Beredskap- og sikkerheitssjef
Helse Førde
- Frist 16.02.2025
- Ansettelsesform Fast
Beredskap- og sikkerheitssjef
Helse Førde har ledig 100% stilling som beredskap- og sikkerheitssjef.
Oppstart i stilling ca 01.05.2025.
Vi ønskjer ein trygg, strukturert og fagleg sterk beredskap- og sikkerheitssjef.
Beredskap- og sikkerheitssjefen har det faglege ansvaret for Helse Førde sitt beredskapssarbeid og rapporterer til administrerande direktør.
Førde er administrasjonssenteret i Sunnfjord kommune og er den største byen i tidlegare Sogn og Fjordane fylke. Førde har flyplass og eit godt utbygd bussrutenett, og Bergen ligg kun ein tre timars køyretur sørover. Førde er eit handelssentrum som tilbyr mange gode tilbod innan kultur (konsertar, arrangement, kunst m.m.). Innan friluftsliv er det nærast uendelege moglegheiter. Førde ligg midt i flott vestlandsnatur omkransa av fjord og fjell, samt kort veg til kysten og havet. Tilhøva for fjellturar, langrenn, alpint, toppturar, kajakkpadling, fisking, sykling, klatring m.m. er mange og varierte. Les meir om Sunnfjord kommune.
Velkomen til Helse Førde!
Arbeidsoppgåver
- Vere pådrivar og tilretteleggjar for god kvalitet og kontinuerleg forbetring av beredskap og sikkerheit i Helse Førde
- Vidareutvikle Helse Førde sitt arbeid med førebyggande sikkerheit, inkludert å utarbeide og revidere styringsdokument, og bidra med sikkerheitsrevisjonar og risikovurderingar med vidare
- Gi råd og leiarstøtte i beredskapsplanlegging og koordinere beredskapsplanar
- Koordinere beredskaps- og sikkerheitsspørsmål på tvers av Helse Førde sine klinikkar og avdelingar
- Planlegge og organisere opplæring i beredskap inklusiv øvingar for Helse Førde sine verksemder
- Være operativ i beredskapssituasjonar, inkludert å tilrettelegge, koordinere og delta i beredskapsleiinga og rettleie avdelingar i føretaket.
- Ansvar for rapportering av hendingar internt og eksternt
- Samhandle med andre beredskapsaktørar
Kvalifikasjonar/personlege eigenskapar
- Relevant høgare utdanning
- Erfaring innan beredskap- og sikkerheitsarbeid, gjerne frå større organisasjonar eller anna offentleg
Personlege eigenskapar
- Stor arbeidskapasitet og med god gjennomføringsevne også når det er tidspress og korte tidsfristar
- Roleg og stabil i utfordrande situasjonar
- God relasjonsbygger internt, eksternt og trygg i rådgjevarrolla
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Strategisk, sjølvstendig og systematisk
- Løysingsorientert, fleksibel og serviceinnstilt
Vi tilbyr
- Vi tilbyr eit godt og utfordrande arbeidsmiljø.
- Ein spennande moglegheit for den rette personen
- Utfordrande og sjølvstendige arbeidsoppgåver i ein stor og profesjonell kompetanseorganisasjon
- Godt arbeidsmiljø og dyktige kollegaer
- Eit føretak som ligg i forkant når det gjeld bruk av elektroniske HR system
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Løn etter avtale
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Om arbeidsgiveren
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Svanehaugvegen 2, 6812 Førde
- Bransje: Drift og vedlikeholdstjenester, Helse og omsorg, Konsulent og rådgivning
- Stillingsfunksjon: Rådgivning, Sikkerhet
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Beredskap, Sikkerhet, Rådgjevar, Beredskapsleiing, Førde
Annonseinformasjon
- FINN-kode 390433848
- Sist endret