Sekretær/Helsesekretær
Helse Møre og Romsdal HF
- Frist 05.02.2025
- Ansettelsesform Vikariat
Sekretær/Helsesekretær
Vi søkjer etter tilkallingsvikar som sekretær på høyrselssentralen. Det kan også vere aktuelt å vere vikar i forbindelse med ferieavvikling.
Som sekretær har du ei viktig rolle for å få kvardagen til å gå opp i vår eining. Arbeidstaden er i ein travel ekspedisjon med mange forespurnader frå pasientar og stort trykk på telefonen. Vi søkjer deg som er positiv, fleksibel og engasjert. Du bør kunne jobbe sjølvstendig, men samtidig ha gode samarbeidsevner og vere ein medverkar til eitt godt arbeidsmiljø.
På høyrselssentralen er det tilsett 7 audiografar og to sekretærar. Høyrselssentralen er tilknytt ØNH seksjonen. Ålesund sjukehus.
Arbeidstid er i hovudsak dagtid.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.Arbeidsoppgåver
- Betjene ekspedisjon og besvare telefon
- Registreringsoppgåver i elektronisk pasientjournal
- Ventelistearbeid
- Oppgjer og timeoppsett til poliklinikk-pasientar
- Bestilling av pasientreiser
- Bestilling av tolk ved behov
- Post og skanning m.m.
Kvalifikasjonar
- Det er ønskjeleg med relevant erfaring
- Autorisasjon som helsesekretær kan vere ein fordel, men ikkje eit krav
- Gode datakunnskapar og interesse for IKT-verktøy
- Fordel med kjennskap til Helseplattformen
- Må mestre norsk språk; munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Du yt god og profesjonell service til pasientar og samarbeidspartnarar
- Du er endringsorientert og fleksibel
- Du har gode samarbeidsevner i forhold til kollegaer og til samarbeidspartnarar på tvers
- Du tar ansvar og er initiativrik
- Du har evne til å handtere fleire ting samtidig
- Du jobbar effektivt, systematisk og er god på å prioritere mellom arbeidsoppgåver
- Du har høg arbeidskapasitet og er god på stresshandtering
Å vere personlege eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Om arbeidsgiveren
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal
- Sektor: Offentlig
- Sted: Åsehaugen 5, 6017 Ålesund
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Helsesekretær, Sekretær
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
sekretær, helsesekretær
Annonseinformasjon
- FINN-kode 390197489
- Sist endret