Avdelingsingeniør ved Institutt for biomedisin
Universitetet i Bergen
- Frist 04.02.2025
- Ansettelsesform Fast
Avdelingsingeniør
Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Video: https://youtu.be/vtJLmcUJ3-w
Avdelingsingeniør
Ved Det medisinske fakultet, Institutt for biomedisin, er det ledig ei fast 100 % stilling som avdelingsingeniør. Stillinga er knytt til studieadministrasjon ved instituttet og vil ha arbeidsoppgåver retta mot praktisk undervisning av instituttet og fakultetet sine studentar, og studieadministrative oppgåver knytt til dette.
Stillinga passar særs bra for deg som er fleksibel, liker variasjon, og tek ei utfordring på strak arm. Du må arbeide nøyaktig og effektivt, halde hovudet kaldt i hektiske periodar og bidra til det faglege og sosiale fellesskapet.
Institutt for biomedisin er eit av fem institutt ved Det medisinske fakultet og har som oppgåve å drive medisinsk forsking, rettleiing og undervising på høgt internasjonalt nivå for å oppnå fakultetet sin visjon «ny kunnskap for betre helse». Instituttet gjer det meste av forskinga si på biologiske mekanismar innan mennesket si helse og sjukdom, og har viktige oppgåver både i legeutdanninga, mastergradsutdanning og ph.d.-utdanning innan medisin, farmasi, ernæring og odontologi.
Instituttadministrasjonen gjev den faglege verksemda teknisk og administrativ støtte og har mellom anna ansvar for studieadministrasjon, forskingsadministrasjon, økonomiforvalting, prosjektstyring, personal, HMS og infrastruktur. Gruppeleiar for studieadministrasjon er arbeidsleiar og administrasjonssjefen personalleiar for stillinga.
Arbeidsoppgåver:
- teknisk tilrettelegging og assistanse ved laboratoriekurs i anatomi (makro og mikro), kjemi/biokjemi/molekylærbiologi og fysiologi
- student- og studieadministrasjon, som vil inkludere arbeid med timeplanar, eksamen og anna knytt til både kurs og emne
- koordinering av studieår på medisinstudiet
- arbeid med lekamdonasjonsordninga ved Universitetet i Bergen
- oppgåver knytt til undervisning i makroanatomi vil innebere preparering av humant materiale, i tillegg vil andre oppgåver innan makroanatomi kunne påreknast ved behov
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
- søkjarar må ha oppnådd relevant bachelorgrad innanfor dei faga som blir undervist (biokjemi, biologi, molekylærbiologi, fysiologi, cellebiologi eller kjemi), eller tilsvarande. Det er ønskeleg at kandidaten har mastergrad
- relevant praksis er eit krav
- erfaring med studieadministrative system (FS, Canvas, MittUiB, Inspera, Elements og TP) er ein fordel
- evne til å uttrykke seg godt skriftleg og munnleg på norsk (begge målformer) og engelsk er eit krav
- erfaring med undervisning og/eller formidling vil være en fordel
Vi søkjer ein person som
- har interesse for å støtte opp under forsking og undervisning og er serviceinnstilt og imøtekommande
- arbeider sjølvstendig og har god ordenssans
- har evne til å prioritere mellom oppgåver og trivst med å halde orden på fleire parallelle prosessar og aktivitetar
- er effektiv, fleksibel og ansvarsbevisst
- set seg raskt inn i nye saksfelt og har evne til problemløysing
- har god digital kompetanse og evne til å tileigne seg nye ferdigheiter
- har god gjennomføringsevne og arbeidskapasitet
- har gode kommunikasjons- og samarbeidseigenskapar
Ved vurdering av søkjaren vil vi leggje stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.
Vi tilbyr:
- Spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
- Løn er for tida kr 524 700 - 557 100 (kode 1085, lønssteg 53-57, med Bachelorgrad), Løn er for tida kr 532 200 - 604 900 (kode 1085, lønssteg 54-62, med mastergrad). Løn er brutto pr. år for ei fulltidsstilling i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
- Medlemsskap i Statens pensjonskasse
- Gode velferdsordningar (https://www.uib.no/foransatte/17399/velferd)
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: gruppeleiar for studieadministrasjon Astrid Pettersen, e-post: astrid.pettersen@uib.no, tlf. 55 58 64 44, eller administrasjonssjef Anita H. Garden, e-post: anita.garden@uib.no, tlf. 55 58 96 76
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her (https://www.uib.no/hr/74251/ansettelsesprosessen).
Om arbeidsgiveren
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Det medisinske fakultet består av fem institutt og åtte senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Jonas Lies vei 91, 5021 Bergen
- Bransje: Forskning, utdanning og vitenskap, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Bioingeniør, Ingeniør
Annonseinformasjon
- FINN-kode 390430741
- Sist endret