Avdelingsleiar
Helse Fonna HF
- Frist 24.02.2025
- Ansettelsesform Fast
Vil du leie eit sterkt fagmiljø i helsetenesta?
Som avdelingsleiar vil du få eit heilskapleg resultatansvar på nivå 3 for fag og kvalitet, drift, personell, økonomi og samarbeid. Du vil rapportere til klinikkdirektøren og vere ein del av leiargruppa i klinikken.
Vi ser etter deg som er initiativrik og har evne til å bygge gode relasjonar og samarbeid på tvers av faglege og organisatoriske grenser. Du inspirerer andre gjennom entusiasme og bidrar til å utvikle ein kultur for forbetring. Gjennom ditt leiarskap motiverer du til kontinuerleg og systematisk kvalitetsforbetring, nytenking, endring og omstilling.
Avdelinga du skal leie omfattar poliklinisk verksemd, dagkirurgiske operasjonar og 2 senger for inneliggande pasientar, lokalisert ved ortopedisk avdeling. Her jobbar det blant anna legar i spesialisering (LIS), overlegar, spesialsjukepleiarar, sjukepleiarar, audiografar, sekretærar og assistentar.
Arbeidsoppgåver
- Avdelingsleiar har det overordna ansvaret for personell, økonomi og fagutvikling i avdelinga
- Videreutvikle samarbeidsrelasjonar, både internt og eksternt
- Kontinuerlig og systematisk kvalitetsforbedring og videreutvikling av forbetringskultur
- Sikre at tenesta oppfyller nasjonale og lokale krav og retningslinjer
- Planlegge og legge til rette for at avdelinga blir drifta faglig godt og effektivt
- Bidra til at avdelinga støttar opp under Helse Fonna sine overordna mål
- Utarbeide og gjennomføre strategiske planer for avdelingen i tråd med overordnede føringar og innanfor rammene.
Kvalifikasjonar
- Relevant helsefagleg utdanning frå universitet eller høgskule.
- Fagleg kompetanse og erfaring innan fagområdet blir vektlagt.
- Erfaring med økonomistyring
- Grunnleggjande IKT kompetanse. Kunne nyttiggjøre seg av føretakets styrings og rapporteringsverktøy
- Erfaring frå tverrfagleg samarbeid og god organisasjonsforståing
- Leiarerfaring ønskeleg, men kan fråvikast om søkjar er villig til å ta leiarutdanning i samråd med klinikkdirektør
Personlege eigenskapar
- Er tydeleg, set mål og fylgjer opp at resultat blir skapt
- Omgjengeleg og serviceinnstilt, med gode evner til samarbeid og relasjonsbygging
- Kan leia kompetente medarbeidarar slik at de får og tek ansvar
- Involvere og tek initiativ til samarbeid med tillitsvalde og verneombud
- Evne til å arbeide sjølvstendig og i team
- God til å kommunisera og formidla mål, forventningar og retningslinjer på ein klar og tydelig måte som sikrar effektiv informasjonsutveksling
- God problemløser som jobbar godt under press, evner til å tenkja raskt å ta avgjerder og finna løysningar
- Evne til å fremja utvikling og skapa kultur for kontinuerlig forbetring
Vi tilbyr
- Fagleg og personleg utvikling
- Medlemskap i pensjonsordning, 2% pensjonstrekk, yrkesskade forsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring.
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
- Lønn etter avtale
Om arbeidsgiveren
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Karmsundgata 120, 5528 Haugesund
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Helsepersonell, Ledelse, Øre-nese-hals
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Avdelingsleiar, Øre nese hals, Lege, Helsepersonell, Motivert
Annonseinformasjon
- FINN-kode 390489141
- Sist endret