Bildegalleri
Eg veit meg ein fjord
Beskrivelse av varen
Johs. Gill
Johs. Gill vart fødd i Jøsenfjorden i Ryfylke i 1885. Han vaks opp på ein liten gard ved fjorden og levde med i det miljø han har skildra i denne boka. I 1909 tok han eksamen ved Kristiansand Lærerskole og tok til som lærar i heimbygda. Frå 1918 underviste han eit år ved Tou Brugs skole i Strand, og flytta så til Stavanger der han verka som lærar i folke- skulen fram til 1955 då han gjekk av for aldersgrensa. Som inspektør i Stavanger Turistforening har han lagt ned eit stort arbeid for utviklinga av fotturismen i Ryfylkeheiane. Nå står hans fjord føre store endringar i samband med Ulla- Førreutbygginga. Difor har Johs. Gill følt det maktpåliggande å skildra dei gamle livsformer slik dei var.
I sitt nittiande år har han nedteikna desse minner frå sin barndoms fjord. Han har skildra sin fjord, Jøsenfjorden det kan gjelda kva fjord som helst på Vestlandet. Desse levande minner fortener å verta lesne av alle som er glade i dei vakre fjordane i Ryfylke.
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 25.1.2025 kl. 14:58 ・ FINN-kode: 390632425