Avdelingsdirektør
Klima- og milj ødepartementet
- Frist 09.02.2025
- Ansettelsesform Fast
Vil du leie arbeidet med å nå ambisiøse mål innan avfall og ressurseffektivitet?
Kva inneber rolla:
Vi ser etter ein fagleg sterk og samarbeidsorientert leiar som kan bidra til ei god og heilskapleg utvikling av seksjonen og fagområdet. Arbeidsområda til seksjonen har stor politisk interesse, og arbeidskvardagen vil vere hektisk og prega av korte fristar. Som leiar vil du sikre framdrift i viktige langsiktige utviklingsoppgåver og sørgje for at seksjonen leverer solide faglege vurderingar. Seksjonen støttar den politiske leiinga sitt arbeid og bidreg til å iverksetje regjeringa sin politikk. Du vil leie seksjonen med åtte saksbehandlarar med tverrfagleg kompetanse. Du vil inngå i leiargruppa i Forureiningsavdelinga og jobbe tett opp mot politisk leiing.
Kva gjer vi i seksjon for avfall og ressurseffektivitet?
Seksjonen er ein del av Forureiningsavdelinga og har ansvaret for internasjonalt arbeid, EU/EØS-arbeid og nasjonal politikkutvikling innan avfallsområdet. Vi jobbar med regelverk og tiltak for å betre utnyttinga av avfall som ressurs i ein meir sirkulær økonomi, slik som auka materialgjenvinning og ombruk, ordningar for utvida produsentansvar, opprydding i marin forsøpling, farleg avfall og miljøverknader av radioaktiv stråling i Noreg. Seksjonen har ansvaret for Baselkonvensjonen om kontroll med grensekryssande transport av avfall. Vi følgjer opp EU sin handlingsplan for sirkulær økonomi frå 2020, med særleg ansvar for verdikjedene tekstilar og emballasje.
Du vil leie arbeidet i seksjonen gjennom:
- Strategisk grep om seksjonen sine ansvarsområde og utvikling av eit fagfelt i rask endring.
- Påverknad av EUs politikk, følgje opp og gjennomføre EØS-regelverk - dette er ein stor del av arbeidet i seksjonen.
- Fagleg oppfølging og kvalitetssikring på ansvarsområda til seksjonen.
- Oppfølging og utvikling av dine medarbeidarar.
- Nært samarbeid i avdelinga si leiargruppe og med andre seksjonar og avdelingar i departementet.
- Kontakt med andre departement, KLDs underliggjande etatar (særleg Miljødirektoratet), andre institusjonar, eksterne aktørar og organisasjonar.
- Etatstyring av Direktoratet for strålevern og atomsikkerheit på KLD sitt ansvarsområde og etatstyring av Miljødirektoratet på seksjonen sine ansvarsområde.
- I løpet av 2026 skal departementet flytte inn i nytt regjeringskvartal. Du vil leggje til rette for at seksjonen er førebudd på overgangen til eit nytt arbeidsplasskonsept.
Vi søker deg som har følgande bakgrunn:
Kvalifikasjonskrav:
- Relevant mastergrad
- Minst 5 års relevant erfaring frå offentleg forvaltning
- Leiarerfaring
- Departementserfaring
- Svært gode norsk- og engelskkunnskapar, munnleg og skriftleg
Vidare er det ønskeleg at du har:
- Erfaring frå saksfeltet og god kjennskap til norsk miljøpolitikk og -forvaltning
- Erfaring med EU/EØS-arbeid
Stillinga er eit embete og føreset norsk statsborgarskap. Du må også kunne sikkerheitsklarerast på nivå «Hemmelig» for å bli tilsett i stillinga.
For å lukkast som leiar må du:
- Ha stor arbeidskapasitet og kunne gå raskt inn i komplekse problemstillingar og gjere strategiske vurderingar.
- Ha god evne til å prioritere mellom oppgåver, vere grundig når det krevst og sikre gode leveransar.
- Leggje til rette for at medarbeidarane vil trivast og utvikle sin kompetanse.
- Sørgje for heilskapleg oppgåveløysing i eigen seksjon, på tvers i KLD og eksternt.
