Seljar med utvida ansvar
Kvam Elektro AS
- Frist 19.02.2025
- Ansettelsesform Fast
POWER Øystese søkjer 100%-stilling
POWER ØYSTESE – (Kvam Elektro AS) søkjer seljar i 100 % stilling, med utvida ansvar.
Målet vårt er å skape ei sunn og lønnsam bedrift som sikrar trygge arbeidsplassar for noverande og framtidige tilsette. Dette skal vi gjere gjennom effektive løysingar som kjem kundane våre til gode med minst mogleg negativ påverknad på miljøet og omgjevnadene.
Som seljar i POWER har du salserfaring og ønskjer å utvikle deg i ei spennande og ekspanderande bedrift.
Hovudoppgåver:
- Ansvar for sal og salsutvikling for butikken
- Gjennomføring av gode kundeopplevingar gjennom kvalitet i butikkstandard
- Sikre korrekt utlevering av varer og tenester
Vi ønskjer at du:
- Har erfaring frå sal/tenester
- Likar å jobbe med kundar og elektronikk
- Motiverast av sal og strekkjer deg gjerne etter nye mål og resultat
- Set deg inn i kunden sine behov og ønskje
- Bidreg med energi, glede og motivasjon på arbeidsplassen
- Er pliktoppfyllande
- Open for å ta imot og gi konstruktive tilbakemeldingar
- Er deg sjølv – for det er slik vi likar deg!
Dette får du igjen av POWER:
- Konkurransedyktig lønn og vilkår
- Gode personalrabattar
- Verdfull erfaring i kundebehandling
- God opplæring
- Gode utviklingsmoglegheiter
POWER meiner at inkludering og mangfald er ei styrke, og vi treng medarbeidarar med ulik kompetanse, bakgrunn, erfaring og perspektiv for å vere gode. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje, uansett alder, funksjonsevne og kjønn.
Høyrest dette ut som noko for deg? Då håper vi du har lyst til å bli med på laget!
Velkomen til moglegheitene si arbeidsplass hos oss i POWER!
Bransjekategori: Sal / Marknadsføring
Bransje: Produktsal
Om arbeidsgiveren
POWER-eventyret starta i Danmark i 2015. Seinare opna vi butikkar i Finland, netthandel i Sverige, og i 2017 kom POWER til Noreg. I dag er POWER Nordens nye elektrogigant med nærmare 200 butikkar og 4400 medarbeidarar og vi veks stadig. I 2019 omsette POWER Noreg for nesten 5,4 milliardar, noko vi er svært stolte av, og som gjer oss til ein av Noregs største elektronikk-kjeder. POWER er med andre ord ei verksemd i vekst, ei reise selskapet òg tek med medarbeidarane sine på.
POWER Noreg er eit selskap eigd av POWER International. POWER International er eigd av AWILHELMSEN AS og Dolphin Invest AS ved Øivind Tidemandsen. Det norskeigde konsernet driv òg POWER i Danmark, Finland og Sverige.
- Nettverk: X
- Sektor: Privat
- Sted: Hardangerfjordveien 642, 5610 Øystese
- Bransje: Butikk og varehandel
- Stillingsfunksjon: Butikkansatt
Annonseinformasjon
- FINN-kode 390319842
- Sist endret