Seksjonssjef
Høgskulen på Vestlandet
- Frist 9.2.2025
- Ansettelsesform Vikariat
Einingsleiar Studentopptak - vikariat
Avdeling for studieadministrasjon har ledig vikariat i 100 % i rolla som einingsleiar for Eining for studentopptak i tida frå april 2025 til og med februar 2026. I tillegg til leiarstillinga har eininga 11 fast tilsette og fleire mellombels tilsette ekstrahjelper deler av året.
Dei tilsette er fordelt mellom Campus Bergen, Campus Haugesund og Campus Sogndal og arbeidsstad for einingsleiar er ein av desse tre studiestadane.
Ansvars- og arbeidsoppgåver:
Til stillinga ligg ansvar for og oppfølging av personale, drift og utvikling innan fagområdet studentopptak på HVL. Eininga har i tillegg eit medansvar for fagfeltet studentrekruttering. Eininga forvaltar studentopptaket til alle dei studiepoenggivande utdanningane ved Høgskulen på Vestlandet.
Arbeidsoppgåver:
- Hovudansvar for planlegging, gjennomføring og vidareutvikling av eininga sitt fagfelt
- Fordele arbeidsoppgåver i eininga og sørge for effektiv ressursutnytting
- Bidra til å utvikle og styrke godt samarbeid både internt i eininga, med dei ulike områda i fellesadministrasjonen og med fakulteta
- Leie eininga sine prosessar knytt til rapportering, utgreiing og utvikling
Det må påreknast noko reiseverksemd mellom dei ulike studiestadane.
Mynde i stillinga er delegert frå avdelingsleiar for studieadministrasjon, einingsleiar rapporterer til avdelingsleiar.
Kvalifikasjonskrav:
Formell utdanning og kompetanse:
- Relevant høgare utdanning, fortrinnsvis på masternivå
- Dokumentert kompetanse innanfor stillinga sitt funksjonsområde
- God kjennskap til universitets- og høgskulesektoren og særleg fagområdet studentopptak
Ønska kvalifikasjonar:
- God forståing for offentleg forvaltning og god innsikt i krava som vert sett til kvalitetssikring og gode administrative tenester
- God kjennskap til Høgskulen på Vestlandet og forståing for høgskulen sitt samfunnsoppdrag
- God organisasjonsforståing
- Kunnskap om relevant lov- og regelverk
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk
Personlege eigenskapar:
- Gode leiareigenskapar og ein motiverande og inkluderande leiarstil med vekt på samarbeid og medverknad
- Evne til strategisk heilskapleg perspektiv
- Gode evner til kommunikasjon, samhandling og til å bygge tillit og skape gode relasjonar internt og eksternt
- Gjennomføringsevne og resultatorientering
- Løysings - og utviklingsorientering
Vi tilbyr:
- Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
- Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
- Høve for trening i arbeidstida
Stillinga som einingsleiar er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1211 - seksjonssjef.
Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Korleis søke på stillinga?
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.
Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Dersom vedlegga overskrid 50 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje.
Søkjarar med utanlandsk utdanning må i tillegg dokumentere at utdanninga samsvarar med norsk bachelor-, master-eller ph.d.-grad. Sjå www.hkdir.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. (https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet/jeg-har-utdanning-fra-utlandet/sok-godkjenning-av-hoyere-utdanning-bachelor-master-ph-d)
HK-dir tilbyr automatisk godkjenning for enkelte gradar frå utvalde land. Dersom utdanninga til søkjaren er dekka av ordninga med automatisk godkjenning, vil det vera tilstrekkeleg å leggje ved dokumentasjon på dette. Du kan lese meir om ordninga med automatisk godkjenning her. (https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet/jeg-har-utdanning-fra-utlandet/sok-godkjenning-av-hoyere-utdanning-bachelor-master-ph-d/automatisk-godkjenning-et-raskere-alternativ)
Vi gjer merksam på at søknad om vurdering gjennom den ordinære godkjenningsordninga til HK-dir kan ta tid. Du bør difor sende søknad om godkjenning så raskt som mogeleg når du veit at du vil søkje på stillinga. Dersom du ikkje har fått svar frå HK-dir innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har motteke søknaden din.
Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.
Generell informasjon:
Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.
Arbeids- og opphaldsløyve i Norge er ein føresetnad for å tiltre stillinga.
Høgskulen på Vestlandet er underlagt forskrift for eksportkontrollsystem. Forskrifta kan komme til anvending i behandlinga av søknadane.
Vi tek atterhald om at stillinga si plassering i organisasjonen kan bli endra som følgje av ev. justeringar i HVL si interne organisering.
Inkludere, utfordre og samhandle
Les meir på våre heimesider. (https://www.hvl.no/)
Om arbeidsgiveren
Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 17 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.
Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.
HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.
- Sektor: Offentlig
- Lederkategori: Fagleder
- Sted: Inndalsveien 28, 5063 Bergen
- Flere arbeidssteder: Bjørnsonsgate 45, 5528 Haugesund, Røyrgata 6, 6851 Sogndal
- Bransje: Forskning, utdanning og vitenskap, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Ledelse
Annonseinformasjon
- FINN-kode 390425620
- Sist endret