Er du klar for ein givande sommar? Hospitaldrift Reinhald
Helse Bergen
- Frist 31.05.2025
- Ansettelsesform Sommer/Sesong
Er du klar for ein givande sommar?
Hospitaldrift ved Helse Bergen HF består av åtte einingar med om lag 815 medarbeidarar, og leverer ikkje-medisinske tenester til Haukeland universitetssjukehus.
Kvar sommar har vi behov for dyktige og engasjerte sommarvikarar som kan bidra til å oppretthalde den daglege drifta ved sjukehuset.
Vi søker no sommervikarar til Hospitaldrift Reinthald.
Hospitaldrift Reinhald er ein viktig del av Helse Bergen HF, og leverer reingjeringstenester på fleire av helseføretakets lokasjonar, både i Bergen og på nærliggande områda som Sotra og Askøy. Eininga har ansvar for å sikre eit rent og hygienisk arbeidsmiljø for både pasientar, pårørande og medarbeidarar. Dette inkluderer dagleg reingjering, hovudreingjering, smittevask og produksjon av reine senger. Hospitaldrift Renhold er organisert i åtte seksjonar og har eit kompetent team på om lag 350 tilsette som samarbeider for å oppretthalde høg standard på reinhaldet. Gjennom grundig opplæring og profesjonell utføring av arbeidsoppgåvene, spelar Hospitaldrift Reinhald ei sentral rolle i å støtte sjukehusets daglege drift og pasientomsorg.
Søkarar må ha fylt 18 år innan 2025 og kunne jobbe minimum 4 veker. Ferieperioden for sommarvikarar i Hospitaldrift Reinhald strekk seg frå veke 25 til veke 34.
Det er viktig at du oppgir når du kan jobbe. Søknader frå dei som kan jobbe flest veker i denne perioden vil bli prioriterte.
Hospitaldrift Reinhald har turnusarbeid på ettermiddag, kveld og helg. Arbeidsspråket er norsk, og gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg, er eit krav.
Førarkort er nødvendig for nokre av stillingane. Kandidatatr vil fortløpande bli kalla inn til intervju.
Arbeidsoppgåver
- Arbeidsoppgåvene vil innebere regelmessig reinhald, spesialreinhald av ulike lokale og andre reinhaldsrelaterte oppgåver
- Arbeidstida vil vere i turnus (dag/kveld/helg)
- Medarbeidar vil inngå i eit team som rullerer innan arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
- Ønskeleg med erfaring frå renhaldsbransjen, men også andre søkarar vil bli vurderte
- Det vil bli stilt høge krav til gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
- Full opplæring vil bli gitt i samband med arbeidsoppgåvene
- Personleg eignaheit vil bli vektlagt ved vurdering av søkarane
Personlege eigenskapar
- Du er punktleg og påliteleg
- Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, og trivst i teamarbeid
- Du tilpassar deg lett nye situasjonar, er løysingsorientert og fleksibel
- Du er i stand til å følgje og arbeide etter oppdaterte prosedyrar til ein kvar tid
- Du behandlar pasientar på ein profesjonell og empatisk måte, er imøtekomande og viser respekt
- Du samarbeider godt med andre, og tek ansvar for at arbeidsoppgåvene vert utført på ein grundig og forsvarleg måte
- Du har god fysisk helse og er i stand til å utføre praktisk og fysisk krevjande arbeid
Vi tilbyr
- Full opplæring i forhold til arbeidsoppgåvene
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
- Tilgang til bedriftsidrettslag
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 78
- Sted: Haukelandsveien 22, 5009 Bergen
- Bransje: Helse og omsorg, Renovasjon og renhold
- Stillingsfunksjon: Renhold
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
sommarvikar renhold, assistent reinhald, assistent renhold, haukeland sykehus, sommerjobb
Annonseinformasjon
- FINN-kode 390332197
- Sist endret