Rådgivar for utvikling og samarbeid i høgare utdanning
Norges Handelshøyskole (NHH)
- Frist 09.02.2025
- Ansettelsesform Fast
Vil du vere med og forme framtidas utdanningstilbod?
Om stillinga og seksjonen
NHH søker ein rådgivar til ei spennande rolle knytt til utvikling og koordinering av utdanningssamarbeid i vår internasjonale universitetsallianse ENGAGE.EU og vårt nye studieprogram innan økonomi og teknologi.
Vi ser etter deg som er engasjert, løysingsorientert og som kan jobbe godt både sjølvstendig og i samarbeid med andre i eit komplekst og internasjonalt miljø. Du er strukturert, handterer å arbeide med ulike oppgåver parallelt og evner å få ting unna. Du er god til å bygge relasjonar og har evne til å formidle komplekse tema på ein enkel og forståeleg måte.
NHH er medlem av ENGAGE.EU, en europeisk universitetsallianse (https://www.nhh.no/om-nhh/internasjonale-nettverk/engage.eu/) med finansiering frå EU. Dette inneber eit omfattande internasjonalt samarbeid innan utdanning, forsking og innovasjon, kor NHH har ansvar for utvikling av den samla porteføljen av nye kurs, program og initiativ for utdanning. NHH har også nyleg oppretta eit nytt bachelorprogram innan økonomi og IT.
Stillinga kombinerer utviklingsarbeid og administrasjon, og du vil ha ansvar for koordinering av utdanningsinitiativ i ENGAGE.EU, samt støtte til bachelorprogrammet Business, Economics, and Data Science (BEDS). Du vil samarbeide tett med programleiarane for ENGAGE.EU og det nyoppstarta BEDS-programmet. Arbeidet inneber oppfølging av fagstab og administrasjon, både internt og internasjonalt. Du vert også ein del av vårt ENGAGE.EU-team, der du vil ha tett kontakt med koordinator og andre som er involvert i prosjektet.
Stillinga er plassert i Seksjon for utdanningskvalitet, som består av 15 motiverte medarbeidarar. Seksjonen inngår i Studieadministrativ avdeling, og saman leverer vi strategiske støttefunksjonar for fagleg leiing, kvalitetssikring av studiane, internasjonal studentmobilitet, opptak og eksamen.
Hovudoppgåver
- drive og leggje til rette for utvikling av utdanningstilbod i alliansen, med fokus på nyskaping og berekraft
- koordinere initiativ på tvers av alliansen og sikre relevans og kvalitet i samarbeidet
- planlegge og gjennomføre møter, følge opp prosjekt og sikre rapportering i tråd med retningslinjer
- gi støtte til fagmiljø og samarbeidspartnarar for gjennomføring av utdanningstiltak
- administrere utlysing, vurdering og oppfølging av prosjektmidlar til initiativ i ENGAGE.EU
- gi administrativ støtte til programleiaren og bidra til drift og systematisk oppfølging og vidareutvikling av programmet
ENGAGE.EU er eit prosjekt i utvikling, og andre oppgåver kan bli lagt til ved behov. Noko reiseverksemd i inn- og utland må påreknast.
Kvalifikasjonskrav
- relevant utdanning frå universitet eller høgskule, fortrinnsvis mastergrad
- tre års relevant erfaring, til dømes frå prosjektarbeid eller administrasjon i høgare utdanning eller liknande kunnskapsorganisasjonar
- svært god skriftleg og munnleg formuleringsevne på engelsk
- god formuleringsevne skriftleg og munnleg på norsk
- god generell digital kompetanse og erfaring med å arbeide med Office-verktøy (Word, Excel og PowerPoint) og i digitale samarbeidsflater
Det er ein føremon om du har
- kjennskap til studieprogramarbeid eller utvikling av utdanningstilbod
- erfaring frå tverrinstitusjonelt samarbeid, gjerne internasjonalt
- internasjonal erfaring i form av arbeids- og/eller studieopphald i utlandet
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som
- arbeider sjølvstendig, tar initiativ og som ser løysingar
- har driv og pågangsmot, evne til å jobbe målretta og strukturert
- har evne til å prioritere i en hektisk arbeidssituasjon, planlegge og organisere arbeidet
- er god til å bygge relasjonar, har gode samarbeidsevner og kommuniserer godt
- har god rolle- og organisasjonsforståing
NHH tilbyr
- varierte faglege utfordringar i et strategisk viktig prosjekt for NHH
- gode utviklingsmoglegheiter
- eit godt arbeidsmiljø
- fleksibel arbeidstidsordning
- gode forsikrings-, pensjons- og låneordningar i Statens pensjonskasse (www.spk.no)
- inkluderande arbeidsliv
- velferdsgode som subsidiert trening og bedriftshytte
Stillinga har kode 1434 - rådgivar og er lønna etter lønnsregulativet til staten med kr 630 000 - 700 000 per år avhengig av kvalifikasjonar. For særleg kvalifiserte søkarar kan høgare lønn bli vurdert.
Generell informasjon
NHH legg vekt på mangfald. Vi oppmodar derfor alle som er kvalifiserte om å søke stillinga utan omsyn til kjønn, alder, funksjonshemming, kulturell bakgrunn og/eller hol i CV-en.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkarar kan bli offentleggjorde sjølv om søkarane har bede om å vere unnatekne frå søkarlista. Søkarane vert orientert om dette på førehand.
Nærare informasjon om stillinga kan du få ved å vende seg til: Engage-koordinator Linda Rutledal, tlf. +47 975 30 154 og Seksjonsleiar for utdanningskvalitet, Kjetil Sudmann Larssen, tlf. +47 986 79 683.
Søknadsfrist 09.02.2025.
Søknad, CV, vitnemål og attester sendast elektronisk via Jobbnorge.
Om arbeidsgiveren
Noregs handelshøgskole (NHH) er ein av dei leiande handelshøgskolane i Europa. Vi har eit internasjonalt anerkjend forskingsmiljø og samarbeider med 195 universitet og handelshøgskolar over heile verda. NHH er førstevalet for studentar som vil ta økonomisk-administrativ utdanning i Noreg.
Aktivitetane våre er prega av høg kvalitet, sterke etiske standardar og innsats for felles mål. I tett samspel med nærings- og samfunnsliv utviklar vi og deler ny kunnskap og skaper verdiar for ei berekraftig framtid. NHH ligg i Bergen og har rundt 3 750 studentar og 455 tilsette.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Helleveien 30, 5045 Bergen
- Bransje: Forskning, utdanning og vitenskap, Økonomi og regnskap
- Stillingsfunksjon: Koordinering, Prosjektledelse, Rådgivning
Annonseinformasjon
- FINN-kode 390478141
- Sist endret