Økonomirådgivar
Statens vegvesen
- Frist 14.2.2025
- Ansettelsesform Fast
Er du den nye økonomirådgivaren vår på Leikanger?
Vi søkjer etter ein økonomirådgivar til staben i Utbyggingsområde vest i Statens vegvesen! Du blir ein del av laget som bidreg i økonomistyringa av store vegutbyggingsprosjekt i Vestland og Rogaland, med kontorstad i nyoppussa lokale på Leikanger.
Hos oss blir du ein del av eit kompetent fagmiljø med stort spenn i arbeidsoppgåver, og gode moglegheiter til personleg utvikling. Vi legg vekt på det tverrfaglege og samarbeid på tvers av fagmiljøa. Du vil arbeide tett saman med styringsstaben i divisjonen, prosjektleiarar og økonomar ute på vegprosjekta våre.
Vi tek godt i mot deg som ein del av vårt inkluderande fellesskap, der vi har eit godt arbeidsmiljø over heile landet. Hos oss legg vi dessutan til rette for ein balansert kvardag for våre medarbeidarar, gjennom gode og fleksible ordningar.
Arbeidsoppgåver
Saman med dyktige og engasjerte kollegaer skal du arbeide med budsjettering, prognoseoppfølging og rekneskap. Vi søkjer deg som kan vere med å vidareutvikle arbeidsformene våre slik at vi kan møte framtidas krav til økonomistyring på ein god måte, i tillegg til å bidra til at interne og eksterne får nødvendig oppfølging.
Dine arbeidsoppgåver vil mellom anna vere å
- sikre korrekt rekneskap
- svare ut bestillingar og ta del i økonomirapportering internt, samt utarbeide grunnlag for rapportar til Utbyggingsdivisjonen
- rådgje avdelingsleiinga og budsjett- og prosjektansvarlege på økonomiområdet
- ha ei viktig rolle i budsjett- og prognoseprosessane
- ha effektivitets- og utviklingsoppgåver på økonomiområdet
- følgje opp Proposisjonar og finansieringsavtalar
- gjennomføre internkontrollar
Ein må pårekna noko reising i denne stillinga.
Kvalifikasjonskrav
Du må ha:
- Bachelorutdanning frå universitet eller høgskule innan økonomifag. Omfattande og relevant erfaring innanfor dei aktuelle fagområda kan kompensere for manglande formell utdanning.
- Erfaring frå økonomiarbeid i statleg verksemd.
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk, og kan bruke begge målføre.
Det er i tillegg ønskjeleg at du har:
- Erfaring med bruk av ISY-prosjektøkonomi.
- God erfaring med Excel.
Personlege eigenskaper som vil bli vektlagt:
- Gode samarbeidsevner.
- At du er løysingsorientert.
- Evne til å dele kunnskap og hjelpe andre.
Dersom du har teke heile eller deler av utdanninga di i utlandet, tilrår vi ei autorisert omsetjing av papira og godkjenninga dine frå HKDIR (www.hkdir.no (http://www.hkdir.no/)).
Kvifor skal du velja oss?
Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Du påverkar samfunnsutviklinga og får bidra til framtidsretta løysingar på ditt fagfelt. Vi gir deg ansvarsfulle oppgåver og du vil få utvikle deg, både fagleg og personleg, i takt med nye utfordringar i samfunnet. Vi tek godt i mot deg, og du blir ein del av eit fellesskap med godt arbeidsmiljø i heile landet.
Vi tilbyr deg også desse goda:
- fleksitid og gode ordningar for å avspasere
- god pensjonsordning og moglegheiter for lån i Statens pensjonskasse
- moglegheit for trening i arbeidstida eller støtte til treningsaktivitet
- gode moglegheiter for fagleg påfyll
Lønn blir avtalt i samsvar med lønnspolitikken vår.
Om søknadsprosessen
Krav til søknaden
Fyll ut felta "Utdanning" og "Arbeidserfaring" og last opp relevante vitnemål og eventuelle attestar.
Positiv særbehandling
Statens vegvesen verdset mangfald og ønskjer ein inkluderande arbeidsplass. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkja. Kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn vil få moglegheit for positiv særbehandling. Les meir om positiv særbehandling på DFØ arbeidsgivarportalen.
Søkjarlista er offentleg
Dersom du ynskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må dette grunngjevast. Viss vi ikkje kan ta ynsket ditt til følgje, tek vi kontakt med deg.
Har du spørsmål om stillinga?
Kontakt leiar Kjartan Johan Hove på tlf. 90 11 05 86 for ein triveleg og uforpliktande samtale.
Om arbeidsgiveren
Statens vegvesen vil leie an i utviklinga av eit effektivt, sikkert og heilskapleg transportsystem tilpassa morgondagen sine behov og teknologi. Vi bygger, driftar og vedlikeheld riksvegane, og vi tek vare på heilskapen gjennom vårt nasjonale ansvar for beredskap på veg og ved utvikling av tydeleg regelverk og standardar for alle. Gjennom arbeid og tilsyn med trafikantar og køyretøy, ny teknologi og utviklinga av digitale tenester sikrar vi trafikantane smarte, trygge og miljøriktige transportval.
Verksemda våre er organisert gjennom Vegdirektoratet og seks nyetablerte divisjonar.
Nysgjerrig på korleis det er å jobbe i Statens vegvesen? Les kva medarbeidarane våre fortel (https://www.vegvesen.no/om-oss/jobb/medarbeiderne-vare-forteller/).
- Sektor: Offentlig
- Sted: Askedalen 4, 6863 Leikanger
- Bransje: Offentlig administrasjon, Økonomi og regnskap
- Stillingsfunksjon: Controller, Økonomi og regnskap, Økonomistyring og budsjettering
Nøkkelord
økonomirådgivning, økonomistyring, regnskap, budsjettering, økonomirådgiver
(1/4)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 390528089
- Sist endret