Økonomisjef
Møre og Romsdal fylkeskommune
- Frist 16.02.2025
- Ansettelsesform Fast
Økonomisjef
Møre og Romsdal fylkeskommune søker ein engasjert og strategisk økonomisjef som vil ha eit ansvar for å sikre god økonomisk styring og utvikling i fylkeskommunen.
Møre og Romsdal fylkeskommune er under omstilling for å tilpasse seg gjeldande rammevilkår og samfunnet sine framtidige behov. Som økonomisjef vil du ha ei sentral rolle i dette arbeidet. Vi ser etter deg med gode leiareigenskapar som kan balansere strategisk tenking med operativt fokus. Du må også trivast med å navigere gjennom både utfordringar og moglegheiter i ein politisk styrt organisasjon.
Som økonomisjef vil du ha eit personal- og fagansvar for ein stab innan verksemdsstyring, derunder økonomiplan, budsjett, rekneskap, og lønn. Staben består av teamleiarar for rekneskap og lønn, seks rådgivarar og tre konsulentar. Seksjonen inngår i stab for strategi- og styring, og assisterande fylkeskommunedirektør er nærmaste leiar.
Arbeidsoppgåver
- Ansvar for økonomistyring, inkludert økonomiplan- og budsjettarbeid, rekneskap og rapportering og lønn.
- Låne- og finansforvaltning
- Utvikling og implementering av strategiar for verksemdsstyring
- Sikre gode rutinar og system for økonomisk oppfølging og kontroll
- Bidra med økonomiske analysar og grunnlag for vedtak og formidling av desse
- Følge opp og rapportere på økonomiske mål og resultat
- Samarbeide tett med andre avdelingar og einingar for å sikre heilskapleg og effektiv styring
- Gjennomføring og oppfølging av kostnadseffektive tiltak og omstillingsprosessar
- Sikre etterleving av økonomiske retningslinjer og god forvaltningsskikk
Kvalifikasjonar
- Relevant høgare utdanning innan økonomi
- Erfaring med leiing og utvikling av medarbeidarar
- Gode analytiske evne og evne til å arbeide strategisk og heilskapleg, samt ha ein utviklingsdriv
- Sterke kommunikasjonsevner, både skriftleg og munnleg, og evne til å samarbeide på tvers av fagområde
- Høg integritet og evne til å sikre etterleving av etiske retningslinjer og god forvaltningsskikk
- Erfaring frå økonomi- og verksemdsstyring frå offentleg sektor er ein fordel
Personlege eigenskapar
- Strukturert og målretta
- Initiativrik og løysingsorientert
- Gode samarbeidsevner og evne til å bygge relasjonar
- Evne til å motivere og engasjere medarbeidarar
- Stor arbeidskapasitet og gjennomføringsevne
- God digital forståing
Vi tilbyr
- Ei spennande stilling i ein organisasjon i utvikling
- Eit sterkt fagmiljø med dyktige kollegaer å samarbeide med
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Lønn etter avtale
Om arbeidsgiveren
Bli med å utvikle regionen saman med oss!
Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit.
Møre og Romsdal fylkeskommune ønskjer medarbeidarar som tek ei aktiv, engasjert, reflektert og ansvarleg rolle i organisasjonen vår. Hos oss møtast menneskjer med ulik kompetanse- og utdanningsbakgrunn for å skape gode tenester til våre innbyggarar.
Møre og Romsdal fylkeskommune er oppteken av mangfald, og vi oppfordrar difor alle som er kvalifisert i henhald til stillingas krav, til å søkje hos oss. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det.
For tilsetting i skole og tannhelsetenesta krevst det politiattest av kandidater som får tilbud om stilling.
Dersom det kjem fram av din søknad at du ønskjer konfidensiell handsaming, gjer vi merksam på følgjande: Opplysningar om søkar kan gjerast offentleg sjølv om søkar har bedt om konfidensiell behandling.
Søker vil da få tilsendt informasjon om dette jf. offentleglova § 25.
Lenke til: Stabsavdelinga for strategi og styring (mrfylke.no)
- Sektor: Offentlig
- Sted: Julsundvegen 9, 6412 Molde
- Bransje: Offentlig administrasjon, Økonomi og regnskap
- Stillingsfunksjon: Økonomi og regnskap, Økonomistyring og budsjettering, Regnskap
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Økonomisjef, Økonomi, leder
Annonseinformasjon
- FINN-kode 390434435
- Sist endret