Rådgjevar/Seniorrådgjevar
Vestland fylkeskommune
- Frist 09.02.2025
- Ansettelsesform Fast
Rådgjevar/Seniorrådgjevar
Har du eit engasjement for organisasjonsarbeid og lyst til å jobbe med utfordrande og varierte HR-oppgåver? Hos oss i Vestland fylkeskommune har vi ei ledig stilling som rådgjevar eller seniorrådgjevar i HR-eininga Arbeidsgjevarpolitikk og kvalitetsstyring. Dette er ei unik moglegheit til å jobbe i eit dynamisk miljø som bidreg til samfunnsutvikling – med menneske og kvalitet i fokus.
Vi treng ein person som:
- Er sjølvstendig og tar ansvar for eigne oppgåver
- Er god på samarbeid
- Har god rolleforståing og er løysingsorientert
- Trivast med komplekse arbeidsoppgåver
- Kan handtere praktiske oppgåver, men har og eit ønskje om å arbeide på strategisk nivå
- Trivast med en hektisk arbeidshverdag der ein må sjonglere mange ulike arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåver
Som ein del av teamet vårt vil du få spennande og varierte oppgåver, som mellom anna:
- Planlegging og gjennomføring av lønsforhandlingar og lønsjusteringar
- Oppfølging og dialog med arbeidstakarorganisasjonar, tillitsvalde og leiarar
- Sakshandsaming av HR-relaterte saker frå leiarar og tilsette
- Utarbeiding og analyse av HR-data for strategisk styring
- Rettleiing innan tariff- og avtaleverk i kommunal sektor
- Ansvar for møter og samlingar, og oppgåver som møtesekretær ved behov
- Å bidra til kvalitetsarbeid og utviklingsprosjekt i fylkeskommunen.
Kvalifikasjonar
For å lukkast i denne stillinga ser vi etter ein person som kan tilføre både fagleg styrke og godt samarbeid:
- Utdanning: Du må ha relevant mastergrad innan HR, organisasjonsvitskap, samfunnsvitskap, humaniora eller tilsvarande. Relevant erfaring kan kompensere for formell utdanning, og då vil stillingsnemninga vere «Spesialkonsulent».
- Erfaring: Det er ønskjeleg at du har Bakgrunn frå HR-arbeid og/eller lønsarbeid, med god kjennskap til tariffspørsmål og avtaleverk i kommunal sektor. Kjennskap til kvalitetsarbeid, virksomhetsstyring og offentleg sektor er ein fordel.
- Kompetanse: Vi ønskjer ein person som har evne til å arbeide strukturert, finne praktiske løysingar og sjå heilskapen i komplekse situasjonar. Du bør ha god systemforståing og digitale ferdigheiter, spesielt innan bruk av Excel og andre relevante system.
- Personlege eigenskapar: Vi ønskjer at du har god kommunikasjonsevne, både skriftleg og munnleg. Du er relasjonsbyggjande, løysingsorientert og har evne til å skape tillit i møte med andre.
Vi tilbyr
Hos oss blir du ein del av eit inkluderande miljø som legg til rette for både fagleg og personleg utvikling. Vi legg stor vekt på samarbeid, fagleg stoltheit og trivsel, og vi deler ei felles forståing av samfunnsoppdraget vårt.
Som ein del av vårt team vil du få:
- Spennande og utfordrande oppgåver i ei stor og kompleks verksemd
- Ei sentral rolle i arbeidsgjevars lønsforhandlingsteam
- Moglegheit til å utvikle eit stort fagleg nettverk både lokalt og nasjonalt
- Erfaring med sakshandsaming og saksgang i ei politisk styrt verksemd
- Eit inkluderande, fleksibelt og kompetent arbeidsmiljø der vi støttar kvarandre
- Fleksibel arbeidstid og moglegheit for noko heimekontor
- Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar
- Kontorstad i Leikanger eller Bergen
Hjå oss blir du ein del av eit arbeidsmiljø som verdset vekst og utvikling – både for deg og for samfunnet vi er ein del av.
Andre opplysningar
- Du må pårekna noko reising
- Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk
- Alle nytilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader
- Ver merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Har du spørsmål eller ønskjer meir informasjon, send gjerne ein sms så tar vi kontakt med deg!
Om arbeidsgiveren
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
- Nettverk: LinkedIn
- Sektor: Offentlig
- Sted: Lars Hilles gate 22, 5008 Bergen
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: HR, personal og rekruttering, Rådgivning
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
HR, personal, forhandling, kvalitet, tariff
Annonseinformasjon
- FINN-kode 390298806
- Sist endret