Bildegalleri
I fugleværet - Ærfugelen
Trygg handel med Fiks ferdig
Varen blir sendt til deg, og du har 24 timer på deg til å inspisere den før pengene overføres til selger.
Beskrivelse av varen
Langs den langstrakte kysten vår ligg fugleværa.
Hit kjem sjøfuglane kvar vår for å legge egg og få ut ungar. I bratte fuglefjell hekkar lundefugl, alke og krykkje. På holmar og øyar har måse, ender og gjess reir. Mange har overvintra langt til havs, andre kjem frå Spania, England og Afrika. Natt og dag flyg dei for å kome heim til øya der dei voks opp, til reiret dei vart klekt ut i. Som styrt av eit indre kompass pløyer dei vind og snødrev mot nord. Heim til som- marlandet.
Folk i fugleværa ventar på fuglane. Våren er fuglane. Fuglane er våren. Ein av dei er mest som eit husdyr. Ærfuglen eller ea som øyværingane kallar hoa. Dei steller for denne ville fuglen slik dei gjer for dei andre husdyra sine. Legg opp tang om våren, ordnar reira og vaktar fuglen mot rovdyr og rovfugl. Til gjengjeld får dei egg og dun. Av duna lagar dei verdas beste sengetøy, edderdunsdyna. Den prins- essa på erta sov på. Slik har dei halde på i tusen år, minst. Framleis er det fuglevaktarar i dunværa som tar vare på ærfuglane. For dei er han ein hellig fugl.
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 23.1.2025, 18:53 ・ FINN-kode: 390386475