Lærling i portørfaget
Helse Bergen
- Frist 28.02.2025
- Ansettelsesform Lærling
Lærling i portørfaget
Hospitaldrift er ei av avdelingane i Drift/teknisk Divisjon i Helse Bergen, og leverer ikkje-medisinske tenester og -produkt til føretaket. Hospitaldrift Transport er ei av einingane i Hospitaldrift. Vi utfører portørtenester, forsyningstenester, avfallshandtering og andre internetransporttenester for helseføretaket. Vi er ein viktig bidragsytar for god pasientflyt og logistikk for heile sjukehuset.
Vi satsar på utdanning av lærlingar og fast tilsette og er lærebedrift i både logistikkfaget og portørfaget. Våre opplæringsplanar i portørfaget inneheld brei opplæring i faget og våre godt kvalifiserte medarbeidarar tar del i opplæringa over heile Haukeland universitetssjukehus. Vi har om lag 120 medarbeidarar og erdelt i tre seksjonar; Pasientportørteneste, Forsyningsteneste og Miljøhall ogvaretransport.
Vi har tre ledige læreplassar i portørfaget frå hausten med varigheit på 2 år. Stillinga medfører skiftarbeid i turnus.
Her ligg informasjon om faga og læretida hos oss: Lærlingar
Læreplanen finn du her: Læreplan eller på vilbli.no.
Arbeidsoppgåver
- Transport av pasient i seng/ bil/ rullestol
- Henting og transport av pasientar som kjem med helikopter
- Transport av reine og skitne senger
- Bestille og levere varer som medisinske væsker og forbruksvarer, mat og tøy til avdelingane ved sjukehuset, utføre vareutplassering og haldbarheitskontroll
- Henting av avfall og skittentøy samt transport av blodprodukt, prøver og utstyr
- Arbeidet inneber mykje fysisk aktivitet og kan vere psykisk krevande
- Som lærling medfører stillinga arbeid i 2-skift i turnus på dag, kveld og 3. kvar helg
Kvalifikasjonar
- Bestått VG-1 Helse og oppvekstfag
- Bestått VG-2 Ambulansefag eller VG-2 Helsearbeidarfaget eller VG-2 Helseservicefag
- Førarkort klasse B (seinast innan første år av læretida)
- Kompetansebevis for truck klasse T1 er ein fordel
- Særs god norsk munnleg framstilling
- Grunnleggande datakunnskapar
Personlege eigenskapar
- Du har motivasjon og interesse for fagfeltet
- Du er ansvarsbevisst og tillitskapande
- Du er serviceinnstilt med godt humør
- Du har gode kommunikasjonsevner og relasjonsbyggjande eigenskapar
- Du har evne til å arbeide sjølvstendig, systematisk og strukturert
- Du kan jobbe bra under press og utføre og trivast med arbeid som kan vere fysisk og psykisk krevjande
Vi tilbyr
- Givande og variert arbeidesdag
- Høgt fagleg nivå
- Triveleg arbeidsmiljø
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Bedriftsidrettslag
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 3
- Sted: Haukelandsveien 22, 5009 Bergen
- Bransje: Helse og omsorg, Transport og logistikk
- Stillingsfunksjon: Annet, Helsepersonell, Logistikk og lager
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
lærling, portørfaget, haukeland sykehus, helse bergen
Annonseinformasjon
- FINN-kode 390327908
- Sist endret