Overingeniør IT-drift - st. nr. 3/2025
Høgskulen i Volda
- Frist 13.02.2025
- Ansettelsesform Fast
Overingeniør IT-drift - st. nr. 3/2025
Om stillinga
Høgskulen i Volda har ledig 1-2 faste stillingar som overingeniør. Stillingane er knytt til IT i Fellesadministrasjonen, som har ansvar for drift av høgskulen sine sentrale IT-løysningar. IT seksjonen har totalt 16 tilsette, der 3 av desse er knytt til IT-hjelp som er høgskulen si førstelinje.
Kvalifikasjonar
Søkjaren må ha relevant IT-fagleg bakgrunn frå høgskule/universitet, normalt mastergrad.
Omfattande og relevant arbeidserfaring og/eller relevant tilleggsutdanning kan i særskilde tilfelle kompensere kravet om formell utdanning.
Vidare må søkjar ha minst 4 års erfaring frå drift av større infrastruktur, skytenester og virtuelle servermiljø.Arbeidsoppgåvene kan verte endra.
Søkjaren bør ha erfaring frå arbeid med:
- Drift av Cisco nettverk
- Drift av Palo Alto brannmurløysing
- Drift og konfigureringav VMware
- Microsoft 365/ Azure
Det vil vere ein fordel med relevant praksis og kjennskap til universitets- eller høgskulesystemet. Søkjaren må ha gode norsk- og engelskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
Søkjaren bør ha god evne til samarbeid, fleksibilitet og kommunikasjon, vere kreativ og løysingsorientert og opptatt av å yte sørvis. Ein må kunne arbeide både sjølvstendig og i team. Ved vurdering av søkjarane vil dei personlege eigenskapane bli vektlagt.
Arbeidsoppgåver
Det er ønskeleg med erfaring innan fleire av desse arbeidsfelta:
- Nettverksdrift
- Lagring/ Virtualisering
- Serverdrift Windows/Linux
- Informasjonssikkerheit
- Innføring av IT-system
Vi tilbyr
Vi kan tilby eit hektisk og spanande arbeidsmiljø med stor breidde, høve til fagleg og personleg utvikling, engasjerte kollegaer, gode pensjonsordningari Statens pensjonskasse (http://www.spk.no/) og tilsettgode som moglegeheit for trening i arbeidstida.
Tilsetjing skjer på dei vilkåra som følgjer av lov om offentlege tenestemenn, regulativ, reglement og dei instruksane som til ei kvar tid gjeld for stillinga, m.a. med lovfest innskot i Statens pensjonskasse.
Stillinga er løna etter kompetanse og kvalifikasjonar i statens lønsregulativ stillingskode 1087 Overingeniør frå kr. 599 000 - 720 000.
Generell informasjon
Ved HVO er vi opptatt av mangfald. Medarbeidarar med ulik livserfaring vil gjere oss i stand til å finne gode løysingar på arbeidet vårt. Vi oppmodar difor alle til å søke stillinga utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkommen til å søke sjølv om du ikkje kan vise til ei samanhengande yrkeskarriere. Lokala er universelt utforma, og vi legg tilhøva til rette for personar med nedsett funksjonsevne.
Dersom du har nedsett funksjonsevne, innvandrarbakgrunn eller hol i CV kan du bli positivt særbehandla om du kryssar av for dette når du søker stillinga. Vi vil invitere minst éin kvalifisert søkar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli positivt særbehandla på denne måten, må du oppfylle visse krav. Les meir om dette på arbeidsgiverportalen (https://arbeidsgiver.difi.no/strategisk-hr-og-ledelse/inkluderingsdugnaden/hvordan-bli-en-mer-inkluderende-virksomhet).
Tilsetjing skjer på dei vilkåra som følgjer av lov om offentlege tenestemenn, regulativ, reglement og instruksar som til ei kvar tid gjeld for stillinga, mellom anna lovfesta innskot i Statens pensjonskasse.
Aktuelle kandidatar vert innkalla til intervju. Søkjarar som vert kalla inn til intervju, må ta med originalar av vitnemål og attestar for å dokumentere dei elektronisk innsende vedlegga.
Om søknaden
Alle som søker stillinga må søke digitalt gjennom rekrutteringsportalen Jobbnorge. Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå informasjon som ligg føre ved utløp av søknadsfristen. Det er viktig at du viser korleis din kompetanse fyller kriteria for stillinga
Offentleg søkarliste blir utarbeidd etter at søknadsfristen er ute. Dersom du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må dette grunngjevast i Jobbnorge. Du vil bli varsla om reservasjon ikkje blir tatt til følge.
Kontakt
Dersom du har spørsmål til stillinga kan du ta kontakt med IT-sjef Stig Flåskjer, e-post: stig.flaskjer@hivolda.no/tlf: +47 700 75167.
Studiebygda Volda
Midt mellom fjord og fjell på spektakulære Sunnmøre finn du Høgskulen i Volda, med sine lange tradisjonar.
Les meir på www.hivolda.no (https://www.hivolda.no/)
Video: https://www.youtube.com/watch?v=wSlL1WkuUXc
Om arbeidsgiveren
Høgskulen i Volda er høgskulen for humaniora og samfunnsvitskap i Møre og Romsdal. Vi er ein spennande kompetanseorganisasjon i vekst med om lag 4500 studentar og 380 tilsette. Vi gjev undervisning i ei rekkje fagområde, yrkesretta utdanningar og etter- og vidareutdanningar i nært samarbeid med samfunns- og næringsliv. Høgskulen i Volda driv mykje forsking og utviklingsarbeid og satsar på forskaropplæring og kompetanseoppbygging for dei tilsette i samarbeid med universitet i inn- og utland.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 2
- Sted: Joplassvegen 11, 6103 Volda
- Bransje: Forskning, utdanning og vitenskap, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: IT-sikkerhet
Annonseinformasjon
- FINN-kode 390456982
- Sist endret