Psykologspesialist/ psykolog i poliklinikk
Helse Bergen
- Frist 05.02.2025
- Ansettelsesform Fast
Psykologspesialist/ psykolog i poliklinikk
Vi har ledig fast stilling for psykolospesialist/ psykolog i vårt sektorteam for Bjørgvin ved Avdeling for rusmedisin (AFR) sin poliklinikk i Engenhuset.
Poliklinikken i Engenhuset har eit solid og unikt fagmiljø i nasjonal og internasjonal samanheng. Vi arbeider metodisk og systematisk med behandling gjennom vekentleg tverrfagleg rettleiing i team, og samarbeider med fleire solide forskningsmiljø. Rettleiinga går føre seg i team beståande av psykologspesialist og psykolog, spesialist i rusmedisin, psykiater, sosionom og vernepleiar. Teamet er inndelt etter sektor, og har tett samarbeid med Bjørgvin DPS, i tillegg til mellom anna primærhelsetjenesta. Vi har nyleg utvikla eBehandling for pengespelavhengigheit, og skal også ta i bruk eBehandling for alkoholavhengigheit.
Poliklinikken held sentralt til i heilt nye lokale i Håkonsgaten 1 saman med fleire andre seksjonar i avdeling for rusmedisin. Det er kort avstand til kollektivtransport. I poliklinikken er det 41 tilsette, av desse er 9 psykologspesialistar, 11 psykologar og to overlegar. Den tverrfaglege bemanninga består elles av erfarne sosionomar, spesialsjukepleiarar, vernepleiarar og musikkterapeut, samt merkantilt tilsette. Ein sosionom i kvart team tek ansvar for sosialfaglege oppgåver, slik at terapeutane kan ha hovudfokus på terapi og endringsprosessar. I tillegg samarbeider teama med jobbkonsulentar (IPS), som har fokus på å hjelpe pasientar som ønsker det inn i ordinært, lønna arbeid.
Stillinga er ledig frå våren 2025.
Arbeidsoppgåver
- Utgreiing og behandling av rusavhengige, ofte ROP-tilstandar
- Samhandling og rettleiing av samarbeidspartnarar internt og eksternt mot kommunale tenester
- Deltaking i internt utviklingsarbeid og rettleiing er forventa
- Individualterapi og gruppeterapi
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som psykolog
- Særs gode kunnskapar i norsk, både munnleg og skriftleg
- Godkjend spesialitet i klinisk psykologi (fortrinnsvis rus og avhengigheitspsykologi eller spesialist i klinisk voksenpsykologi)
- Erfaring med arbeid innan rusbehandling, psykisk helsevern eller fengsel/ kriminalomsorg vil vere ein fordel
Personlege eigenskapar
- Du bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
- Du trivast med å arbeide i eit tverrfagleg miljø og meistrar høgt tempo
- Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert
- Du må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team
- Du arbeider målretta og toler å stå i krevande situasjonar
- Personleg egnethet
Vi tilbyr
- Lønn etter avtale
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Triveleg arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå og engasjement
- Fagleg og personleg utvikling
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Håkonsgaten 1, 5015 Bergen
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Psykolog
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
psykologspesialist, psykolog, rusmedisin, bergen sentrum
Annonseinformasjon
- FINN-kode 390064455
- Sist endret