- Bidra aktivt i leiargruppa og ta medansvar for ei god og heilskapleg utvikling og styring av avdelinga.
- Ha svært gode samhandlings- og kommunikasjonsevner.
- Ha god forståing for rolla som embetsverk for politisk leiing.
Kvifor skal du jobbe hos oss?
- Du kan bidra til samfunnsmålet om eit grønt skifte og ein meir sirkulær økonomi.
- Du får ei unik moglegheit til å bidra med faglege råd for den politiske leiinga.
- Vi har eit fellesskap med engasjerte kollegaer som er stolte av jobben sin.
- Klima- og miljødepartementet gir gode utviklingsmoglegheiter.
Vi kan tilby mange sosiale, kulturelle og sportslege aktivitetar, inkludert 1 1/2 time trening i arbeidstida per veke. Vi har fleksibel arbeidstid tilpassa ulike fasar i livet, og pensjons- og forsikringsordning i Statens pensjonskasse. Lokala våre ligg sentralt i Oslo, med takterrasse, eigen sykkelparkering, og det er kort veg til offentleg transport. Vi arbeidar for fellesskap og samarbeid på tvers.
Vi er opptekne av :
Vi vil rekruttere den best kvalifiserte kandidaten til stillinga og treng derfor eit breitt rekrutteringsgrunnlag. I Klima- og miljødepartementet har vi eit personalpolitisk mål om å vere ein arbeidsgivar som speglar mangfaldet i samfunnet og som tek i bruk potensialet i befolkninga si samla kompetanse. Det betyr at vi ønskjer velkommen søkjarar med ulik arbeids- og livserfaring som av ulike årsaker ikkje kan dokumentere ein samanhengande yrkeskarriere.
Lønn:
Årsløn frå kr 1 000 000 til kr 1 200 000. For særleg kvalifiserte søkjarar kan noko høgare løn vurderast.
Frå lønna blir det trekt 2 % innskot i Statens pensjonskasse. Som tilsett hos oss blir du medlem av Statens pensjonskasse (SPK), noko som gir deg ei rekkje fordelar. Medlemskap i SPK sikrar deg ei pensjonsordning og gunstig opptening som gir økonomisk tryggleik både under og etter arbeidslivet. SPK tilbyr også gode forsikringsordningar som sikrar deg og dine næraste. Som medlem har du tilgang til gunstige låneordningar.
Er dette stillinga for deg? Les dette:
- Vi ber om at du lastar opp vitnemål/karakterutskrifter (som kan hentast direkte frå Vitnemålsportalen) og relevante attestar.
- Utanlandske vitnemål må vere godkjende, sjå meir på hkdir.no.
- Dine personopplysningar vil bli oppbevarte i samsvar med GDPR.
- Det gjerast merksam på at opplysningar om søker kan bli offentleggjorde sjølv om søker har bedt om å vere unntatt søkerlista. Søker vil bli orientert om dette på førehand.
- Kvalifiserte kandidatar med ulik arbeids- og livserfaring blir oppfordra til å søke.
Om arbeidsgiveren
Klima- og miljødepartementet har hovudansvaret for å ivareta heilskapen i regjeringa sin klima- og miljøpolitikk. Ved sidan av å initiere, utvikle og gjennomføre eigne tiltak og verkemiddel, er departementet pådrivar og koordinator for at sektormyndigheiter følgjer opp klima- og miljøpolitikken på sine område. Departementet er etatsstyrar for Artsdatabanken, Enova, Meteorologisk institutt, Miljødirektoratet, Norsk kulturminnefond, Norsk Polarinstitutt og Riksantikvaren. Klima- og miljødepartementet har om lag 260 tilsette.
Forureiningsavdelinga arbeider med strategi- og politikkutvikling og forvaltningsoppgåver retta mot forureining, miljøgifter, avfall (inkludert marin forsøpling og mikroplast), grøn skipsfart og miljøomsyn i EØS-, handels- og investeringsavtalar.
- Sektor: Offentlig
- Lederkategori: Leder
- Sted: Kongens gate 20, 0153 Oslo
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Ledelse
Annonseinformasjon
- FINN-kode 390437131
- Sist endret