Programrådgivar og konsulent
Norec
- Frist 3.2.2025
- Ansettelsesform Vikariat
Har du lyst til å bidra til internasjonalt samarbeid og berekraftsmål?
Hos Norec får du ein spanande jobb, fleksibilitet, gode velferdsordningar – og kollegaer som brenn for oppdraget vårt.
No har vi to ledige vikariat og vi gler oss til å høyre frå deg!
Programrådgivar
Som programrådgivar får du rettleie og følg opp internasjonale utvekslingsprosjekt over heile verda. Ein variert kvardag med stort ansvar, prosjektbesøk og samarbeid på tvers av kulturar.
Vi har eit ledig vikariat frå snarast og ut januar 2026. Vi ser etter ein person som trivst med å rettleie og saksbehandle Norec sine tilskot til organisasjonar innan sivilsamfunn. Ei anna viktig arbeidsoppgåve blir å følge opp prosjekta Norec gir tilskot til, mellom anna gjennom prosjektbesøk i ulike delar av verda.
Prosjekta som får tilskot frå Norec blir gjennomført som partnarskap mellom aktørar innan sivilsamfunn, næringsliv og offentleg sektor i utvalde samarbeidsland verda over.
Norec har også tverrfaglege arbeidsgrupper internt der du som programrådgivar vil få ansvar og oppgåver ut frå kompetanse og faglege interesseområde.
For å lykkast i jobben som programrådgivar må du vere god på samarbeid og trivast med mangfald. Programrådgivarane våre kommuniserer med partnarskap over heile verda, og det er difor viktig at du har gode språkferdigheiter og formidlingsevner.
Konsulent
I stillinga som konsulent får du bidra med administrativ støtte i alt frå innkjøpsprosessar til dokumentasjonsforvalting og brukarstøtte. Perfekt for deg som likar struktur og er løysingsorientert!
I seksjon for verksemdstyring leverer vi støttefunksjonar av høg kvalitet til resten av Norec. Vi har difor god kompetanse på økonomi, rekneskap, arkiv, IT og HR. Vi er opptekne av å ta i bruk nye verktøy for å effektivisere og digitalisere, og ser alltid etter moglegheiter for å forbetre tenestene vi har ansvar for.
No er det ledig eit vikariat som konsulent frå snarast og ut 2025. Vi ser etter deg som har erfaring med innkjøpsprosessar, arkivering og anna administrativt arbeid, enten frå offentleg eller privat sektor. Du vil også bidra med oppgåver i andre deler av verksemda, i tillegg til å vere ei støtte i arbeid med interne retningslinjer og rutinar ved behov.
Du vil samarbeide tett med andre tilsette som har fagleg ansvar innan dei ulike fagområda, og saman skal de levere gode tenester til heile organisasjonen. Det er difor viktig at du er hjelpsam og løysingsorientert i møte med tilsette, leiarar og samarbeidspartnarar. Du må vere nøyaktig og arbeide strukturert, og samtidig ha ein fleksibel tilnærming til det å jobbe i ein organisasjon som stadig er i utvikling.
Les dei fullstendige stillingsannonsane på våre heimesider www.norec.no
Om arbeidsgiveren
Om Norec
Norsk senter for utvekslingssamarbeid (Norec) er eit forvaltningsorgan underlagt Utanriksdepartementet. Vi er ein dynamisk arbeidsplass med engasjerte og kunnskapsrike medarbeidarar. Norec held til i Førde, omgitt av fjell og fjordar på Vestlandet.
Norec gir tilskot til internasjonale samarbeid som jobbar for å nå berekraftsmåla til FN. Over 220 organisasjonar, institusjonar og bedrifter i Afrika, Asia, Latin-Amerika og Noreg er ein del av det internasjonale nettverket vårt.
- Nettverk: Facebook, LinkedIn
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 2
- Sted: Fjellvegen 9, 6800 Førde
- Bransje: Konsulent og rådgivning, Offentlig administrasjon, Økonomi og regnskap
- Stillingsfunksjon: Kontor og administrasjon, Prosjektledelse, Samfunnsviter
- Arbeidsspråk: Norsk, Engelsk
Nøkkelord
programrådgivning, internasjonalt samarbeid, administrativ støtte
Lyst til å jobbe saman med denne gjengen? (1/3)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 390445107
- Sist endret