Rådgjevar - arealforvaltning og timeplanlegging
Høgskulen på Vestlandet
- Frist 16.2.2025
- Ansettelsesform Fast
Rådgjevar - arealforvaltning og timeplanlegging
Om stillinga
Stillinga er plassert i Eining for areal, som tek hand om fakulteta sine timeplanar og som har forvaltningsansvar for høgskulen sine lokale.
Den som blir tilsett i stillinga vil jobbe med fakulteta sine timeplanar, arealforvaltningsoppgåver og prosjektarbeid knytt til HVL si satsning på grønare og smartare bygg. I samband med prosjektarbeidet skal den som blir tilsett gi beslutningsstøtte i form av analyser og utgreiingar. Anna rutinearbeid ved eininga og avdelinga kan også bli aktuelt.
Stillinga har arbeidsstad ved campus Haugesund eller campus Stord.
Ansvars- og arbeidsområde:
- Ansvar for fakulteta sine timeplanar.
- Arealforvaltningsoppgåver knytt til eigedom, leigeforhold, arbeidsplassareal og undervisningsrom.
- Bistå i oppgåver med vekt på berekraft og effektiv arealutnytting.
- Bidra med beslutningstøtte i form av analyse- og utgreiingssarbeid av arealbruk og energibruk.
- Bistå i arbeidet med vidare digital utvikling og monitorering av bygg.
- Arbeid med rutineoppgåver og dagleg drift ved eining for arealforvaltning.
Kvalifikasjonar:
Utdanning og kompetanse:
- Krav om høgare utdanning frå høgskule eller universitet, minimum
fullført bachelorgrad, fortrinnsvis mastergrad innanfor relevante fagområde. - Gode IKT kunnskapar.
- Gode ferdigheiter i norsk og i engelsk, både skriftleg og munnleg.
Ønskja kvalifikasjonar:
- Erfaring innan eigedomsforvaltning.
- Erfaring med bruk av UH-sektoren sine IT-verktøy og fellessystem.
- Erfaring med sakshandsaming og studieadministrativt arbeid.
Personlege eigenskapar:
- Flink til å kommunisere.
- Tillitsskapande og flink til å byggje gode relasjonar på tvers av faglege og organisatoriske skilje.
- Samarbeider godt med andre - er løysingsorentert og fleksibel.
- Tek initiativ og ansvar i oppgåveløysinga.
- Sjølvstendig og strukturert i arbeidsutføringa.
Vi tilbyr:
- Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
- Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving- og utvikling
- Høve til å trene i arbeidstida
Stillinga er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1434 rådgjevar.
Frå løna blir det trekt 2 % i innskot til Statens pensjonskasse.
Korleis søkje på stillinga?
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.
Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar.
Dersom vedlegga overskrid 50 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje.
Søkjarar med utanlandsk utdanning må i tillegg dokumentere at utdanninga samsvarar med norsk bachelor-, master-eller ph.d.-grad. Sjå www.hkdir.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. (https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet/jeg-har-utdanning-fra-utlandet/sok-godkjenning-av-hoyere-utdanning-bachelor-master-ph-d)
HK-dir tilbyr automatisk godkjenning for enkelte gradar frå utvalde land. Dersom utdanninga til søkjaren er dekka av ordninga med automatisk godkjenning, vil det vera tilstrekkeleg å leggje ved dokumentasjon på dette. Du kan lese meir om ordninga med automatisk godkjenning her. (https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet/jeg-har-utdanning-fra-utlandet/sok-godkjenning-av-hoyere-utdanning-bachelor-master-ph-d/automatisk-godkjenning-et-raskere-alternativ)
Vi gjer merksam på at søknad om vurdering gjennom den ordinære godkjenningsordninga til HK-dir kan ta tid. Du bør difor sende søknad om godkjenning så raskt som mogeleg når du veit at du vil søkje på stillinga. Dersom du ikkje har fått svar frå HK-dir innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har motteke søknaden din.
Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.
Generell informasjon:
Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.
Arbeids- og opphaldsløyve i Norge er ein føresetnad for å tiltre stillinga.
Høgskulen på Vestlandet er underlagt forskrift for eksportkontrollsystem. Forskrifta kan bli brukt i behandlinga av søknadane.
Vi tek atterhald om at stillinga si plassering i organisasjonen kan bli endra som følgje av ev. justeringar i HVL si interne organisering.
Om arbeidsgiveren
Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1900 tilsette og 16 500 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.
Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.
HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.
HVL sin fellesadministrasjon for økonomi og arealforvaltning er leia av økonomi- og arealdirektøren, som har det overordna ansvaret for området.
Avdeling for arealforvalting, drift og utvikling har ansvar for høgskulen sine drifts- og servicetenester og forvalting av areal.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Bjørnsonsgate 45, 5528 Haugesund
- Flere arbeidssteder: KLINGENBERGVEGEN 4, 5414 Stord
- Bransje: Forskning, utdanning og vitenskap, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Kontor og administrasjon, Rådgivning
Annonseinformasjon
- FINN-kode 390444346
- Sist endret