Seniorkonsulent ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap
Universitetet i Bergen
- Frist 12.02.2025
- Ansettelsesform Fast
Seniorkonsulent ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap
Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Video: https://youtu.be/vtJLmcUJ3-w
Seniorkonsulent
Ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap (AHKR) er det frå 1. mars ledig ei 100 % stilling som seniorkonsulent, knytt til eksamens- og undervisningsadministrasjon.
Instituttet har om lag 100 vitskapleg tilsette og om lag 1700 studentar.
I den administrative staben ved AHKR inngår 12 faste stillingar. Studieleiar er koordinator for studiegruppa ved instituttet, og seniorkonsulenten rapporterer til han. Administrasjonssjefen er leiar for instituttadministrasjonen samla.
Aktuelle arbeidsoppgåver knytt til eksamens- og undervisningsadministrasjon:
- Planlegge undervisning og arbeide med timeplan.
- Ha ansvar for planlegging og praktisk gjennomføring av eksamen, samt etterarbeid knytt til eksamen.
- Vere sakshandsamar i saker om karakterklagar.
- Følgje med på den digitale utviklinga innan studieadministrasjon, og ta aktivt del i utprøving og implementering av nye digitale løysingar på feltet.
- Ta del i rutineutvikling.
- Ta hand om korrespondanse og drive variert sakshandsaming.
- Ta aktivt del i eksamensnettverket.
- Vere stedfortreder i instituttekspedisjonen.
Det studieadministrative arbeidet krev god dialog og tett samarbeid med vitskapleg personale, og det er ein føresetnad at eksamens- og undervisningskonsulenten medverkar til god kommunikasjon mellom studiegruppa og fagmiljø.
Alle i administrasjonen vil, i tillegg til dei spesifikke funksjonar lagt til si stilling, også måtte ta del i andre administrative oppgåver. Det kan verte aktuelt med justeringar av arbeidsoppgåver og arbeidsfordeling. For tida er Det humanistiske fakultet i gang med ein revisjon av studieporteføljen, og dette vil føre til endringar i studietilbodet ved instituttet.
Kvalifikasjonar:
- Høgare utdanning på masternivå. Lang og relevant praksis kan i særskilte høve kompensere delvis for manglande formell utdanning.
- Relevant praksis er ein føresetnad.
- Kjennskap til undervisningsplanlegging og eksamensadministrasjon er ein klar føremon.
- God kjennskap til det studieadministrative arbeidsfeltet og erfaring frå universitets- eller høgskulesystemet og offentleg forvaltning blir vektlagt.
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne på begge målformer.
- Gode engelskkunnskapar.
- God IT-kompetanse og røynsle med program som FS, TP, Inspera og Elements er ein føremon.
Personlege eigenskapar:
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner, og god sørvisinnstilling.
- Initiativ, engasjement og fleksibilitet.
- Evne til å arbeide sjølvstendig, strukturert og målretta.
- Evne til prioritering og orden i fasar med stort arbeidspress.
I vurderinga av søkjarane vert det lagt stor vekt på dei personlege kvalifikasjonane som trengst i stillinga.
Vi tilbyr:
- Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø.
- Medlemsskap i Statens pensjonskasse.
- Stilling som seniorkonsulent (kode 1363) med ei årsløn mellom kr 574 000 - kr 624 000. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare lønn.
- Gode velferdsordningar (https://www.uib.no/foransatte/17399/velferd)
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til administrasjonssjef Britt Kristin Holsen ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap, telefon 55582315, e-post Britt.Holsen@uib.no.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.
Den som vert tilsett må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Søknad, CV og vedlegg skal sendast elektronisk via link på denne sida «SØK STILLINGA».
Nærare om tilsettingsprosessen her (https://www.uib.no/hr/74251/ansettelsesprosessen).
Om arbeidsgiveren
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Øysteins gate 3, 5007 Bergen
- Bransje: Forskning, utdanning og vitenskap, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Kontor og administrasjon, Saksbehandler, Undervisning og pedagogikk
Annonseinformasjon
- FINN-kode 390152193
- Sist endret