Innovasjonsrådgjevar - studentinnovasjon - HVL Skape
Høgskulen på Vestlandet
- Frist 16.02.2025
- Ansettelsesform Fast
Innovasjonsrådgjevar innan studentinnovasjon – HVL Skape
Høgskulen på Vestlandet, Avdeling for samfunnskontakt - arbeidsliv og livslang læring, har ledig fast stilling som rådgjevar i HVL Skape.
Er du vår nye draumekollega? Bli med i HVL SKAPE og jobb med engasjerte kollegaer og innovative studentar!
HVL Skape (www.hvlskape.no (http://www.hvlskape.no)) er Høgskulen på Vestlandet (HVL) sitt tilbod til studentar innan innovasjon og entreprenørskap som strekker seg utover det som skjer i fag og emne, og er eit tilbod for alle studieretningar og på alle campus.
Nå søkjer vi etter ein rådgjevar innan studentinnovasjon som vil vere sentral i det givande arbeidet med å vidareutvikle HVL Skape, i samarbeid med kollegaer på tvers av einingar/fagmiljø i HVL, og i samarbeid med spennande eksterne aktørar.
Arbeidsstad for stillinga vil vere HVL sin campus i Bergen.
HVL har også campusar i Førde, Haugesund, Sogndal og på Stord. Noko reising må påreknast.
HVL Skape er ein del av Avdeling for samfunnskontakt- arbeidsliv og livslang læring i HVL. Avdelinga skal vere pådrivar for å vidareutvikle samarbeid med arbeids-, nærings-, og samfunnsliv, styrkje HVL sin posisjon i regionen og synleggjere HVL som kunnskaps- og kompetanseaktør.
Ansvars- og arbeidsoppgåver:
- Bidra i HVL sitt arbeid med tilrettelegging for innovasjon og entreprenørskap blant studentar gjennom HVL Skape
- Mobilisere til auka innovasjons- og entreprenørskapskultur blant studentar
- Prosjektutvikling og prosjektleiing
- Arbeide for meir eksternfinansiering av HVL Skape-aktivitetar
- Samarbeid med arbeids-, nærings-, og samfunnsliv for studentinnovasjon
- Tilrettelegging for nettverksbygging og møteplassar
- Rettleie studentar med eigne innovasjons- og gründerprosjekt
- Støtte opp kring interne program/satsingar for studentinnovasjon
- Arrangement og aktivitetar i regi av HVL Skape, med et særleg ansvar for koordinering, planlegging, og gjennomføring
- Saman med kollegaer bidra til koordinering av HVL Skape-arbeidet
- Koordinering av studentassistentar
Det kan over tid bli endring i ansvarsområde og arbeidsoppgåver.
Kvalifikasjonskrav:
Formell utdanning og kompetanse:
- Bachelorgrad, fortrinnsvis mastergrad, med relevans for den utlyste stillinga. Erfaring frå arbeid med innovasjon/entreprenørskap kan veie opp for manglande relevans i utdanning
- God kjennskap til entreprenørskap og innovasjonsprosessar
- Gode formidlingsevner
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk, eventuelt anna skandinavisk språk, og engelsk
Ønskja kvalifikasjonar:
- Gode samarbeidsevner
- Erfaring frå prosjektutvikling, prosjektleiing og søknadsprosessar knytt til eksternfinansiering kan vera ein føremonn
- Kjennskap til arbeids- og næringsliv i regionen kan vera ein føremonn
- Kjennskap til høgare utdanning og HVL sitt samfunnsoppdrag kan vere ein føremonn
Vi leiter etter desse personlege eigenskapane:
Vi søkjer ein sjølvstendig kandidat som er kreativ og initiativrik. Ein bør like- og evne å komme i kontakt med folk, vere løysingsorientert, og kunne bidra til å skape engasjement. Samstundes som det vil vere fokus på utvikling i arbeidet og målbare resultat.
Vi tilbyr:
- Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse.
- Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling.
- Høve for trening i arbeidstida.
Stillinga er løna etter Statens lønsregulativ i stillingskode 1434 - rådgjevar.
Stillingskode 1364 - seniorrådgjevar kan vurderast ved særleg gode kvalifikasjonar.
Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Korleis søke på stillinga?
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.
Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Dersom vedlegga overskrid 50 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje.
Søkjarar med utanlandsk utdanning må i tillegg dokumentere at utdanninga samsvarar med norsk bachelor-, master-eller ph.d.-grad. Sjå www.hkdir.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. (https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet/jeg-har-utdanning-fra-utlandet/sok-godkjenning-av-hoyere-utdanning-bachelor-master-ph-d)
HK-dir tilbyr automatisk godkjenning for enkelte gradar frå utvalde land. Dersom utdanninga til søkjaren er dekka av ordninga med automatisk godkjenning, vil det vera tilstrekkeleg å leggje ved dokumentasjon på dette. Du kan lese meir om ordninga med automatisk godkjenning her. (https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet/jeg-har-utdanning-fra-utlandet/sok-godkjenning-av-hoyere-utdanning-bachelor-master-ph-d/automatisk-godkjenning-et-raskere-alternativ)
Vi gjer merksam på at søknad om vurdering gjennom den ordinære godkjenningsordninga til HK-dir kan ta tid. Du bør difor sende søknad om godkjenning så raskt som mogeleg når du veit at du vil søkje på stillinga. Dersom du ikkje har fått svar frå HK-dir innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har motteke søknaden din.
Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.
Generell informasjon:
Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.
Arbeids- og opphaldsløyve i Norge er ein føresetnad for å tiltre stillinga.
Høgskulen på Vestlandet er underlagt forskrift for eksportkontrollsystem. Forskrifta kan komme til anvending i behandlinga av søknadane.
Vi tek atterhald om at stillinga si plassering i organisasjonen kan bli endra som følgje av ev. justeringar i HVL si interne organisering.
Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet er:
1) John Tveit, avdelingsleiar, +47 980 28 771
Inkludere, utfordre og samhandle
Les meir på våre heimesider. (https://www.hvl.no/)
Om arbeidsgiveren
Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 17 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.
Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.
HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Inndalsveien 28, 5063 Bergen
- Bransje: Forskning, utdanning og vitenskap, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Rådgivning
Annonseinformasjon
- FINN-kode 390399950
- Sist endret