Metoderettleiar IPS Ung
NAV
- Frist 06.02.2025
- Ansettelsesform Fast
Erfaring frå IPS og arbeid med unge menneske? Då kan du bli vår nye metoderettleiar
Har du erfaring frå arbeid med IPS og frå å jobbe med unge menneske mot arbeid og utdanning? Har du tru på at alle menneske, trass i fysiske eller psykiske utfordringar kan studere eller få og behalde ein vanleg jobb? Då kan dette vere ein jobb for deg. Vi ber deg forklare i søknaden din kva som motiverer deg til å søke på denne stillinga.
IPS - ung er Individuell jobbstøtte for unge menneske frå 16 år med innsats mot både arbeid og utdanning. Det er ein metode for oppfølging av unge personar med psykiske lidingar og samansette utfordringar som ønsker utdanning og/eller arbeid, og som har behov for koordinerte teneste inkludert behandling samstundes med hjelp av ein jobbspesialist. Målet er å legge til rette for at menneske med samansette utfordringar skal få og behalde ordinær utdanning eller løna arbeid.
Nav IPS Bergen skal etablere eit nytt jobbspesialistteam knytt til Klinikk psykisk helsevern for barn- og unge i Helse Bergen HF og FACT Ung, og søker etter ein metoderettleiar. Du skal jobbe etter IPS-metodikk med innsats overfor unge (IPS-Ung) og vere metoderettleiar for eit team med andre IPS-ung jobbspesialistar. Som metoderettleiar vil du ha fagleg oppfølging av eit IPS-ung jobbspesialistteam, drive resultat- og prosessrettleiing i teamet, vere pådrivar for jobbspesialistanes marknadsarbeid, samt sikre samarbeid med aktuelle aktørar som bl.a. helsetenester, fastlegar, arbeidsgjevarar og utdanningsinstitusjonar. Metoderettleiar skal i tillegg ha eigen portefølje på ca 10 personar. Du vil vere formelt tilsett ved Nav Årstad, få kontorplass på klinikk psykisk helsevern for barn- og unge i Helse Bergen, og skal følgje opp IPS-jobbspesialistar som er kopla til psykoseteam i psykisk helsevern for barn- og ung, BUP og FACT Ung.
Ønsker du å vere med på å utvide IPS satsing mot barn og unge i Bergen?
Søk stilling hos oss, og du vil få jobbe i eit engasjert miljø med stor fagleg bredde og utviklingsfokus.
Arbeidsoppgåver
- Rettleiing av jobbspesialistar som jobbar med Individuell jobbstøtte (IPS)
- Gjennomføre teammøter, samt grupperettleiing av IPS-jobbspesialistteamet
- Evaluere arbeidsinnsats og hjelpe kvar enkelt jobbspesialist med å sette mål
- Skaffe jobbar gjennom jobbutvikling og følgje opp potensielle arbeidsgjevarar
- Oppsøke utdanningsinstitusjonar og verksemder for å skape dialog og bygge nettverk
- Følge opp eigen portefølje og med det identifisere jobbsøkarane sine interesser, sterke sider, ferdigheitar, og evner
- Rettleie jobbsøkaren i søkeprosessen
- Bidra med din kompetanse og entusiasme inn i jobbspesialistteamet
Kvalifikasjonar
Du må ha:
- høgare utdanning på minimum bachelornivå. Relevant erfaring kan kompensere for kravet til utdanning
- minimum 2-års erfaring som jobbspesialist eller metoderettleiar innan IPS
- erfaring frå arbeid med unge menneske mot arbeid og utdanning i målgruppa 16-18 år
- god kunnskap om utdanningsmoglegheiter og lokalt arbeidsmarknad
- kunnskap om, eller erfaring frå arbeid med personar som har psykiske helseutfordringar
- god datateknisk forståing slik at du klarer å handtere ulike fagsystem
Det er ønskeleg at du:
- kan vise til gode resultat på IPS
- har erfaring som leiar eller metoderettleiar med resultatansvar
Vi ser etter deg som
- er god til å kommunisere med ulike menneske og som skaper gode og trygge relasjonar
- er god til å motivere og inspirere
- kan prioritere, har god oversikt over oppgåver og evne til å handtere uventa hendingar
- trivst med å bli følgd opp på kvalitet og resultat
- er sjølvgåande og med evne til eigenmotivasjon
Vi tilbyr
- Moglegheit til å utgjere ein skilnad i ein organisasjon med eit særs viktig samfunnsoppdrag
- Ein spennande jobb i eit innovativt arbeidsmiljø, prega av kompetanse og marknadsorientert innstilling
- Opplæring, kurs og kompetanseheving
- Statleg tilsetting i stillingskode 1364 seniorrådgivar med lønsspenn frå kr. 624 500 til kr. 698 900 per år. For særskilt godt kvalifiserte søkarar kan høgare løn bli vurdert
- Gode pensjons-, låne- og forsikringsordningar i Statens pensjonskasse. Det vert trekt 2 % innskot frå løna til Statens pensjonskasse
- Fleksibel arbeidstid og moglegheit for trening i arbeidstida
Om arbeidsgiveren
Nav søkjer tilsette med hjarte for menneske og fagområda våre. Visjonen vår er å gje menneske moglegheiter, og dette gjer vi ved å utvikle Noregs beste arbeids- og velferdstenester.
Nav består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi jobbar tverrfagleg i sterke fagmiljø. Hos oss skal arbeidsmiljøet pregast av involvering, openheit og tillit.
Mangfald er viktig i Nav. Mangfald bidreg til betre problemløysing, auka kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppmodar difor kandidatar med ulik bakgrunn til å søke på stillingar hjå oss, særleg om du har hol i CV-en, innvandrarbakgrunn eller nedsett funksjonsevne.
Når du søkjer jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkjarliste. Ønskjer du å bli unntatt frå offentleg søkjarliste, må du grunngje dette. Del gjerne vitnemålet ditt eller karakterutskrift dine på vitnemålsportalen.no.
NAVstilling
- Sektor: Offentlig
- Sted: Møllendalsveien 6, 5009 Bergen
- Bransje: Helse og omsorg, Konsulent og rådgivning, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Omsorg og sosialt arbeid, Rådgivning, Veileder
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Jobbspesialist, Metodeveileder, IPS, Rågiver
Annonseinformasjon
- FINN-kode 390434720
- Sist endret