Jordmor i 50% vikariat
Øygarden kommune
- Frist 04.02.2025
- Ansettelsesform Vikariat
Barn, Unge og Familietenester (BUFT)
Om avdelinga:
Barn, unge og familietenester består av 4 helsestasjonar, skulehelseteneste, helsestasjon for ungdom, helsestasjon for flyktningar, kommunepsykologar for barn og unge og eit familie og rettleiingssenter. I avdelingane arbeidar det ulike yrkesgrupper som helsesjukepleiarar, jordmødrer, helsesekretærar, familierettleiarar, ungdomslos, miljøarbeidarar, pedagogar og psykologar.
Jordmortenesta har eit godt tilbod til gravide, nyfødde og barselkvinner i kommunen. Du vil få arbeide tett med engasjerte og dyktige kollegaer som har fokus på kvinnehelse.
Det vert no lyst 50 % vikariat i jordmortenesta, ledig frå 1. mars 2025
Arbeidsoppgåver:
- Konsultasjonar i svangerskapsomsorga.
- Konsultasjonar i barselomsorga med heimebesøk.
- Kursverksemd
- Jordmor Heim laurdagar.
Kvalifikasjonar:
Må ha:- Autorisert jordmor
- Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
- Erfaring frå arbeid i svangerskap- og barselomsorga.
- God kunnskap i ammerettleiing
- Erfaring med blodprøvetaking til nyfødtscreening,
- Interesse og engasjement for kvinnehelse, svangerskapsomsorg og barselomsorg.
- God på relasjonar og må ha gode kommunikasjonsevner.
- Strukturert
- Sjølvstendig
- Fleksibel
Vi tilbyr:
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- IA-bedrift
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
Anna:
Då det er store avstandar i kommunen må ein disponere eigen bil og ha førarkort klasse B
Vikariatet varer i første omgang i 6 månader, med moglegheit for vidareføring ut året.
Kontakt:
For nærare opplysningar om stillingane. Ta kontakt med:
Berit Algrøy, einingsleiar, BUFT, telefon: 95208001
Tonje Eide Fluge, koordinator for jordmortenesta, telefon 48160992
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.
Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Om arbeidsgiveren
Administrasjonsspråket i Øygarden er nynorsk.
Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Blombakkane 2, 5353 Straume
- Bransje: Barn, skole og undervisning, Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Jordmor
Nøkkelord
Jordmor
Annonseinformasjon
- FINN-kode 390072086
- Sist endret