Bildegalleri
Pipi vurdera ein ny heim.
Beskrivelse av varen
Sterilisert, husrein hannkatt på ca 5 år, med halvlang pels som ikkje flokar.
Pipi blei funne forlatt ute som kattunge, og har vore her sidan han var ca 6-8 veker gammal. (Mor var villkatt.)
Vi hadde ein katt frå før når han flytta hit. Ho blei 18år og brått sjuk, så vi måtte ta ein trist avgjerelse. Då virka som han blei deprimert og ville ikkje ha noko med nokon av oss å gjer på fleire månadar. Han virka ensom.
Vi fekk oss ein ny katt, men det hjalp desverre ikkje.. dei går fint i hop og det har aldri vore styr.
Han er ein ekte sofagris, er glad i mat og ein sjeldan gong litt kos.
Han kan sitt, shake, give me five og kodeordet mat!
Han trives best med å vere i lag med oss, ute eller inne, uten at vi koser med han.
Det er kun eg som får løfte han, kose med han, stelle eventuelle sår, ta flått eller børste han når det trengst. Ein bestemt kar med andre ord, men går aldri til angrep eller lagar uhygge.
Her har det blitt forsøkt daglig å gi han kos, av fleire i familia, og besøk, men då blir han gjerne sur..
Eg vurdera om han kanskje hadde hatt det bedre ein annan plass? Det er aldri kjekt å skulle sende frå seg eit dyr, for her i huset er dei ein del av familien.
Om nokon treng ein god jeger, som likar å holde deg med selskap ute og inne, uten å kreve kos, så er dette katten for deg.
Han er vandt med å gå ut og inn som han vil, og vil helst vere ute på natta. Er reinsleg og lav på rang, og er kompis med nabokattane og inviterer seg sjølv inn der på både frokost og middag.
Han er også vandt til å omgås hund, då begge naboane har hund.
Om du trur denne katten kan passe hos deg, send ei melding om kva heim du kan tilby han, så tek vi det derifrå.
-Veronica
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 26.1.2025 kl. 19:52 ・ FINN-kode: 390862966