Eksamenskoordinator (førstekonsulent)
Norges Handelshøyskole (NHH)
- Frist 09.02.2025
- Ansettelsesform Fast
Vil du vere med å skape god eksamensgjennomføring?
Om stillinga og seksjonen
Vi søkjer deg som er løysningsorientert, strukturert og som likar rutineoppgåver. Du er sjølvstendig og tar i et tak når det trengs. Vi er på utkikk etter ein initiativrik og arbeidsam medarbeidarar til teamet vårt som trivst i eit miljø med høgt tempo.
Som vår nye medarbeidar vil du jobbe med drift av eksamensavvikling, både for digitale og papirbaserte eksamenar. Du vil delta aktivt i heile eksamensprosessen, frå planlegging til gjennomføring og etterarbeid. I tillegg vil du sakshandsame søknader og kommunisere med studentar både på e-post og telefon. Stillinga vil gje deg ei brei kontaktflate i organisasjonen, sidan du vil ha tett kontakt med vitskapeleg tilsette og andre kollegaer i administrasjonen.
Seksjon for eksamen er ein del av Studieadministrativ avdeling. Vi er ein engasjert og humørfylt gjeng med 12 tilsette, som er opptatt av å legge til rette for at studentane våre skal få ei god studieoppleving på NHH - også i samband med eksamensgjennomføringa.
*Vi søker primært etter ein fast tilsett i 100 prosent stilling. I tillegg har vi ledig eit svangerskapsvikariat med eit års varigheit.
Hovudoppgåver vil være å
- drifte eksamensprosessen frå A til Å
- sakshandsame søknader frå studentar
- rettleie studentar om eksamen
- produsere vitnemål
Arbeidsoppgåvene kan endre seg over tid.
Kvalifikasjonskrav
- høgare utdanning, minimum på bachelornivå (relevant realkompetanse kan i nokon høve erstatte utdanningskravet)
- gode digitale ferdigheiter
- gode kommunikasjonsevner, både skriftleg og munnleg på norsk og engelsk
Det er ein føremon om du har
- kjennskap til studieadministrativt arbeid, studieprogram og eksamensformer
- kjennskap til studieadministrative program som FS, WISEflow/Inspera og program for sakshandsaming
- erfaring med sakshandsaming
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som
- er strukturert, nøyaktig og opptatt av kvalitet
- er sjølvstendig og evnar å finne løysingar
- er god til å samarbeide med ulike menneske
- jobbar godt og systematisk under press og meistrar høgt tempo med knappe fristar
- er tydeleg og imøtekommande
NHH tilbyr
- jobb i ein organisasjon som utfører spennande og samfunnsnyttige oppgåver
- varierte oppgåver og utfordringar
- eit triveleg arbeidsmiljø med gode kollegaer
- fleksibel arbeidstidsordning
- gode forsikrings-, pensjons- og låneordningar i Statens pensjonskasse (https://www.spk.no/) (www.spk.no)
- velferdsgode som subsidiert trening ved Sammen og bedriftshytte
Stillinga har kode 1408 - førstekonsulent og er lønna etter lønnsregulativet til staten med kr. 509 000- 540 000 per år avhengig av kvalifikasjonar. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn bli vurdert. Eit innskot på to prosent til Statens pensjonskasse blir trekt frå lønna.
Generell informasjon
NHH legg vekt på mangfald. Vi oppmodar derfor alle som er kvalifiserte om å søkje stillinga utan omsyn til kjønn, alder, funksjonshemming, kulturell bakgrunn og/eller hol i CV-en.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har bede om å bli unnateken frå søkjarlista. Søkjarar vil bli informerte om dette på førehand.
Dersom du ønskjer meir informasjon om stillinga, kan du ta kontakt med Seksjonsleiar Inger Dagestad, Inger.Dagestad@nhh.no ( Inger.Dagestad@nhh.no), tlf. 55 95 92 09.
Søknadsfrist 09.02.2025.
Søknad, CV, vitnemål og attester sendast elektronisk via Jobbnorge.
Om arbeidsgiveren
Noregs handelshøgskole (NHH) er ein av dei leiande handelshøgskolane i Europa. Vi har eit internasjonalt anerkjend forskingsmiljø og samarbeider med 195 universitet og handelshøgskolar over heile verda. NHH er førstevalet for studentar som vil ta økonomisk-administrativ utdanning i Noreg.
Aktivitetane våre er prega av høg kvalitet, sterke etiske standardar og innsats for felles mål. I tett samspel med nærings- og samfunnsliv utviklar vi og deler ny kunnskap og skaper verdiar for ei berekraftig framtid. NHH ligg i Bergen og har rundt 3 750 studentar og 455 tilsette.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Helleveien 30, 5045 Bergen
- Bransje: Forskning, utdanning og vitenskap, Økonomi og regnskap
- Stillingsfunksjon: Kontor og administrasjon, Koordinering, Saksbehandler
Annonseinformasjon
- FINN-kode 390617605
- Sist endret