Seksjonsleiar, LAR Bergen og Bjørgvin fengsel
Helse Bergen
- Frist 16.02.2025
- Ansettelsesform Fast
Seksjonsleiar, LAR Bergen og Bjørgvin fengsel
Avdeling for rusmedisin (AFR) har ca 570 medarbeidarar. Avdelinga har ein LAR avdeling, to ruspoliklinikkar, ein ambulant seksjon og fleire døgnseksjonar for både akutt- og planlagd behandling.
Vil du vere med å utvikle eit heilskapleg tilbod til rusavhengige i Bergen og Bjørgvin fengsel? Avdeling for rusmedisin søker seksjonsleiar til nytt og viktig tilbod i Bergen og Bjørgvin fengsel.
Vi veit at eit høgt antall innsette i fengsel har utfordringar med rus. Det er viktig at denne målgruppa blir gitt ein verdig medisinskfagleg og rusfagleg ivaretaking når dei skal gjennomføre straff, likeverdig tilbod pasientar utanfor fengsel får.
For å sikre behandlingstilbod til målgruppa skal AFR etablere ein ny poliklinikk i Bergen og Bjørgvin fengsel som skal gi innsette med rusutfordringar eit godt og heilskapleg behandlingstilbod. Tilbodet vil ha eit særleg fokus på perioden etter innsetting, for avrusing, nedtrapping og utarbeiding av sonings- og behandlingsplan, samt perioden inn mot lauslating. Ein slik hengekøyeforma modell vil legge til rette for at innsette med rusutfordringar får kontroll på sin rusbruk, og dermed har moglegheit til å nytte straffegjennomføringstida til opplæring, arbeid og førebuing til livet etter lauslating. Dagleg utdeling av LAR legemiddel inngår også i det polikliniske arbeidet.
Samarbeid med andre instansar i fengselet, som kriminalomsorgen, kommunal helseteneste, Divisjon psykisk helsevern, andre avdelingar i AFR og brukarorganisasjonen Wayback blir viktig. Arbeidet er eit tett samarbeid med kriminalomsorgen, og her får du ein unik moglegheit til å vere med å utvikle innhald i tilbodet og delta i etablering av ein poliklinikk i fengsel som den einaste i landet. Poliklinikken skal ha eit tverrfagleg team som består av mellom anna sjukepleiar/vernepleiar, lege, psykolog og tilsette frå kriminalomsorgen.
Seksjonsleiarstillinga er knytt til seksjon LAR og er ein del av leiargruppa i LAR. Poliklinikken blir etablert i Bergen og Bjørgvin fengsel. Seksjonsleiar organiserer den daglege drifta og må pårekne å delta i det kliniske arbeidet.
Seksjonsleiar har personalansvar og fagleg ansvar i poliklinikken. Teamet vil vere tverrfagleg samansett med mellom anna psykolog, lege, sjukepleiarar og vernepleiarar. Den endelege kompetansesamansettinga i teamet er ikkje avklart.
Seksjonsleiar skal sikre tett samarbeid om pasientane med kommunale tenester som mellom anna helseavdeling i fengsla, samt med psykisk helsevern og andre seksjonar i Avdeling for rusmedisin. Seksjonsleiar må meistre tverrfagleg arbeid og vere pådrivar for fagutvikling. Dette er eit tilbod som er i etableringsfasen der ein vil ha moglegheit for å påverke utviklinga av behandlingstilbodet.
Arbeidsoppgåver
- Bidra i utviklinga av det faglege innhaldet i behandlinga, herunder rutinar, opplæring av tilsette osv.
- Sikre den daglege drifta i poliklinikken
- Fagleg ansvar i poliklinikken
- Personalansvar
- Etablere og vedlikehalde eit godt arbeidsmiljø
- Ansvar for den systematiske samhandlinga om pasientar med psykisk helsevern, andre seksjonar i AFR, kommunale tenester og brukarorganisasjonar
Kvalifikasjonar
- Relevant erfaring som leiar er ei fordel
- Nors autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar. Andre profesjonar kan bli vurdert
- Erfaring frå arbeid innan spesialisthelsetenesta i rusbehandling eller psykisk helsevern, samt kommunale tenester vil styrke søknaden
- Leiarutdanning vil telle positivt, det same vil fagleg relevant vidareutdanning
- Kunnskap om tverrfagleg spesialisert behandling (TSB) og andre delar av tenestetilbodet innan rus- og avhengnad er ein fordel
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
- For arbeid i fengsel er det krav om utvida politiattest utan merknad
Personlege eigenskapar
- Evne til å leie medarbeidarar i oppfølginga av ein pasientgruppe med stor sjukdomsbyrde og hjelpebehov
- Gode evner til samarbeid
- Evne til systematisk og konstruktiv samhandling med samarbeidspartnarar
- Interesse for helsetenesteutvikling
- Stor arbeidskapasitet
- Du har engasjement for fagfeltet og pasientgruppa
- Fleksibel, tåler uforutsigbarheit og evner å prioritere i stressande situasjonar
- Du har gode kommunikasjonsferdigheiter
- Du har god skriftleg formidlingsevne
Vi tilbyr
- Moglegheit til å bidra i utviklinga av eit nytt og spennande behandlingstilbod
- Ein utfordrande og arbeidskvardag med varierte arbeidsoppgåver
- Kompetansehevande tiltak i henhald til behov
- Arbeid i tverrfagleg team
- Lønn etter gjeldande overeinskomst
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Øvregaten 37, 5003 Bergen
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Ledelse, Sykepleier, Vernepleier/miljøterapeut
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
seksjonsleder, seksjonsleder fengsel, Rusmedisin LAR, sykepleier, vernepleier
Annonseinformasjon
- FINN-kode 390469248
- Sist endret