Bli lærling Bjørnafjorden kommune!
Bjørnafjorden kommune
- Frist 1.3.2025
- Ansettelsesform Lærling
Vil du bli lærling i Bjørnafjorden kommune?
Som lærling hos oss vil du få med deg verdifulle erfaringar og bygge eit solid grunnlag for å møte arbeidslivet etter læretida di er fullført.
I Bjørnafjorden kommune legg vi vekt på eit godt og tilrettelagt miljø for våre lærlingar. Du skal føle deg ivaretatt gjennom heile læreløpet. Saman med instruktør, planlegg de framdrifta i opplæringa i samsvar med din fagplan. Vi er opptatt av at du skal kjenne på både utfordringar og meistring, og at du skal trivast med å vere lærling i vår kommune.
Vi har 17 læreplassar fordelt på ulike fag ledig frå hausten 2025.
Vi søkjer etter deg som ser etter læreplass innan fagområda:
- Barne- og ungdomsarbeidarfaget
- Byggdriftarfaget
- Brannførebyggarfaget
- Helsearbeidarfaget
- IT-driftsfaget
- Service og administrasjonsfaget
- Veg- og anleggsfaget
For å søkja klikk på «Søk her» øverst på sida, og velg det faget som er aktuelt for deg.
Sjå gjerne filmen som er lenka i utlysinga. Då vil du få eit nærmare innblikk i korleis det er å vere lærling i Bjørnafjorden kommune.
Verdiar og mangfald
Som lærling i Bjørnafjorden kommune må du kunne identifisera deg med verdiane våre;
- Vi lyttar med respekt
- Vi finn smarte løysingar
- Vi gjer det vi seier
- Vi er inkluderande.
Vi ønsker å ha mangfald på arbeidsplassane som gjenspeglar befolkninga og oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søke.
Informasjon om søknadsprosessen:
Vi oppmodar til å ikkje vente med å sende inn din søknad då vi vil karleggje kandidatar fortløpande.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Vi gler oss til å ta imot nye lærlingar og håper at du ønsker å ha læretida di hos oss!
Om arbeidsgiveren
Bjørnafjorden kommune ligg i naturskjønne omgjevnader rundt Bjørnafjorden, sør for Bergen. Bjørnafjorden består av tidlegare Os og Fusa kommunar, med omlag 26.000 innbyggjarar og eit areal på 519km2.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 17
- Sted: Rådhuset, Torggata 7, Os, 5200 Os
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Helsepersonell, Teknisk personell, Undervisning og pedagogikk
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
lærling, barne- og ungdomsarbeid, it-drift, brannforebygging, veg- og anleggsfaget
Annonseinformasjon
- FINN-kode 390501011
- Sist endret