deg som er kompetent, open og modig i arbeidet ditt, og som ynskjer å ta del i utføringa av det viktige samfunnsoppdraget vårt.
Kven er du?
Du yter god sørvis, og ynskjer å gå føre som eit godt eksempel. Du har fokus på utvikling av medarbeidarane dine, og du er villig til å gi det lille ekstra. I tillegg er du glad i å bygge relasjonar - også på tvers av arbeidsstadar. Viktigast av alt er at du er proaktiv og løysingsorientert i møte med andre, og vert motivert av å skapa resultat saman med kollegaar. Du snakkar norsk og gjer deg godt forstått både munnleg og skriflteg.
I tillegg har du også
- fagbrev innan reinhald, eller fem års relevant erfaring frå reinhald
- leiarerfaring og kan vise til gode resultat
- god økonomisk forståing
- gode kommunikasjonsevner
- plettfri vandel
- førarkort klasse B
Det er ønskjeleg at du har sertifisering/erfaring med INSTA 800 nivå 3.
Kva arbeidsoppgåver vil du få?
Stillinga er knytt til skulane Amalie Skram og Bergen Maritime, og som reinhaldsleiar vil du ha det overordna ansvaret for reinhaldet på desse lokasjonane. Du vil også stå for den daglege drifta av eininga. Du vil ha personalansvar og skal ha god oppfølging av medarbeidarane dine. Du skal vidareutvikle arbeidsmiljøet i eininga, og syte for at alle medarbeidarane dine trivast på jobb.
I tillegg vil du mellom anna ha oppgåver innan
- innkjøp
- rekruttering
- rapportering
Kva kan vi tilby deg?
Vi kan tilby ei spanande stilling med ansvar, utfordringar og gode utviklingsmogelegheiter. Hjå oss vil du få mogelegheit til å vekse både personleg og profesjonelt. Du vil bli ein del av eit svært kompetent leiarteam med eit inkluderande arbeidsmiljø der latteren sit laust. Vi sørger for å ha det gøy saman kvar dag!
I tillegg tilbyr vi
- konkurransedyktige betingelsar
- grundig leiaropplæring med mogelegheit for interne og eksterne kurs
- støtteapparat (HR, HMSK, løn)
- løn etter gjeldande lønnsvilkår
- Oppstart etter avtale
- gode pensjons- og forsikringsordningar
Kven er vi?
Eigedomsavdelinga er Vestland fylkeskommune si fagavdeling for bygge- og eigedomssaker. Avdelinga skal ivareta fylkeskommunen sin byggherrefunksjon og er ansvarleg for forvaltning, drift, reinhald, vedlikehald og utvikling av fylkeskommunen sine eidegomar. Samla areal på eigedomsmassen er om lag 750 000 m², og utgjer mellom anna vidaregåande skular, tannklinikkar, kollektivanlegg og kultur- og administrasjonsbygg. Reinhaldstenesta er delt i 2 regionar og organisert i områder, der kvar reinhaldsleiar har ansvar for 2-4 skular kvar. Vi trur at kvalitet i tenestene vert skapt gjennom godt arbeidsmiljø og mangfald blant dei tilsette.
I 2024 vann vi arbeidsmiljøprisen for det gode arbeidet vi har gjort med nærværsprosjektet på avdelinga, og dette er vi veldig stolte av. Som reinhaldsleiar vil du vere med på å oppretthalde fokuset på nærværsarbeid i avdelinga.
Anna
- Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader
- Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk
- Personleg eignaheit vil bli vektlagd
- Vi gjer merksam på at i fylgje offentleglova §25, 2. ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkarliste vil du alltid bli varsla før søkarlista vert offentleggjort
Om arbeidsgiveren
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Lungegårdskaien 40, 5015 Bergen
- Bransje: Renovasjon og renhold
- Stillingsfunksjon: Ledelse
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Reinhaldsleiar, Renholdsleder, Teamleder
Annonseinformasjon
- FINN-kode 390061127
- Sist endret