Miljøterapeut
Helse Fonna HF
- Frist 16.02.2025
- Ansettelsesform Fast
Hei miljøterapeut! Er du klar for nye utfordringar?
Vil du bli vår nye miljøterapeut som og bidra til auka meistring og livskvalitet for pasientane våre, samtidig som du blir ein del av eit team som vil at du skal lykkast!
På Sikkerhetsposten ved Valen sjukehus får du moglegheita til å jobbe i eit engasjert og tverrfagleg miljø der tryggleik, omsorg og behandling står i fokus. Her får du spennande utfordringar, fagleg utvikling og eit støttande arbeidsmiljø – med blant anna fleksible arbeidsplaner, sikkerheitstillegg og tilgang til trimrom på sjukehuset.
Sentrale oppgåver på avdelinga er å vurdere og handtere valdsrisiko og samstundes gje omsorg og behandling. Kvar pasient har eit tverrfagleg team, kor miljøpersonal, psykiater/psykolog, aktivitør og sosionom samarbeider om å balansere mellom utvikling for pasienten og tryggleik for alle. Pasientane våre kan vere innlagt over lang tid, medan andre har kortare opphald. Deira ressursar og sårbare sider er det uansett god tid til å bli kjend med.
På grunn av utfordrande og krevande situasjonar som kan oppstå med pasientgruppa, legger vi vekt på evne til å handtere slike situasjonar
Vil du bidra til å skape meining i tilværet for menneske med vanskelege tankar, åtferd og følelsar og som har utfordringar med mellommenneskelege relasjonar?
👉Søk no og bli med på laget vårt!
Blei du nysgjerrig på korleis det er å jobbe hos oss? Klikk her for å sjå filmen og bli inspirert
Arbeidsoppgåver
Kva vil du jobbe med hos oss?
- Omsorg og behandling tilpassa pasientens individuelle behov
- Observasjon og dokumentasjon av pasientforløp
- Overvåking og implementering av sikkerhetstiltak for pasient- og personaltryggleik
- Tverrfagleg samarbeid med helsepersonell som legar, psykologar og sjukepleiarar
- Kunnskap om psykiske lidingar og relevant lovverk
- Handtering av utfordrande åtferd
- Relasjonsbygging og motivasjonsarbeid for å fremje endring
- Utforming av kort- og langsiktige behandlingsplanar
Kvalifikasjonar
- Miljøterapeut der desse utdanningane kan vere aktuelle: vernepleiar , ergoterapeut, spesialpedagog / pedagog, bachelor innan idrett, helse og ernæring
- Ønskeleg med erfaring og realkompetanse innan psykiatr
- Vidareutdanning innan psykisk helsearbeid og rus er ønskeleg
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som
- har god evne til å handtere utfordrande og krevande situasjonar som kan oppstå med pasientgruppa. Vi legg vekt på din evne til å handtere slike situasjonar.
- er initiativrik, interessert og har respekt for kvar enkelt pasient
- er tilpasningsdyktig og taklar stressande sitasjonar med ro og fagleg haldning
- trivst i eit aktivt og travelt miljø
- er ein god teamarbeider og likar å jobbe tverrfagleg
- fremjar trivsel og samarbeid blant kollegaer
- etterspør rettleiing
- er lojal i forhold til avgjerdsler
Vi tilbyr
Hos oss får du:
- Eit profesjonelt og støttande arbeidsmiljø
- Kompetanseheving og utvikling gjennom rettleiing og opplæring
- Varierte arbeidsplaner med muligheter for hver tredje, eller fjerde, helg samt langvakter
- Eit sikkerheitstillegg på kr 7300 per år – som aukar med kr 3400 etter to år
- Bedriftsavtale med treningssenter og tilgang til trimrom på sjukehuset
- Midlertidig bustad, dersom du treng det
Om arbeidsgiveren
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Sjukehusvegen 26, 5451 Valen
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Helsepersonell
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
miljøterapeut, sikkerhetsposten, Valen, terapi, sykehus
Annonseinformasjon
- FINN-kode 390917327
- Sist endret