Innkjøpsrådgjevar - 100% fast
Alver kommune
- Frist 12.2.2025
- Ansettelsesform Fast
Vil du jobbe med innkjøp i Alver kommune?
Bli med på laget for å sikre gode innkjøp for Alver kommune!
Vi søkjer ein innkjøpsrådgjevar som kan bidra til å styrka innkjøpsfunksjonen i Alver kommune. Dette er ei nyoppretta 100 % stilling som ligg under tenesteområdet Eigedomsforvaltning. Eigedomsforvaltning består av fire einingar; Eigedom, Investeringsprosjekt, Samferdsle, veg, vatn og avløp og Bustadkontoret. Innkjøpsrådgjevaren vil få ei sentral rolle der vedkommande skal arbeide bredt og variert på tvers av desse einingane. Det vil og vere tett dialog med innkjøpssjefen i kommunen.
Om tenesteområdet Eigedomsforvaltning
Eigedomsforvaltning byggjar opp og forvaltar alle eigedommane til kommunen.
Vi sitt i moderne kontor på Frekhaug kommunehus. Her er det gangavstand til bussterminal og hurtigbåt til Bergen. Her sitt vi samla med andre tekniske fag og planfag. Saman skapar vi eit sterkt fagmiljø.
Arbeidsoppgåver
- Planlegga og gjennomføra anskaffingsprosessar i henhold til regelverk om offentlege anskaffingar
- Bistå einingane med ulike innkjøpsfaglege behov og problemstillingar
- Kontraktsoppfølging
- Handsame innsynkrav og klager
- Forbetra interne innkjøpsprosessar og rutiner
- Opplæring
- Internkontroll
For å lykkast i denne rolla ser vi for oss at du har
Nødvendige kvalifikasjonar;
- Relevant høgare utdanning på bachelornivå. For eksempel innan økonomi og administrasjon, juss eller økonomi. Arbeidserfaring med offentlege innkjøp kan kompensere for manglande formell utdanning
- Kommuniserer godt skriftleg og muntleg
- Kan jobbe godt både sjølvstendig og saman med andre
Ønskelege kvalifikasjonar;
- Erfaring innan offentlege anskaffingar
- Erfaring med digitale konkurransegjennomføringsverktøy og kontraktsadministrasjons verktøy
Vi søkjer deg som
Vi ser etter ein innkjøpar som samarbeider og kommuniserer godt både med kollegaer, tilbydarar og leverandørar. Ettersom kommunen ikkje har eit stort innkjøpsmiljø, må du evne å ta ansvar og initiativ. Du bør med andre ord være sjølvstendig, strukturert og serviceinnstilt. Du må kunne finne eigne løysingar og ha evne til å gjennomføra desse. Det er også fordelaktig om du har kommersiell teft og evne til å forstå markedet du jobbar med.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Kva kan vi tilby deg?
- Du kjem til ei teneste med godt arbeidsmiljø og dyktige kollegaer
- Du vil få utfordrande og meiningsfulle oppgåver
- Du vil få varierte arbeidsdagar med sjølvstendig arbeid
- Fagleg utvikling
- Gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP
- Lønn og tilsetjingvilkår etter avtale
- Ein trygg og god arbeidsplass
Om arbeidsgiveren
Alver kommune - Ein spennande organisasjon for engasjerte og kompetente medarbeidarar!
Velkomen til Alver kommune, ein kommune som har vakse til å bli ein av dei største kommunane i fylket. Med om lag 30 000 innbyggjarar og 2 700 dedikerte tilsette, har vi eit sterkt samfunn som søkjer å løyse utfordringar og utvikle seg vidare.
Vår plassering nord for Bergen gir oss privilegiet av ei variert og fascinerande natur. Frå rolege fjordar og opne havområde til majestetiske fjell og lokale toppar, byr Alver kommune på ei rekkje utandørs opplevingar. Vi er også stolte av å huse verdas beste korps og vere vertskap for eit rikt kulturliv.
Vi verdset meiningsfulle oppgåver og ser på kvar einaste medarbeidar som ein verdifull bidragsytar til vårt viktige samfunnsoppdrag. Som ein del av vårt team vil du få moglegheita til å engasjere deg og bruke din kompetanse til å forme framtida til vår kommune. Vi legg vekt på å skape eit arbeidsmiljø der du kan utvikle deg.
Bli med på vårt eventyr i Alver kommune, der vi søkjer etter dedikerte og dyktige menneske som ønsker å vere ein del av vår felles suksesshistorie. Vi ser fram til å ønskje deg velkommen og gi deg ei meiningsfull og givande karriere hos oss.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Havnevegen 41A, 5918 Frekhaug
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
- Bransje: Eiendom, Offentlig administrasjon, Økonomi og regnskap
- Stillingsfunksjon: Innkjøp/forhandling
Nøkkelord
innkjøp, offentlige anskaffelser, forhandlinger, innkjøpsrådgivning, eigedom
Annonseinformasjon
- FINN-kode 390919778
- Sist endret