Vil du bli lærling i logistikkfaget på sjukehus?
Helse Bergen
- Frist 28.02.2025
- Ansettelsesform Lærling
Vil du bli lærling i logistikkfaget på sjukehus?
Hospitaldrift er ei av avdelingane i Drift/teknisk Divisjon ved Helse Bergen HF, og leverer ikkje-medisinske tenester og produkt til føretaket. Mellom anna leverer Hospitaldriftpasienttransport og andre interne transporttenester, mat til pasientar, pårørande og tilsette,reine tekstilar og senger, dagleg reinhald, sikkerheitstenester, sentralbordtenester oginterndistribusjon av post. Hospitaldrift består av 7 einingar og har ca. 800 medarbeidarar.
Hospitaldrift Transport er ei av einingane i Hospitaldrift med ca 130 medarbeidarar. Einingahar tre seksjonar; Pasientrelaterte transporttenester og bildrift, Forsyningsteneste ogMiljøhallen. Einiga har som hovudoppgåver å ivareta pasienttransport, andretransporttenester, forsyningstenester og avfallshandtering.
Hospitaldrift Transport er eit av ledda i Helse Bergen som trengs for at sjukehuset skalfungere 24 timar i døgnet. Vi har fokus på ungdom og fagutdanning i framtida. Våreopplæringsplanar i logistikkfaget inneheld brei opplæring i faget og våre godt kvalifisertemedarbeidarar tar del i opplæringa over heile Haukeland universitetssjukehus.
Vi har tre ledige læreplassar i logistikkfaget frå hausten med varigheit på 2 år. Læreplanen finndu her: Kompetansemål - Læreplan i vg3 logistikkfaget (LOG03-02) (udir.no) eller på vilbli.no.
Stillinga medfører skiftarbeid i turnus på dag, kveld og helg.
Arbeidsoppgåver
- Bestilling av forbruksvarer, væske og tøy
- Vedlikehald av lager og depot og merking av hyller og skap på avdelingar i sjukehuset
- Transport og handtering av mat, varer, tøy, væske, oksygen, medisinar og avfall
- Henting og levering av prøver, blod, journalar, utstyr og anna
- Transport av skitne og reine senger
- Mindre flytteoppdrag/ fjerning av møblar ol.
- Arbeidet inneber mykje fysisk aktivitet og kan vere psykisk krevande
- Stillinga medfører arbeid pt. i 2-delt turnus, dag, kveld og helg
Kvalifikasjonar
- Gjennomført VG1 og VG2
- Studieretning: Teknologi og Industrifag VG1, Transport og Logistikk VG2
- Gode kommunikasjonsevner, både skriftleg og munnleg
- Førarkort klasse B er ein fordel
- Kompetansebevis for truck klasse T1, T2 og T4 er ein fordel
Personlege eigenskapar
- Du har motivasjon og interesse for fagfeltet
- Du er strukturert, punktlig og nøyaktig
- Du har gode samarbeidsevner, er arbeidsvillig og initiativrik
- Du er fleksibel, serviceinnstilt og imøtekommande
- Du kan utføre og trivast med arbeid som kan vere fysisk og psykisk krevande
Vi tilbyr
- Ein spennande arbeidsplass
- Høgt fagleg nivå
- Triveleg arbeidsmiljø
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivsbedrift (IA-bedrift)
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 3
- Sted: Haukelandsveien 22, 5009 Bergen
- Bransje: Helse og omsorg, Transport og logistikk
- Stillingsfunksjon: Logistikk og lager
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
lærlig logistikkfaget, lærling, logistikkfaget
Annonseinformasjon
- FINN-kode 390319331
- Sist endret